– Urimeleg tolking av Grunnlova

lorange backer 2
Inge Lorange Backer er Noregs fremste ekspert på miljørett.

Frå fagleg hald er det eit alminneleg synspunkt at dommen bør ankast, seier jussprofessor Inge Lorange Backer til Dag og Tid, i ein større reportasje avisa har om klimarettssaka. Det som har skapt mest diskusjon i dei juridiske miljøa, er at tingrettsdommen ser vekk frå utsleppa frå eksportert olje og gass. Det er den svakaste sida ved dommen, meiner Backer. Han får støtte frå kollega Jan Fridthjof Bernt, som kallar det «fullstendig skivebom».

Du kan lese heile reportasjen i Dag og Tid her: Del 1 og Del 2

Professor Inge Lorange Backer er ein føregangsmann innan miljøretten og hadde meir enn éin finger med i spelet då den nye miljøparagrafen vart einstemmig vedteken av Stortinget 25. mai 1992. No seier han til Dag og Tid at «resonnementet til retten gjer at paragraf 112 mistar heilt verdi i klimaspørsmål. Det er ein såpass urimeleg konsekvens at det i seg sjølv er grunn til å få saka vurdert på nytt. Det er ikkje grunn til at ansvarsfordelinga etter internasjonalt avtaleverk skal vere avgjerande for tolkinga av Grunnlova. Vi har mange døme på at norsk rett går lenger i å setje miljøkrav og -rettar enn det vi har folkerettsleg plikt til.»

Jan Fridthjof Bernt

Professor Jan Fridthjof Bernt jamfører tolkinga til tingretten med det å ikkje ta ansvar for skadeverknadene ved å skyte opp ein rakett så lenge han landar i eit anna land. Argumentet om at dette føgjer av at Noreg gjennom folkeretten berre står ansvarleg for klimautslepp på eige territorium, bles han av. «Det er fullstendig skivebom, for det handlar om to ulike spørsmål. Det eine er kva Noreg har forplikta seg til overfor andre land gjennom avtalar. Det andre er kva Stortinget har forplikta seg til overfor borgarane i sitt eige land gjennom Grunnlova.»

Tidlegare høgsterettsdommar Ketil Lund representerte Besteforeldrenes klimaaksjon under rettssaka. Også han er sterkt kritisk til at den norske produksjonen som går til utlandet for brenning og utslepp, vert sett som irrelevant, og at dommen berre vurderer dei isolerte effektane av dei ti aktuelle utvinningsløyva, utan å sjå dei i kontekst med utsleppshistorikken og som eit fyrste steg i ei storstilt utvinning i Barentshavet. Med det har tingrettsdommen innskrenka retten i paragraf 112 så mykje at paragrafen står att utan innhald, meiner han. «Legg vi tingrettstolkinga til grunn, får paragrafen inga betydning for klimaet og truleg lita betydning òg når det gjeld andre miljøspørsmål. For miljøinngrep går som oftast inn i ei historisk lang kjede med skadelege inngrep», seier han til Dag og Tid.

Frå klimarettssakas første dag: Ketil Lund held sitt innlegg på vegner av Besteforeldreaksjonen.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Gro Nylander | 22.01.2018

    Strålende kommentarer fra tre fremstående jurister!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*