• EMNER:
  • PUBLISERT:
    torsdag 25. aug 2016
  • AV:
    Redaksjonen

Med nål og tråd i klimakampen

kloden dør 2Kunnskap. engasjement og etisk refleksjon er stikkord når Strilabiblioteket inviterar til ein haustserie med tre store arrangement om klima og global oppvarming. Det første gjeng av stabelen 2. september, og her er det samfunnsengasjert tekstilkunst det dreier seg om. Prosjektleiar er bibliotekar og leiar i Besteforeldrenes klimaaksjon, Halfdan Wiik. – Vi tek for gitt at alle opplyste folk veit at vi har ein alvorleg situasjon, så det skal vi ikke mase meir om, seier han.  Spørsmålet no er korleis vi best kan møte denne utfordringa, som kreative menneskjer, saman med borna våre og dei som skal ta over den verda vi har skapt.

– Jeg har et veldig sterkt klimaengasjement og fant ut at jeg kunne brodere i kampen for klimaet, sier Elisabeth Tveter Briseid til Asker Budstikka. Foto: Trine Jødal

– Foto: Trine Jødal / Asker Budstikke

Geriljabroderi og naturens kraft
Fredag 2 september kl 13.00 opnar Lindås bibliotek utstillinga: «Med nål og tråd i klimakampen». Hit kjem Elisabeth Tveter Briseid frå Drammen og syner fram geriljabroderia sine – med tankar, slagord og viktige spørsmål til deg og meg. Den tidlegare læraren har vekt oppsikt med si originale utstilling. – Eg er så glad i handarbeid, og som bestemor er eg kjempeengasjert i klimaet. Så byrja eg å kombinere desse to tinga som ligg hjartet mitt så nært, og starta å brodere ut frustrasjonen, seier ho.

Saman med geriljabroderia stiller vi ut andre «mjuke handarbeidsprosjekt» der tradisjonell kvinnekultur møter politiske utfordringar. Biletkunstnarane Elisabeth T. Medbøe og Marthe Sveen Edvardsen har initiert eit eige strikkeprosjekt for å spreie kunnskap om Grunnlovens miljøparagraf. Strikkande folk over heile landet tek del i prosjektet; alle som vil kan vera med! Resultatet – som stendig veks seg større og mektigare – er Paragriffen, ein fargerik drake som symboliserar menneskja si tilknyting til og avhengighet av naturen.

paragriffen stortinget

Opningsarrangementet 2. sept vert fulgt opp seinare i haust med to andre arrangement: Eitt for for born  og unge der temaet er «Retten til ei berekraftig framtid» (6-7 okt) – og eit for dei vaksne (2 nov) der temaet er klima, juss og etikk: «Kor stor risiko har éin generasjon lov å utsetje neste generasjon for?» Prosjektleiar Halfdan Wiik legg vekt på at klima ikkje er for dei spesielt interesserte. – Alle opplyste folk veit at vi har eit veksande problem og at noko må gjerast. Målet med desse arrangementa er å utforske handlingsalternativ – basert på kunnskap og folkeleg medverknad, seier han.

logo strilabib

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*