– Eg tillet meg å vere litt frekk

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    tirsdag 29. mar 2016
  • AV:
    Redaksjonen
Erna_narr
TVILSOMME KLIMAMÅL. Noreg skal kutte utsleppa med 40 prosent innan 2030. Det har ikkje Ola Dimmen stor tiltru til.

Eg meiner det må vere tillatt å bruke humor og satire også i noko så alvorleg som klima og klimakampen, seier besteforeldreaktivist i Trondheim, Ola Dimmen. På nettstaden www.klimasatire.no morer han seg sjølv og andre med fantasifulle biletmontasjar der leiande politikarar får gjennomgå for det han meiner er eit påfallande dobbeltspel. – Vi veit at det meste av olja og gassen i verda må bli liggjande om det ikkje skal gå heilt gale. Likevel satsar Noreg for fullt i Arktis, som om klimaproblemet ikkje var oppdaga! Eg trur vi treng ei skikkelig folkevekking i landet vårt. Og då må vi mobilisere kjensler og fantasi, ikkje berre intellektet.

Vi treng nytenking
Den pensjonerte ungdomsskulelæraren er mest kjend som tekstskrivar til mange klimasonger, og for sin velklingande kassegitar. Men han har fleire strenger å spele på, og er glad for å kunne  bidra også med kommentarar i form av biletmontasjar. – Internett og datamaskinen gir oss jo heilt nye mogleigheiter for å klippe og lime av hjartans lyst. Når eg set heile Solberg-regjeringa ut på drivisen, med smil om munnen og brennande olje i bakgrunnen, er det for å vise at dei står kollektivt ansvarlege for ein politikk som etter mitt syn er nokså bevisstlaus – og der dei burde gå i tur tenkjeboksen i staden.

Frozen sea

– Det er sikkert nokon som synest at noko av dette er på kanten. Men eg tillet meg altså å vere litt frekk og setje tingene på spissen. Der står dei best, som ein har sagt. Det er elles alt for lett å la seg dysse i søvn av ordstraumen frå den politiske eliten, der hensikta er at vi skal venne oss av med å tenkje klårt og der det gjeld å dekkje over dei alvorlege sjølvmotseiingane i det vi driv med.

– Vi som er fødd på solsida, trur at verda er til for oss. Og at sola vil fortsette å skine, same korleis vi ber oss åt. Det har forskrekka meg å sjå kor lite nytenkjing som skjer, kor lite respektert vitskapeleg kunnskap eigentleg er, og kor unnvikande mange av dei er, dei som skulle vere leiarane våre. Som gammal lærar veit eg at særleg unge menneske etterlyser ærlege svar og ikkje den utålelege sjølvtilfredse tåketalen som blir servert på politiske møter, i debattar på TV og så bortetter.

– Samtidig tenkjer eg at fråværet av fornuftig leiarskap også kan få oss til å vakne. Det er noko av dette eg prøver å formidle i montasjane mine. Når vi høyrer politikarane snakke gir dei inntrykk av å ha forstått klimaalvoret. Men dei har ikkje fått det inn i hjartet, og er ikkje på langt nær så redde som dei burde ha vore. Vi treng humor og ironi for å møte nytalen deira. Vi må få latteren på vår side! Eg tenkjer at den folkelege mobilisereinga vert viktig, og kanskje avgjerande, også om Besteforeldreaksjonen skal vere med å reise rettsak mot staten for brot på Grunnlova § 112.

I basen www.klimasatire.no ligg bileta i mini-format og kan med eit klikk hentas opp i høg oppløysing. Dei er alle til fri bruk for alle som ønskjer, understrekar Ola Dimmen.

Det kan bli vått i Erna Solbergs heimby om ho får gjennomslag for sin politikk, og andre land legg seg på samme låge ambisjonsnivå.

Det kan bli vått i Ernas heimby om andre land legg seg på same låge ambisjonsnivå som Noreg.

Tvillingsjeler
Elefanten_irommetny

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Finn Bjørnar Lund | 01.04.2016

    Kjempebra bilder! Jeg er enig i at vi må bruke satire som strekker tankene og provoserer følelsene.

  2. Martin Lindal | 03.04.2016

    Dette er kunst Ola. Stå på . Flott initativ.

    Martin Lindal

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*