Med ord og tonar for seniorar

NinaEit femtitals frammøtte deltok i allsongen saman med rangleorkesteret og var oppmerksame tilhøyrarar då Besteforeldreaksjonen vitja Senioruniversitet i Trondheim i går. Tidlegare lokallagsleiar Otto Martens fortalte om oppstarten i 2006, kva tankar han har for framtida – og vår rolle som den generasjonen som framleis kan stogge ei farleg utvikling. Medan Nina Weidemann hadde teke på seg å orientere om Klimavalgalliansen og det arbeidet som vert gjort for å få klima på dagsorden ved valet denne hausten. Ikkje alle er klar over det, men det er mykje kommunar og fylke kan gjere med problema, understreka ho.

Liv og lære
Sjølv tok eg for meg den norske klimapolitikken, seier Ola Dimmen, som óg er musikalsk leiar for rangleorkesteret. Eg er oppteken av gapet mellom ord og handling. Vi veit at det meste av olja og gassen i verda må bli liggande om det ikkje skal gå heilt gale. Likevel satsar Noreg for fullt i Arktis, som om klimaproblemet ikkje var oppdaga!

Vi som er fødd på solsida, trur at verda er til for oss. Og at sola vil fortsette å skine, same korleis vi ber oss åt. Det har forskrekka meg å sjå kor unnvikande politikarane våre er. Men fråværet av fornuftig leiarskap kan også få oss til å vakne. Det perspektivet håpar eg vi nådde fram med. Vi delte ut brosjyrer og reklamerte for Besteforeldreaksjonen, så får vi sjå om vi får nokre nye medlemmer, også. Eit hyggeleg og positivt arrangement var det i alle fall, der vi fikk opp humøret og spelte på den gode kjensla av fellesskap som songen bidreg til.

???????????????????????????????

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*