Med bilde og humor som våpen

Frozen sea

Vi kan ikkje la politikarane våre fortsette med dobbeltspelet, og med tompreiket, seier besteforeldreaktivist Ola Dimmen i Trondheim. Når vi høyrer dei snakke gir dei inntrykk av å ha forstått klimaalvoret, men dei har ikkje fått det inn i hjartet, og er ikkje så redde som dei burde ha vore. Følgjene av dagens politikk med til dømes fullt oljekjøyr i Arktis kan bli katastrofale. Vi treng ei skikkelig folkevekking! Og då må vi mobilisere kjensler og fantasi, ikkje berre intellektet. – Mange kjenner Ola som musikalsk leiar og låtskrivar for Besteforeldrenes populære rangleorkester. Men han brukar også bildet som våpen i den folkelege klimakampen.

  – Vi som er fødd på solsida, trur at verda er til for oss. Og at sola vil fortsette å skine, same korleis vi ber oss åt. Det har forskrekka meg å sjå kor lite nytenkjing som skjer, og kor unnvikande alt er. Som lærar veit eg at unge menneske etterlyser ærlege svar og ikkje den utålelege sjølvtilfredse propagandaen som blir servert på politiske møter, i debattar på TV osb. Men fråværet av fornuftig leiarskap kan óg få oss til å vakne. Det er noko av dette eg prøver å formidle i billedmontasjane mine. Vi treng humor og ikkje minst ironi for å møte nytalen. Vi må få latteren på vår side! Eg tenkjer at klimakrisa er ei krise for demokratiet. Og på Grunnlovens miljøparagraf som sleg fast at alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der mangfaldet blir halde ved lag. Eg trur på etikken i dette, og at framtida kan kome til å innehalde overraskingar for dei som trur at dei kan halde fram med business as usual. Eg treng vel ikkje nemne namn?

Regjeringen meiner «naturen har flytta iskanten», og vil flytte oljeutvinninga etter.

Regjeringen meiner «naturen har flytta iskanten», og vil flytte oljeutvinninga etter.

«Før hadde vi en stat som eide et oljeselskap. Nå har vi et oljeselskap som har en stat.» Johan Galtung

«Før hadde vi en stat som eide et oljeselskap. Nå har vi et oljeselskap som har en stat.» Johan Galtung

Det kan bli vått i Erna Solbergs heimby om ho får gjennomslag for sin politikk, og andre land legg seg på samme låge ambisjonsnivå.

Det kan bli vått i Erna Solbergs heimby om ho får gjennomslag for politikken sin, og andre land legg seg på samme låge ambisjonsnivå.

Kor e alle helter hen? Stå opp igjen,  Zorro kom tilbake Kem ska redde verden no? Jan Eggum

Kor e alle helter hen? Stå opp igjen, Zorro kom tilbake. Kem ska redde verden no?
Jan Eggum

«Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten»

«Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten»

«Bi på oss, til vi er ferdige  med dansen  kring gullkalven.  Bi på oss  i dykkar  morgonland.» Ingebjørg Kasin Sandsdalen

«Bi på oss, til vi er ferdige med dansen kring gullkalven. Bi på oss i dykkar morgonland.» Ingebjørg Kasin Sandsdalen

Hør her, no må vi slåss for klima, framtida treng ikkje fleire ord! Det er seint men vi kjem aldri til å gje oss, vi skal slåss for våre barn og vår eiga jord!

Hør her, no må vi slåss for klima,
framtida treng ikkje fleire ord!
Det er seint men vi kjem aldri til å gje oss,
vi skal slåss for våre barn og vår eiga jord!

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*