Store brester i Stoltenbergs klimapolitikk

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    tirsdag 3. sep 2013
  • AV:
    Redaksjonen

Det er ingen grunn til å tvile på Stoltenberg sitt engasjement når det gjeld klima. Men berebjelkane i klimapolitikken hans har svikta, skriv ein av landets fremste miljøjournalistar, Per Anders Todal i Dag og Tid. Han har satsa på internasjonale prosjekt med uvisst utfall, og lagt lita vekt på å få til sikre utsleppskutt heime. Men Kyoto-avtalen er ikkje fulgt opp av meir ambisiøse avtalar, og EUs kvotesystem har langt på veg kollapsa. Noregs såkalla overoppfylling av Kyoto-måla kaller Todal «luft og lureri». Det er gjort mogleg ved å betale for klimaprosjekt i u-land, som eit slags avlat for eigne utslepp. Men ordninga er dessverre full av brester.

Store vyar, små kutt

Den norske regjeringa ønskjer seg ein forpliktande, global avtale for å få ned klimagassutsleppa. Og dei norske forhandlarane har truleg gjort sitt beste, skriv Todal. – Men alle dei internasjonale klimaforhandlingane dei siste åra, frå København til Cancun til Durban, har vore mislukka.

Per Anders Todal skriv om klima i vekeavisa Dag og Tid

Per Anders Todal skriv om klima i Dag og Tid

 – Jens Stoltenberg er ein stor tilhengjar av kvotehandel, som vil seie å handle med utsleppsløyve for klimagassar. Kostnaden ved kjøpe CO2-kvotar skulle redusere utsleppa i EU og EØS-landa. Men ei overflod av kvotar, eit veikt system og iblant rein svindel har gjort ordninga svært lite effektiv. Kvotehandelen har ikkje redusert dei europeiske utsleppa nemneverdig.

 – Den raudgrøne regjeringa har vore betre til å tenkje globalt enn til å handle lokalt. Noregs klimagassutslepp var i fjor fem prosent større enn i 1990. Dette trass i at utsleppa frå norsk industri har minka med nær 40 prosent i same periode, grunna nedleggingar og tekniske framsteg.

 – Medan dei samla norske utsleppa har gått opp, har dei svenske gått ned, og er per innbyggjar er under halvparten av dei norske. Svenskane har mellom anna satsa stort på bioenergi og fjernvarme til oppvarming, og på biodrivstoff til transport. Dei har òg nytta seg meir av miljøavgifter og gjeve kommunane meir ansvar for miljøtiltak.

Les heile artikkelen til Todal: Store vyar, små kutt

  

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*