Det e ijt berre pæng vi træng!

Rangleorkesteret i sving på Nordre i Trondheim
Besteforeldrenes rangleorkester i sving på Nordre gate i Trondheim.

Det er stortingsvalg i høst – Vi vil ha klimavalg!
La dæm høre folkets røst – Vi vil ha klimavalg!

Syngjande gateaktivistar er ikkje kvardagskost i gamlelandet. Men i Trondheim har dei kasta seg utpå, med uhøgtidelege tekstar til fengjande melodiar – og eige rangleorkester. «Vi skal skape liv og røre og få fokus på klima», fortel songskrivar Ola Dimmen. «Vi er eit stuntband der folk kan bli med på kort varsel, og vi ønskjer å gi uttrykk for engasjementet og vitaliteten i Besteforeldreaksjonen.»

Med song og godt humør – for våre barnebarn

– Song og musikk er også viktig for oss sjølve, og vi treng å vise at vi brenn for det viktigaste av alt: framtida og barna, seier Ola Dimmen. Til dagleg er han musikklærar i ungdomsskolen og har spelt ein del på gata før i tida.

Det er jo reine Frelsesarmeen, dette?

– Ja, kvifor ikkje? Why should the Devil have all the good songs! Eg fann ut at vi måtte kunne synge og spele saman og kanskje bruke litt idear frå gateteater og Stomp som verkemiddel for å få fram bodskapen.

«Stomp» – kva er det for noko?

– Kort sagt ein musikkform som produserast ved å lage rytmer ved hjelp av tinga du har rundt deg til dagleg, som til dømes søppelkasser, kroppen og enkle heimelaga instrument. Det er mange fine stomp-innslag å finne på You-tube for den som er interessert.

I Trondheim har dei akkurat starta, men skal stå på framover, lover Ola. Tekstane og ideane håper han kan takast i bruk av besteforeldre og andre klimaaktivistar rundt om i landet.

Det er stortingsvalg i høst …

Mel: ”Pay me my money down”, trad. D-dur.

1. Det er stortingsvalg i høst
Vi vil ha klimavalg
La dæm høre folkets røst
Vi vil ha klimavalg
Vi vil, vi vil
vi vil ha klimavalg
La dæm høre folkets røst
vi vil ha klimavalg
2.  Nordpolisen smelte bort
havnivået stige fort
3.  Lofoten må vær i fre
Havet må ijt bygges ne
4.  Statoil driv med tjæresand
ødelegge jord og vann
5.  Stortinget dæm tenke pæng
(evt: Jens og Erna tenke pæng)
Det e da ijt berre pæng vi træng
6.   Regjeringa må handle no
(evt: Stoltenberg og Borten Moe)
har dokk tenkt å gjørra no?

HER FINN DU FLEIRE AV OLA DIMMEN SINE KLIMASONGAR

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*