Ynskjer å vera del av løysinga

timoKlimadugnaden her i Eidfjord tykkjer eg var sers vellukka, seier Timo Knock som er biblioteksjef i kommunen og som tok på seg ansvaret for eit vekelangt arrangement i samarbeid med Besteforeldreaksjonen. Klimaendringane vart sett på dagsorden og arrangementa nådde ut til mange grupper i lokalsamfunnet, frå born i småskulen til lokalpolitikarane. Han strekar under at sjølv om aksjonsveka no er avslutta; vil han halda fram med å publisera og dela informasjon om Besteforeldrenes klimaaksjon og relevant forsking på biblioteket si facebook-side. – Stor takk til alle som stilte opp, både som bidragsytarar og publikum!

Kan gjerast mykje lokalt
Ikkje alle er klår over oppgåva folkebiblioteket har med å vera «ein uavhengig arena for offentlig samtale og debatt», som det heiter i biblioteklova. Det har tysknorske Timo Knock i den vesle hardangerbygda Eidfjord med tusen innbyggjarar teke på større alvor enn dei fleste. Då Besteforeldreaksjonen tok kontakt med kommuneleiinga i vår for å høyra om dei ville vera med på årets klimadugnad, kom svaret straks: Snakk med Timo!

Resultatet vart det mest ambisiøse opplegget til no i «Klimadugnad Hordaland», og byrja med at Halfdan Wiik fekk høve til å tala for heile kommunestyret ved opninga av møtet måndag 31. oktober. – Det var ei stor ære, seier han. Eg valde å leggja vekt på at me ikkje kjem til ein stad som dette for å fortelja lokalpolitikarane kva dei skal gjera. Nokon må kanskje minna dei på at det er mogleg å gjera ganske mykje i kommunal regi. Men det er opplyste folk som veit at me har eit alvorleg felles problem. Talen hans kan du sjå og høyra her.

tale-eidfjord

Då kommunestyret seinare i møtet behandla saka om innkjøp av ein skulptur til skulpturparken i sentrum av bygda, gjekk dei inn for å bevilga 150 000 kronar ekstra for å få han produsert i Noreg framfor å frakta han heilt frå Kina. I debatten vart det vist til innlegget frå Besteforeldrene, fortel Timo Knock som også er kommunestyrerepresentant (AP). – Dette er vel det mest konkrete resultatet av Klimadugnad 2016 i Eidfjord! Men vi fekk óg ein god debatt rundt cruisetrafikken, som er viktig for bygda, men der ein må få inn landstraum til båtane slik at det vert gjort noko med dei store utsleppa vi plagast med.

ellen-viste

Klimaforskar på besøk
Besøket til Ellen Viste frå Bjerkenessenteret for klimaforskning var eit høgdepunkt for tredjeklassen på Lægreid skule i klimadugnadsveka. Elevane hadde hatt om vatnkretslaupet i naturfag og hadde førebudd ei mengd spørsmål. Dei var spent på å møta ein ekte klimaforskar, og somme vart tydeleg overraska då det synte seg at forskaren var ei dame! I nærare to timar heldt dei på, stilte spørsmål, lytta til Ellen og kom med nye spørsmål. – Det var riktig hyggjeleg å møta folk i Eidfjord, både foredragspublikummet på biblioteket og tredjeklassingane som var veldig interesserte, seier Ellen Viste. Med slik nysgjerrigheit kan det bli gode forskarar av heile gjengen!

– Eg veit at eg talar for fleire enn meg sjølv når eg seier at me ynskjer å vera ein del av løysinga, og ikkje ein del av klimaproblemet, seier Timo Knock. «Klimadugnad 2016» tykte eg umiddelbart var ein god idé. Det har ført saman lokale krefter, og eg håper at desse vert synlegare i lokalsamfunnet etter dette. Både som innbyggjar i Eidfjord, i Noreg og i verda, som far og ikkje minst som biblioteksjef og lokalpolitikar ser eg fram til eit vidare samarbeid med Besteforeldrenes klimaaksjon.  Kanskje me skal byrja tenkja på å invitera til ein Klimadugnad 2017!?

facebook-eidfjord-bilde

Spre klimavett,
del denne saken!

4 kommentarer

  1. Finn Bjørnar Lund | 11.11.2016

    Kjempebra at dere fikk til dette.
    Her er noe vi også bør klare å få til i eller utafor Oslo!

  2. Brita Helleborg | 11.11.2016

    Gratulerer. Veldig inspirerende lese.

  3. Steinar Høiback | 12.11.2016

    Dette var hyggelig lesning. Imponerende og inspirerende for oss andre.
    Gratulerer så masse med en imponerende innsats

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*