Med ny fasade

frp klima
Medan livsfarleg varme råkar Europa er FrP oppteken av å bagatellisere klimautfordringane.

FrP har pussa opp klimafasaden sin. Der Carl I. Hagen var gamaldags faktafornektar og ikkje ‘trudde’ på global oppvarming, har partiet no køyrt fram Tor Mikkel Wara som talsperson. Han avviser ikkje at menneska påverkar klimaet. I staden hevdar han at frykta for klimakatastrofe er overdrive, og ikkje noko vi treng uroe oss særleg for.

Ny høgrepopulistisk klimaprofil

Wara med kronikk NRK 23. juni: Mange av oss vart først oppmerksomme på Tor Mikkel Wara i si nye rolla då han i ein kronikk hevda at det er journalistene som bles opp klimaproblema: «Konsekvensene av slik dommedagsjournalistikk kan være alvorlige, både for publikum og pressen selv.»

Wara i Ole Asbjørn Ness sin podcast: Den som vil skaffe seg nærare kjennskap til FrPs nye profil kan sjå den timelange samtala med Wara der han får lov å breie seg (til nesegrus beundring frå Ness), medan han hånar og latterleggjer det meste av norsk klimaforståing og klimapolitikk: «Klimapolitikken er en bortskjemt unge.»

Wara i Dag og Tid 10. juli: I eit lengre intervju med vekeavisa Dag og Tid utdjupar Tor Mikkel Wara synspunkta sine frå m.a. NRK-kronikken:

  • Ja, klimaendringar skjer, og dei er i stor grad menneskeskapte.
  • Nei, klimaendringane er ikke faretruande, og dei fleste vil i røynda få det betre også utan klimatiltak, både i Noreg og elles i verda.
  • Ja, vi treng klimatiltak, men dei må ikkje hemme veksten i økonomien.
  • Men tilgong på billig energi er avgjerande også for vår evne til å takle klimaproblem.
Langt frå føre var

Det er kome fleire reaksjonar på utspela til FrPs nye klimapolitiske talsperson. Mellom desse er:

I Dag og Tid 17. juli har Halfdan Wiik frå BKA denne korte kommentaren til intervjuet med Tor Mikkel Wara:

Det eg les ut av intervjuet med Tor Mikkel Wara i siste nummer av Dag og Tid, er at han er smartare enn Carl I. Hagen. Elles er FrP sin klimapolitikk i full strid med føre var-prinsippet, slik han alltid har vore.

For om ein blankt avviser at vi har menneskeskapte klimaendringar – som Hagen – eller bagatelliserer konsekvensane, som Wara gjer, kjem ein i praksis fram til det same: Dette er ikkje noko vi treng å bekymre oss for. Det er journalistane og miljørørsla som har piska opp frykta for klimakrisa, utan at forskinga gir grunnlag for det.

Wara viser til rapporten ‘Norge i hardt vær’. Der finn han at klimaendringane ikkje utgjer nokon alvorleg trussel mot norsk økonomi. Merkeleg nok har han ikkje funne det som står i kapittel 5: «Svært alvorlige konsekvenser som blant annet endring av havstrømmer, havforsuring, nedsmelting av innlandsisen på Grønland og Antarktis, nedsmelting av tundraen eller mulighet for andre typer vippepunkter i form av økologisk kollaps er i liten grad dekket i utvalgets rapport.»

Her er vi ved kjernen i saka. Rett nok seier Wara at vi treng meir forsking på vippepunkt. Gjerne det. Men det dei som skal arve denne jorda, først og fremst treng, er politikarar som forstår og respekterer ei tydeleg verdibasert tenking: at risiko for alvorleg eller irreversibel skade er tilstrekkeleg grunn til å setje inn førebyggjande tiltak, sjølv om den vitskaplege kunnskapen er usikker eller ufullstendig. Her har FrP framleis ein lang veg å gå.

Halfdan Wiik
medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Jarle Sylta | 17.07.2026

    Halfdan gjev eit godt tilsvar på Waras lettvinte forsøk på å gjera klimaarbeid til lått og løye.Det triste er at det framleis er mange som fornektar eller er skeptiske til at klimaendringane utgjer ein trussel for liv og helse framover.
    Vona må vera at me i 2026 kan koma i gang med naudsynte tiltak og ta føre-var-prinsippet på alvor.Klimadebatten må ikkje kjørast i revers attende til 1980-talet.

  2. Finn B. Lund Lund | 19.07.2026

    Landene sør for oss melder om tusentalls mennesker som er døde på grunn av ekstremvarme (som for en stor del er direkte relatert til klimaendringene) bare i juni i år. FRP-frontfigurene prøver samtidig å fortelle at klimaendringene ikke er faretruende. Når ikke engang akutte dødsfall og helseproblemer regnes som alvorlige konsekvenser, er dette ytre høyre -partiet i ferd med å gjøre seg sjøl til latter.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*