Begeistrar dei unge!

fest trh 1

Du har vel høyrt at dei unge ikkje lenger er opptekne  av klima og miljø? – Då skulle du vore i Trondheim i dag – og sett på folketoget og gjengane av ungdom som sto langsmed ruta og klappa og ropte begeistra til flokken frå Besteforeldrenes klimaaksjon som marsjerte forbi med eiga fane og felles song: – «Alle barn skal arve jorda!»

17. MAI VART EIN FLOTT festdag i Trondheim i dag, fortel Ola Dimmen, som var forsangar for dei feirande besteforeldra og deira familiar. Dei var møtt av heiarop og hyggelege tilrop langs heile togruta, seier han. – Som alltid var folketoget fylt av musikkorps og dans og forsterkarannlegg, men vi klarte likevel å smette inn nokre songar og heiarop for klima medan korpsa tok pause!

– Viss vi brukar responsen i 17. mai-toget som meningsmåling, så er er vi absolutt blant dei mest populære her i Trondheim i alle fall. Når vi får så positiv støtte frå folk og spesielt frå ungdom, er det jo ein fryd å stå på vidare for oss i BKA og dei verdiane vi held så høgt.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*