
«Vi er hamna i eit hol, og må slutte å grave», er overskrifta BKA-ar Ingunn Elstad brukar på ein vidtfemnande kronikk i Nordnorsk debatt. Poenget er: Når ein først har innsett at ein er på feil kurs, er det viktig å stoppe opp før skaden blir større. Problemet med norsk oljepolitikk, er at vi ikkje vil sjå at vi ligg på ein kurs som ber galt av stad.
Den første internasjonale konferansen for utfasing av olje og gass var i Colombia i april. 57 nasjonar deltok. Det blir fortald om løfta stemning hos deltakarar som endeleg fekk diskutere klimaløysingane, korleis utfasinga skal gjennomførast.
Noreg var representert ved Miljødepartementet, som har gjort grundige utgreiingar om norsk omstilling, men har liten påverknad i olje- og gasspolitikken. Noreg nytta ikkje sjansen i Colombia, og forplikta seg ikkje til å planlegge utfasing. Neste års møte blir i Tuvalu i Stillehavet, ein av øystatane som minkar fordi havet stig.
Ingen veg tilbake
Det er no løysingane trengs. Krigen i Midt-Austen har endra fossilindustrien for alltid; skaden er skjedd, det er ingen veg tilbake, seier Fatih Birol, direktør for Det internasjonale energibyrået IEA. Birol seier at landa no snur seg mot trygg energiforsyning. Tiltrua til fossile brennstoff er tapt.
Under energikrisa i 2022, etter Russlands invasjon av Ukraina, «hjelpte» Noreg EU med gass til krigsprisar. EU prøvde å prute på prisane, trappa opp rein energi og reduserte gassimporten. I dag må mange land subsidiere drivstoffutgiftene på kort sikt, og samtidig få fart på omlegginga til trygg energi. Tyskland har for eksempel spart gassimport for 1,3 milliardar euro berre ved å installere varmepumper.
Fossilalderen går mot slutten i heile verda, og konkurransen om ressursar og marknadsdelar er beinhard. Fossiløkonomien fyrer opp om konfliktar, krigar og folkemord. Olje- og gassanlegg er krigsmål i Midt-Austen, Ukraina og Russland. Equinor tok inn nesten 6 milliardar i profitt frå krigen berre i mars.
Det blir planlagt ny storsatsing på norsk sokkel. Stemninga skal ha vore høg under Barentshavkonferansen i Hammerfest 15. april. Ein snakka om gassutvinning i 100 år. Energiminister Aasland lova enorme muligheiter «som vi må gripe». Noreg er den største petroleumsprodusenten i Vest-Europa, og den mest aktive i Arktis etter Russland. I dag satsar fossilstatane milliardane på investeringar som kan halde oppe produksjonen når ressursane minkar. Noreg opnar felt som har vore stengt i 30 år, og deler ut 70 nye leitelisensar, over halvparten i Barentshavet. Det vil ikkje hjelpe på bensinprisane; det kan ta tjue år å få produksjon i gang i Arktis.
Sokkeldirektoratet har i mange år insistert på at over 60 prosent av dei uoppdaga ressursane på sokkelen ligg i Barentshavet, særleg i den nordlege delen, havet rundt Svalbard, som ikkje er opna for olje og gass. «Uoppdaga ressursar» vil seie at geologien kan tyde på petroleum utan at der er gjort funn. Det er altså usikkert.
Verdfullt og sårbart
Petroleumsaktivitet undergrev helse og miljø i alle delar av verda. Melkøya-saka viser at eit gassfelt kan true natur og menneskerettar i store landområde, og beslaglegge kraft i ein heil region. Kortvarig petroleumsaktivitet kan gjere slutt på varige verdiar.
Fiskebestandane, som alltid har gitt oss mat og kan gi mat til nye generasjonar, er pressa frå fleire kantar, også av olje og gass. Oljealderen i Noreg begynte med lekkasjar, utblåsingar og nasjonal bekymring for livet i havet. I nord har vi hatt ei rad konfliktar mellom befolkninga og oljestyresmaktene. Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, som hadde lokallag rundt i landet, informerte og aksjonerte til utbyggingsplanane vart lagt bort i 2019.
Barentshavet ligg nord for Finnmark og Nordvest-Russland, på lengde mellom Nordkapp og Novaja Semlja. Sokkeldirektoratet har oppretta så mange leiteblokker at Barentshavet på kartet deira er strekt forbi Finnmark og Troms til Vesterålen. Blokker er lagt nær land, «i fjæresteinane».
I det grunne Barentshavet møtest varmt, atlantisk vatn med kaldt, polart vatn. Dette er oppvekstområdet for torsk, hyse, sild og lodde. Her finn sel, kval og sjøfugl mat. Særleg i iskantsona er det enorm vekst av forskjellige plankton på våren, og forskarane har i mange år prøvd å få verna heile området. Storparten av Barentshavet er definert av forvaltinga som særleg sårbare og verdfulle område, SVO. Det er lov å drive oljeleiting i SVO-område når ein tar hensyn.
Seismikk blir brukt kontinuerleg under leiting og utvinning; ein skyt med luftkanonar under vatn. Forskarar har forklart at seismikken vil kunne drepe yngel og anna liv i nærleiken, og torsk og hyse flyktar i ein avstand på over 30 km. Ein kan altså ikkje fiske i dei felta. Når fisk blir skremt bort av seismikk under gytevandringane, går det ut over gytinga og overlevinga til yngelen. Havforskningsinstituttet skriv: «Stedet og tidspunktet for gytingen er ikke tilfeldig. Eggene vil bli gytt på et tidspunkt og på et sted der de kan drive med havstrømmene og klekkes i et område med rik tilgang på mat.»
Barentshavet vart opna for leiting alt i 1980, og året etter fann Equinor gassen som inngår i Snøhvitfeltet, det første og einaste store gassfeltet i Barentshavet. Den blir gjort flytande på Melkøya og skipa ut som LNG. Det er ikkje transportrør for gass i Barentshavet. I dei 46 åra som er gått, er det i følgje Sokkeldirektoratet bora meir enn 150 leitebrønnar i Barentshavet. Funna er stort sett få og små. Utanlandske oljeselskap har trekt seg ut for fleire år sidan. Likevel blir det delt ut fleire leitelisensar. To gongar har Equinor utsett utbygging av det nordlegaste oljefeltet Wisting. To andre oljefelt er i drift, Johan Castberg og Goliat. Det er planar om å utvide den siste.
Kall det noko anna
Canada og Grønland innførte i 2016 og 2021 stans (moratorium) i offshore olje- og gassleiting i dei arktiske områda. Arktis blir definert ulikt, men i denne samanhengen omfattar det heile området nord for polarsirkelen. EU har vedtatt å arbeide for moratorium på olje og gass i sin strategi for Arktis, som skal fornyast i år. Storpolitikk og finans møter vippepunkta som FN’s klimapanel åtvarar mot – tining av permafrosten, havisen og Grønlandsisen. Forskarane og klimabevegelsen følgjer med.
Statsminister Støre har protestert til EU. Klimastiftelsen si nettavis Energi og Klima følgjer opp saka, og har intervjua Tore Guldbrandsøy i analysebyrået Rystad Energy, som gir råd til regjeringa i olje- og gasspolitikken.
Utgangspunktet til Rystad er at energiomstillinga vil mislykkast. Guldbrandsøy meiner at det vil vere høg etterspurnad etter gass i Europa også etter 2040: “Det er et scenario der man ikke når netto null. Gassimporten forsvinner ikke…Vårt grunnscenario ligger nærmere 1,9 graders oppvarming. Det reflekterer utviklingen vi faktisk ser”.
Den utviklinga må stoppe!
Regjeringa sine rådgivarar held seg kalde. Gass produsert med kraft frå land skal seljast som “lågutsleppsgass”. Ein skal ikkje snakke om dei store forbrenningsutsleppa, berre om fossilproduksjon med større og mindre karbonintensivitet.
Gulbrandsøy seier at dersom det blir satsa tidleg og raskt på gassutvinning i Barentshavet, kan Noreg skaffe mykje av gassen EU treng. Wistingfeltet blir framheva, men Wisting er eit oljefelt. Når det gjeld moratoriet, kan EU kalle regionen noko anna. Ved å snevre inn definisjonen av Arktis, kan EU takke nei til fossil energi frå Grønland eller Sibir, og ja til norsk gass frå Lofoten, Hammerfest og Bjørnøya. Samtidig, seier han, kan ein ha god dialog med samiske samfunn, og stille strenge miljøkrav.
Tanken som ligg bak er kanskje at når isen smeltar, blir mesteparten av det vi kallar Arktis borte, og treng ikkje vern lenger.
Ifølgje Financial Times 22. april argumenterer Noreg med at den opne delen av Barentshavet ikkje liknar det ein vanlegvis forstår som Arktis, det er isfritt og lett tilgjengeleg, og ingen isbjørnar. Det er muleg at EU gir opp motstanden mot boring i Arktis for å sikre samarbeidet med energileverandøren Noreg i krisetider. Det blir avgjort til hausten. Energi og klima skriv at EU sin spesialrådgivar for Arktis, Jyrki Katalainen, sit i leiinga i Nordea, som har petroleumsinteresser i nord. Nordea definerer Arktis som «offshore-anlegg innenfor den sørligste utstrekningen av vinterhavisen nord for polarsirkelen.»
Er det fossilinteressene som skal definere nordområda, der fleire millionar menneske har sin heim?
Vendepunkt i Arktis
Turistar kjem med fly i skarar for å oppleve snø og is før det tar slutt. I Barentshavet går den globale oppvarminga aller fortast, og påverkar resten av kloden.
I april vart det kjent at straumsystemet Amoc i Atlanterhavet kan bli svekka mykje raskare enn venta. Golfstraumen vår er ein del av Amoc, som fraktar soloppvarma vatn frå tropane mot Europa og Arktis, der det blir avkjølt, søkk til djupet, og strøymer sørover att. Sirkulasjonen er blitt svekka fordi havet i Arktis er mykje varmare og søkk seinare. Isen som tinar tilfører ferskvatn som også søkk seinare. Forskarane fryktar at Amoc kan kollapse i dette hundreåret, i levetida til dei som er barn i dag. Ein slik kollaps kan gå fort, og vil få katastrofale følgjer for liv og matproduksjon på tre kontinent. I Vest-Europa kan vintrane bli ekstremt kalde – 50 grader minus. Om somrane blir det tørke.
Det kjem så nært, det er vanskeleg å ta inn over seg. Arktis er regionen der klimasystemet kan bikke over, iallfall dersom utviklinga får fortsette. Det er kjent kva vi kan gjere her i Noreg. Besteforeldrenes klimaaksjon samanfatta på siste landsmøtet: «Stortinget må snarast råd vedta ein plan for full utfasing av norsk olje- og gassutvinning både på norsk sokkel og i utlandet. Stortinget må stoppe all norsk oljeleiting.» Til det trengst klimaalliansar, heile vegen frå Stillehavet og heim.
Kjelder:
– «Vi er hamna i eit hol …»The Circle 2023, World Wildlife Fund.
– Rapportar frå Havforskningsinstituttet: 25.02..2019, oppdatert 21.07.2024; 26.02.2020; 14.03.2025.
– Rystad Energy: Sandøy, Guldbrandsøy, Busby 24.02. 2026: EU Arctic policy review: Barents gas could hold the key for Europe’s energy security and supply diversification.
