Med allsong i folketoget

BKA 17 mai i fjor
Trondheim 17. mai 2025: BKA-arane var eit populært innslag i folketoget.

I år som i fjor skal Besteforeldrenes klimaaksjon i Trondheim delta i det store folketoget 17. mai. Det er ein hyggjeleg tradisjon når alt som kan krype og gå av frivilligheit, organisasjonsliv, idrett og kultur, viser seg fram. Det er korpsmusikk, dans og turn, – og då skal også vi i BKA hive oss på med allsongen vår, fortel Ola Dimmen.

17. mai 2025: Per Bjørn Foros stemmer opp med dei unge på nasjonaldagen.

Av Ola Dimmen,
bestefar, musikant og aktivist

Vi brukar eit berbart forsterkaranlegg montert på barnemeis og håpar på å få med oss mange andre i songen. I år stiller vi òg med nye tekstar, til melodiane  «Norges skaal/For Norge, kiempers fødeland» og «Nisser og dverge». Desse melodiane har nasjonal appell.  «Norges skaal» vart skrive av Johan Nordahl Brun som var fødd i Trondheim og enda opp som biskop i Bergen etter studietid i København der han var med i Det norske selskab. Det kan vel ikkje vere vanhelgande å gje drikkevisa til biskopen ny tekst? Den handlar jo blant anna om piger vin og song!

Ein veit jo aldri kvar ein hamnar i dette digre toget. Det kan vere midt mellom reggae-klubben med dundrande forsterkaranlegg og musikkorpset til jernbanen, så vi får kryssa fingrar og håpe på det beste. Det er i alle fall ein veldig fin måte å vise seg fram på, for byen er full av folk som likar å sjå på borgartoget som det offisielt heiter, men som vi vil kalle folketoget.

Vi hadde ei lita generalprøve på Nordre gate laurdag 9. mai, og songane fungerte fint. Alle kan jo melodiane, så kanskje kan desse songane også brukast andre stadar i landet?

På Nordre gate laurdag 9. mai. Ola Dimmen med kassegitar. Foto: Yngve Vogt

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Siri Lappegård | 15.05.2026

    Strålende!
    Dette vil jeg ta med videre!
    Takk og hilsen fra Siri

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*