Møt BKA på Haugalandet

Tysvær Bygdeblad
«Gjengen som står på for å skaffe merksemd om klimaforandringar og naturtap.» Foto: Marit Tvedt / Tysvær Bygdeblad

«Me eldre har ikkje bruk for å bli underhaldt. Me vil bety noko, bidra i samfunnet», skreiv ein innsendar til Tysvær Bygdeblad. Det gjorde at journalist Marit Tvedt tok kontakt med Besteforeldrenes klimaaksjon på Haugalandet, og resultatet vart ein heilsides reportasje – som avisa har gitt oss ein kopi av, til glede for BKA-folk landet rundt.

Marit Tvedt har møtt Liv Samuelsberg, som sjøl bur i Tysvær: – Er det ikkje tungt å arbeide med ein sak som krev så mykje av både enkeltpersonar og samfunn?
– Det er alltid noko som avsporar, men det må me leve med. Me må fortsette å kjempe, finne metodar der me kan, og få fleire med oss. Dei fleste av deltakarane i BKA har vore med sidan 2016. Men miljøengasjementet har mange av oss hatt heile livet.
– Kva appell har organisasjonen her på Haugalandet?
– Eg har inntrykk av at folk kjenner oss, når me kjem med dei raude hattane våre så veit folk kven me er.

Journalist Marit Tvedt har òg snakka med Hanne-Lise Rundhaug frå Haugesund, som har vore med lenge og som i Besteforeldrenes klimaaksjon har funne folk ho synest det er utruleg kjekt å vere på lag med, seier ho. – Eg synest det er flott å treffe kunnskapsrike, kloke og også uformelle menneske som arbeider for ein så viktig sak!

Sjå reportasjen i Tysvær Bygdeblad 29. januar: Meniningsfull pensjonstid
Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Silvia Kriz | 12.02.2026

    Inspirerende lesing! Hurra for den aktive gruppen på Haugalandet. Veldig kjekt å samarbeide for å få til en grønn allianse som omfatter hele Rogaland 😊

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*