Arbeid i olje-Noreg

oljeriggarbeider
Fra Pixabay. KI-generert

Klimaendringane driv fram flaumar og stormar der tusenvis av liv går tapt. Å bremse global oppvarming er ikkje muleg utan at fossilt brennstoff blir fasa ut. Men kva med arbeidsplassane? Er heller ikkje desse så gode som vi i olje-Noreg har vent oss til å tru? Har vi eit realistisk bilete av tilhøva når no Melkøya-saken skal avgjerast?

Denne kronikken har nyleg  stått i Nordnorsk debatt og er skriven av Ingunn Elstad. Ho er tidlegare professor i sjukepleie ved Universitetet i Tromsø, og har i mange år vore leiar for Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms.

Farleg gass

Arbeidsplassane i olje og gass blir rekna som særleg verdfulle i Noreg. Dei er ikkje veldig mange, men skaper enorme eksportinntekter, og jobbane har vore godt betalt. Arbeidsforholda har vore mindre kjent, til journalistar i VG sommaren 2025 starta eit uavhengig graveprosjekt ved Equinor sitt gassanlegg på Melkøya. Først i juni dokumenterte VG at arbeidarar var blitt forgifta av gass. Det vart referert i fleire media, og energiministeren måtte forklare seg for Stortinget.

Avsløringane heldt fram. I rystande artiklar gjennom sommaren og hausten avdekka VG lause tilsettingsforhold, arbeidsskadar og systematisk diskriminering, som leiarar på ulike nivå prøvde å halde skjult. Kvar gong svara Equinor: Det skal vere trygt å jobbe på Melkøya.

NRK og Altaposten følgde opp avsløringane. Elles vart det dørge stilt i pressa. Det var som om ingen las VG lenger. Valkampen gjekk sin gang, det vart reklamert for arbeidsplassar i olje og gass, men det vart ingen debatt om arbeidsforholda. Først då Equinor gav ut ein rapport i november, kom saka opp att i pressa. Kanskje ein ikkje ville lage problem for prestisjeprosjektet «Snøhvit Future», elektrifiseringa av Melkøya, som 70 prosent av befolkninga i Finnmark er mot, som Sametinget har anka til retten, og som Stortinget skal behandle 5. februar?

Arbeidsforhold på Melkøya

VG intervjua Gerhard Nelson, som har lang erfaring med sikkerheit i oljeindustrien. Han var innleigd på Melkøya då gassalarmen gjekk ei natt i april 2025. Arbeidarane kjente ei kraftig lukt. Det brann på tunga. Dei fekk beskjed frå Equinors ansvarlege om å fortsette. Folk jobba i sju timar, vart stadig dårlegare, med naseblod, hud som løysna frå ganen, oppkast, hovudverk og hukommelsestap. Dei kom først til lege etter to dagar (VG 01.06., 05.07., 10.07.2025).

VG dokumenterte at arbeidarar vart gassforgifta på Melkøya fire gongar i 2024-2025. Ansvaret for arbeidsforholda ligg hos operatøren Equinor, som seinare oppgav at 37 personar i alt måtte på legevakta, og ni fekk sjukefråvær. Det vart snakka om ein «mystisk sjukdom», men symptoma kan passe med benzenforgifting, som er ein kjent yrkesrisiko i oljeindustrien. Fleire oljearbeidarar har døydd av kreft etter eksponering for benzen. Gassen kan også skade nervesystemet og genane. Benzen finst naturleg i råolje, og gass-straumen som blir tatt opp kan innehalde benzen (Arbeidstilsynet 2021: Grunnlag for fastsettelse av grenseverdi, Benzen). I følgje Havindustritilsynet har Equinor mangelfull kontroll med benzen på anlegga (BA 13.12.2025). Hausten 2025 vart Equinor anmeldt og bøtelagt fordi arbeidarar på Mongstad var blitt utsett for massiv eksponering.

Benzen er farleg i svært små konsentrasjonar. EU sin grenseverdi er nær null, men skal først innførast i Noreg i 2028 (SG Safety 2025). Gassen er flyktig. VG dokumenterte tilfelle der arbeidarar som ville til legen, vart hindra og hefta på ulike måtar. Då prøvane omsider vart tatt, var det ikkje noko å finne.

Gerhard Nelson peikar på at oljeselskapa taper enorme summar når arbeidet blir stansa av sikkerheitsgrunnar. Midt i juli 2025 stengte Havindustritilsynet området med gasslekkasjane, til Equinor kunne fastslå at det var trygt. Tilsynet fann at sjukdomsårsaka kunne vere benzen, men det var lite sannsynleg, og let seg ikkje påvise. Equinor konkluderte at dei fleste målingane av benzen og andre flyktige stoffar var kortvarige, og sannsynlegvis vart ingen varig skadde. Då var fleire arbeidarar framleis sjuke (Equinor 18.11, NRK 18.11.2025).

Kva er ein arbeidsplass?

Arbeidsforholda varierer. Den polske arbeidaren Wojtek Gross sa at å arbeide direkte i norske selskap og i bemanningsbyrå var som natt og dag (NRK 28.10.2025). Tillitsvalde på Melkøya seier at dei kjenner det trygt å gå på jobb, men uttrykker bekymring for dei som er innleigde (NRK 15.07.2025).

Equinor oppgir at om lag 500 personer jobbar ved anlegget, pluss lærlingar og entreprenørar. Med leverandørar, underleverandørar og konsumverknader er i alt 1450 årsverk «knyttet til» eller «bidrar til» Melkøya. Mange leverandørar har også oppdrag i andre næringar.  I Finnmark budde det ikkje meir enn 124 sokkeltilsette i 2024, i følgje «Levert-rapporten», som Kunnskapsparken i Bodø, Equinor og fleire oljeselskap gir ut. Grunnen er begrensa rekruttering av arbeidskraft i fylket. Der er få arbeidslause og store avstandar. Oljeselskapa har lenge hatt vanskar med å få fagfolk, og ikkje berre i Finnmark. Derfor er fleirtalet av arbeidarane på sokkelen i Finnmark langpendlarar frå Noreg eller utlandet. Mange er frå Aust-Europa.

Olje- og gassindustrien er ei global næring med internasjonale nettverk, og Equinor er eit av dei store internasjonalt selskapa. Også mange leverandørar opererer internasjonalt. VG skriv at dei utanlandske arbeidarane ofte er hyra inn via bemanningsbyrå «på bunnen av en lang kjede av underleverandører».

På botnen av kjeden

Det finst klart gode arbeidsplassar i olje og gass. Men altfor mange er helsefarlege og utrygge, særleg i sjølve utvinninga. Årsakene ligg først og fremst i oljeøkonomien. Arbeidsforholda er ein av grunnane til å krevje utfasing og planmessig omstilling bort frå olje og gass.

Havindustritilsynet (då Petroleumstilsynet, 2023) har analysert endringar i arbeidet på sokkelen. På heile sokkelen er installasjonane digitaliserte og nedbemanna. Olje og gass blir tatt opp med ubemanna teknologi på havbotnen, for eksempel i Snøhvit-feltet. Det blir færre faste arbeidarar offshore, og meir innleige. Arbeidsbelastning og tempo aukar, med mindre kontroll over eigne arbeidsoppgåver, og større risiko for feil og glipp, personskadar og storulykker. Dette er globale tendensar.

Mykje av arbeidet er farleg. Stortingsrepresentantar meinte at tempoet på Melkøya-utbygginga kan gå ut over arbeidsmiljø og sikkerheit. Equinor erkjente i sin rapport at det var svært travelt då prosjektet starta opp, og risikovurderinga var utilstrekkeleg (Equinor 18.11.2025).

Utvinning av ikkje-fornybare ressursar vil gå i bølgjer, med mange folk i oppstarten av eit prosjekt, og nedbemanning når prosjekt blir avslutta og feltet tømt. Det lønner seg å ha arbeidarar på «fleksible» avtalar. Hovudregelen i norsk arbeidsliv skal vere fulle, faste stillingar. Det gjeld ikkje for 83 900 «ikkje-busette» arbeidarar i Noreg, som bur i heimlandet, jobbar på korttidsopphald i Noreg og reiser med fly att og fram – ikkje sjeldan gjennom mange år. 3400 av dei arbeider i bergverk og utvinning (Statistisk sentralbyrå 2025). Dei skattar ikkje til Noreg. Dei har oftast ikkje norsk personnummer, men eit «D-nummer», og er ikkje med i norsk arbeidsløysestatistikk. Dei har ikkje rett på fastlege, som dei nok kan trenge.

Wojtek Gross jobba gjennom bemanningsbyrå fem veker av gongen. Han sa til VG at han ikkje hadde garanti for at avtalen vart fornya. Han måtte ofte bytte arbeidsgivar for å få inntekt. Det var eit stort psykisk press. Ein er aldri sikker på om ein har jobb vidare (VG 16.11.2025). Etter VG sine avsløringar er det diskutert om praksisen er lovleg.

Gross peika på at den norske oljeformuen ikkje kan fortsette å vekse utan polske og andre utanlandske arbeidarar. I 2024 hadde han tatt initiativ til eit varsel om farlege arbeidsforhold, forskjellsbehandling av utanlandske arbeidarar og kollektiv straff. Det vart underskrive av over 100 arbeidarar og sendt til Equinor, Aibel, Havindustritilsynet, fleire fagforeiningar og fleire departement. Etter dette varselet opplevde han mindre diskriminering (VG 14.12.2025, Razem Norge 16.06.2025).

Gerhard Nelson var innleigd i Aibel på to-vekers basis. Han fortalde at det ikkje er uvanleg å bli «demobilisert»: Medan ein er heime og ventar, får ein beskjed om at ein ikkje trengst i neste periode. Då mistar ein mesteparten av inntekta. Som innleigd lever ein med frykt for å bli demobilisert, så korleis skal ein våge å seie frå om sikkerheitsproblem? Då Aibel fekk vite at Nelson var intervjua av VG,  gjekk det tre timar til han vart demobilisert. Selskapet sa at det var fordi aktiviteten på Melkøya vart  trappa ned (VG 06.07.2025).

Fordi det hastar

I august 2025 meldte NRK at oljefesten er over. Equinor mistar 5000 arbeidsplassar. Etterspurnaden minkar, og den globale konkurransen blir endå hardare. Det internasjonale energibyrået IEA opplyser at produksjonen er fallande i 80-90 prosent av olje- og gassfelta i verda, og 90 prosent av investeringane går no til å motverke det naturlege fallet. På norsk sokkel er det voldsom leiteaktivitet. Det blir investert i teknologi som kan presse opp meir olje og gass frå reservoara. Det er det som skjer på Melkøya. Elektrisk kompresjon skal forlenge drifta til om lag 2040, og få opp meir gass med nye globale utslepp.

IEA siterer «Alice i eventyrland»: Ein må springe av alle krefter for å halde seg på same plassen!

Vil vi det?

Finansdirektør Torgrim Reitan i Equinor slår fast at ingen olje skal ligge att på norsk sokkel: «Vi må gire om for å få mer ut av maskinen» (E24 29.09.2025). Equinor planlegg å bore 250 brønnar dei neste ti åra for å halde oppe produksjonsnivået –  ein av dei største industriplanane Noreg har sett (Opedal OSLO, Nov. 25 (Reuters)- Equinor).

No, når den globale oppvarminga går over faregrensa på 1,5 grad, slår klimaendringane tilbake på oljeindustrien sjølv. Tidsplanen for Melkøya-utbygginga har sprukke med eit år, og kostnadane har auka med 4 milliardar. Ein av grunnane er at vèret sist vinter var verre enn normalt.

Kjelder:

VG 2025

SSB 2021: Hvor mange pendler til Norge for å arbeide?

IEA Sept.2025: The Implications of Oil and Gas Field Decline Rates.

Petroleumstilsynet 2023: Endrede rammebetingelser og konsekvenser for arbeidsmiljø og sikkerhet I petroleumsvirksomheten. Hovedrapport

Spre klimavett,
del denne saken!

4 kommentarer

  1. Lasse Heimdal | 30.01.2026

    Dette var svært tankevekkende!

  2. Synnøve des Bouvrie | 01.02.2026

    At vi i Norge har Qatar-liknende arbeidsforhold!

  3. Karin Lovise Skjerdal | 01.02.2026

    Dette er viktige opplysninger – om de «ukjente» skyggesidene ved olje/ gass – utvinning. Legenes klimaaksjon delte i 2025 en sak om «Det helseskadelige oljekretsløpet» – en publikasjon fra organisasjonen «Global Climate and Health Alliance». Den handler om de helseskadelige effektene fra fossile brensler som ikke kun opptrer under forbrenningsstadiet, men gjennom hele syklusen (cradle to grave). M.a.o.om de negative helseeffekter også under utvinning og i avfallsstadiet. Rapporten beskriver også menneskerettsbrudd, sosiale virkninger m.m.
    For interesserte:
    https://climateandhealthalliance.org/cradle-to-grave-the-health-toll-of-fossil-fuels-and-the-imperative-for-a-just-transition-2nd-edition/?emci=586a8a1a-d093-f011-b484-6045bdeb7413&emdi=88dc1b63-d393-f011-b484-6045bdeb7413&ceid=14326906

  4. Ingunn Elstad | 02.02.2026

    Takk, Karin Lovise Skjerdal for ein viktig rapport, som dokumenterer dei menneskelege følgjene av den globale fossiløkonomien.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*