
Treng vi ei vekking? – Ei sann rørsle der vi finn saman og held fast i kvarandre og mobiliserar potensialet vi har til å løysa felles menneskelege problem og gjera samfunnet vårt betre? Det trur Jørn Øyrehagen Sunde, som er professor i rettshistorie, med engasjement òg for miljø og klima. Slike løft har vi klart før, vi kan klara det igjen!
Kronikk i Vårt Land 01.11.2025:
EG HÅPER PÅ EI VEKKING
Jørn Øyrehagen Sunde, ektemann, far og dugnadstilhengjar
Eg håper på ei vekking. Ei god, gamaldags vekking som vil få både oss og politikken ut av ørkenvandringa. Den kan vera i store, kvite telt eller i kultursalar. Det kan vera på turistforeiningshytter på fjellet eller på strender. Eg bryr meg ikkje. Eg vil bare sjå folk koma saman, halda kvarandre i hendene og ropa ut: Vi klarte det! Ropa: Vi gjekk oss vill, vi snubla og falt, men vi karra oss opp og fram, vidare, vidare, og vi klarte det!
Eg har eit håp om ei vekking som skal visa at menneske verdigheit, og har potensiale til å innsjå feil, finna løysingar, og utretta dei utrulegaste ting i fellesskap. For menneske er problemløysarar. Det er ein fantastisk eigenskap. Den driv individ og samfunn vidare og vidare. Ein kan diskutera om vegen heile tida går framover eller ei. Problem vert i alle fall løyst, i fellesskap.
Men så kjem det nye problem å løysa. Då får dei all merksemd. Kan all merksemda behovet for problemløysing får vera eit problem? Gjer nye utfordringar at vi gløymer vi å feira dei mange sigrane på vegen? I alle fall i ei tid då problema strøymer mot oss i alle kanalar, heile tida?
Kjenn på irritasjonen. Du står med alt for mykje å gjera, og likevel vaskar du plasten før den skal sorterast. Så får du vita at veldig mykje av plasten som vert sortert endar opp med å verta brent likevel. Kva er det eigentleg vi driv på med her i dette landet?
Tenk etter. Då eg vart fødd i 1972 var det framleis mange som grov ned søppel på eigedomen sin. Elles vart søppel kasta i store sekker som vart henta av ein open lastebil med søppeltømmarar som sat oppe i lastebilskarmen, hoppa ned, kasta sekken oppe, klatra sjølv etter, og køyrde vidare. Søppelet vart brent, røyken var mørk og det lukta skummelt vondt. Søppeltømmarane fekk raskt dårleg rygg og pust.
Kjenn på irritasjonen der du sit i bilen din i pendlarkø eller ferjekø og forbannar alle som fløyter og pressar seg fram, eller som snik i køen. Det hjelper lite, men det kan likevel vera verd å tenkja på at i 1970 vart 560 personar drepne i trafikken i Norge. Det samla talet på skadde i var på litt over 5000. I fjord var talet på drepne i trafikken 87, og på skadde 665. Folketalet var i 2024 nesten 2 millionar høgare enn i 1970, og talet på køyretøy i trafikken nesten 4 gonger høgare.
Eg brukar generelt å tenkja på trafikken når eg vert tung til sinns. Eg tenkjer ikkje på alle som brukar bilbelte i dag i høve til tidlegare, eller kor tabu det å køyra med promille har vorte. Eg tenkjer rett og slett på at trafikken fungerer. Det er ikkje lett å køyra bil. Hender og føter skal samhandla, og det skal gjerne skje raskt og utan nøling. Og det skal skje i samhandling med alle andre i trafikken. Ein må følgja med på om det er forkøyrsveg eller ei, hugsa om det vikeplikt frå høgre eller venstre, og kva fartsgrensa er når ein buss vil blinka seg inn i vegen.
Potensialet for å skada seg sjølv, eller kollidera med andre, er heilt enormt for kvar einaste av dei om lag 2 850 000 køyretøya på norske vegar, og kvart einaste sekund dei rullar på vegen. Bak 665 skadde i trafikken ligg 665 tragediar. Men tenk òg på at talet er utruleg lågt. Når ein er ute å køyrer kan det vera at ein tenkjer på alle idiotane i trafikken. Men er det eigentleg så mange av dei?
Slik kunne eg ha halde fram med smått og stort. Eg kunne trekt fram kor lite hærverk og tjuveri det er, kor mykje reinare offentlege toalett har vorte, og kor mange fleire som vaskar hendene sine etter at dei har vore på toalettet. Eg kunne ha trekt fram han som i si tid var den einaste kjende homofile i bygda der eg bur, som for 50 år sidan vart spurt om han trudde på himmel og helvete, og svarte at han frykta i alle fall ikkje helvete, fordi der hadde han vore heile livet.
Eg vil difor ha ei vekking for å visa fram potensialet til menneske, til fellesskapen, og til å løysa problem og gjera kvardagen til folk betre. Eg vil ha ei vekking som gjer at vi i møte med problem som klimaendringar skal tenkja på sur nedbør og drivhusgassar: Vi har klart det før, vi kan klara det igjen!
Eg vil ikkje bare ha ei vekking av idealistiske grunnar. Vi treng ei slik vekking like mykje av politiske grunnar. For vi er i ferd med å gå i ei klassisk felle: At vi trur så lite på menneske, og så lite på fellesskapen, at vi i staden overlét problemløysinga til éin sterk mann. Ein som ikkje treng media, domstolar eller universitet for kritikk og kontroll, ein som ikkje treng politiske diskusjonar og kompromiss, fordi vedkomande har suveren innsikt i kva som er rett og galt, godt og vondt. Ein som ikkje treng veljarar med håp og framtidstru, med som vil ha bøller som trugar med å forfølgja meiningsmotstandarar, pessimisme og frykt.
Men kvifor mister mange alt det positive av syne, og lener seg mot autoritære leiarar? Svaret er gjerne sosiale media og ekkokammer. Men sjølve grunnproblemet er mengda informasjon.
Den nye kommunikasjonsteknologien gjer tilgjengeleg for oss alle nye hendingar. Kvar einaste dødsulukke i trafikken, kvart einaste drap er i alle media nesten når det skjer. Eg tek meg sjølv i å tenkja: Det må jo vera minste ei ny dødsulukke i trafikken og eit nytt drep i Norge kvar einaste dag? Nei, det er det ikkje. Når de gjeld drap, er det ikkje eitt i veka ein gong.
Problemet vert enno større av at denne flaumen av informasjon om hendingar ikkje lenger er nasjonal, men global. Vi vert presentert for ton på ton med plast i havet, kvar einaste skuleskyting og kvar einaste bokbrenning vert filma og spreidd. Problema synest overveldande, den menneskelege vondskapen og fiendskapen endelaus.
Difor treng vi ei vekking. Vi treng at folk held kvarandre i hendene og erkjenner problem, er trygg på si verdigheit og evner som problemløysar. At folk minner kvarandre på at aldri før har så mange globalt gjeve blod til blodbankar. Det er inga spaning knytt til dei millionar på millionar som går og gjev blod. Men det er helsefremmande å tenkja på, ikkje minst politisk. For folk gjev ikkje blod fordi dei må. Dei gjer det fordi dei ønskjer andre godt. Og fordi dei trur at andre menneske òg er gode, og difor vil andre gjera det same offeret for deg. Det finst altså ei grunnleggjande tru på det gode menneske der ute. Og den aukar.
Når overskriftene handlar om Trump, Putin, Xi, Modi eller andre gamle, autoritære menn som lever av frykt og mistanke, eller om autoritære parti som gjer det same, så tenkjer eg på trafikken og blodbanken. Og håper på ei vekking.
Takk for påminnelsen, Jørn Øyrehagen Sunde!