Jordvarme ja takk

jordvarme 3

Det meste av vassdragsnaturen er allereie utbygd. Kvart einaste nye vindkraftanlegg vert det bråk av. Havvind må vi òg vere forsiktig med. Så kva gjer vi då? I eit innlegg i Adresseavisen har Ola Dimmen frå BKA trekt fram jordvarme som ein positiv moglegheit. «Meir vindkraft er unødvendig. Svaret ligg rett under beina våre

Når vi tek kontakt med Ola Dimmen understrekar han at han ikkje er nokon ekspert på korkje energi generelt eller jordvarme spesielt. – Men dette er ein debatt vi faktisk ikkje kan overlate til ekspertane. Mange av dei er involverte i prosjekt som på ulike vis er vevd saman med oljeindustrien sine planar og interesser, anten det gjeld blått hydrogen frå naturgass, eller havvind som skal brukast til trykkstøtte i gamle oljebrønnar og liknande. Her er det òg snakk om verdival.
– Sverige, som ligg langt foran oss når det gjeld å kutte CO2-utslepp, har dekt det meste av sitt behov for oppvarming med jordvarme. I heile Europa er dette no i sterk vekst. Og det beste er at det kan skje utan store naturinngrep. Vi borer eit hol i bakken 15 centimeter i diameter og får evigvarande stabil og fornybar varme. Utan behov for balansekraft slik det er med sol og vind. Jordvarme – og det er det same med sjøvarme – er lokal energiproduksjon, men kan òg kombinerast med til dømes fjernvarmeanlegg. Hugs at halvparten av all vår energibruk går til oppvarming, stort sett basert på elektrisitet. Viss delar av dette kan frigjerast, vil vi ha mykje kraft til overs for mellom anna ny grøn industri.

Ola Dimmen er leiar av «fornybargruppa» i BKA, ei gruppe oppnemnt av landsstyret for å bidra aktivt inn mot debatten om energi og energibruk i landet vårt. – Det viktigaste er at vi kjem i gong med store prosjekt for energisparing, seier han. Her er det mykje å hente, utan tvil. Dessutan må vi sjølvsagt slutte å kaste bort energi på krypto og elektrifisering av oljeinstallasjonar. Men vi kan nok ikkje leggje til grunn at det er mogleg å spare seg ut av problema, når heile samfunnet skal bort frå avhengigheita av oljeprodukt. Då vil vi trenge ein god del ny elkraftproduksjon i tillegg. Men også her kan faktisk jordvarme kome til anvending. Då snakkar vi ikkje om lokal varmeproduksjon, men om å utnytte varmen i dei rundt 5000 oljebrønnane som kan brukast på norsk sokkel i framtida. Dei inneheld store mengder varmtvatn, vanlegvis mellom 90 og 180 grader, som kan utnyttast i geotermiske kraftverk. Dette har vi ekspertise på i Noreg. Men det hastar å kome i gong. For no skrotar vi plattformer og pluggar brønner fordi staten betalar for det!
– For dei som vil vite meir om geotermisk strømproduksjon i oljebrønnar, viser Ola Dimmen til ein reportasje på nrk.no frå mai 2022: Kraften fra havbunnen  Nyleg hadde nrk ein ny reportasje, som viser at regjeringa er negativ til slik planar, fordi det er dyrt og fordi dei meiner det er andre område der vi har større fortrinn og som vil vere viktigare for å sikre den kraftproduksjonen vi treng. – Det er openbert ein jobb å gjere, konstaterar Ola. Men han skjøner ikkje grunngjevina heilt: «På havvind har vel Noreg ikkje noko nasjonalt fortrinn? Vi ligg langt etter andre europeiske land», seier han til nrk.

Spre klimavett,
del denne saken!

4 kommentarer

  1. Oddbjørg Langset | 30.03.2023

    Ja, gå inn for å få vindmøllene til å peke nedover!
    Min bror Einar, elektroing. har i mange år holdt tanken varm om geotermisk drift av oljeplattformer ved gjenbruk, bore sløyfer mellom utrangerte, nedbetalte borehull: https://1drv.ms/i/s!AkmV5BixNwa6gvtLG3t4hlObm6Y1kg?e=ouCqat
    Han har betalt patent i mange land i mange år, stått på oljemessene, jobba bl.a. i Norske Veritas i Stavanger, men han døde i fjor – og har visst sjøl sletta det meste på internett. Sintef har en rapport nr. TR F4779.
    Einar etterlater seg mange diplomer fra SNDs idè- og nyskapingspris Reodor mm.
    Kanskje klimaframtida nå tvinger fram å forske mere på denne gode løsninga?!

  2. Ola Dimmen | 30.03.2023

    Dette var jo fantastisk å høyre, men også trist. Tenk at alle desse gode ideane ikkje blei noko av. Vi har altså vore klar over desse muligheitene i mange år, og skusla det bort. No hastar det, og vi må presse på!
    Veldig interessant artikkel frå 2012 på geoforskning som viser at vi kunne ha kome svært godt i gang 10 år sidan.
    https://geoforskning.no/historisk-mulighet-for-geotermisk-energi/

  3. Otto Støver | 07.04.2023

    Ja jordvarme er gode greier. Stabil energi som gir 75% ca av den energi en vanlig bolig har. Men også de resterende 25% kan komme fra jordvarme. Island har allerede utnyttet de varme kildene til å lage strøm, for der er varmen lett tilgjengelig oppe i dagen. Men varmen er overalt på kloden, man må bare noen kilometer ned for å finne superhett berg. Og dette er jo en teknologi der Norge har kjempe-ekspertise. Vi har boret milevis med hull for å finne olje og gass. Hvorfor kan ikke vi da bore rett nedover for å finne varmt fjell som kan utnyttes? Dersom dette kan gi energi, så kan man jo få energi akkurat der man trenger den. Ikke fra turbiner langt vekk enten disse drives med vind eller vann, for da må det jo kabler til. Som både koster og gir energitap i overføring.

  4. Oddbjørg Langset | 13.04.2023

    Takk for at du får geotermisk kraft offshore igjen fram i lyset, Ola!
    Haster, pga nyeste teknologi for bedre å tette utrangerte borehull, vil bli permanent, iflg. TU 0223 – dessverre lest med penna: https://1drv.ms/i/s!AkmV5BixNwa6gv5k-ym1rW0FxhMiqg?e=lk24PW
    Ser også for meg utrangerte oljeplattformer ombygd til ladestasjoner, der el-båter og sjøfly kan komme inntil og lade – samt drifte både noen oljeplattformer og vindmøller.
    Noe for Equinor, for å få økt sin andel av grønn omstilling?
    Annet?

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*