Om livet og tinga

julegaver (2)
Snart jul, og ei ny gaveorgie med alt me eigentleg ikkje treng? – Solveig Aareskjold vonar me vil søkja meir ro og varige gleder. cc

Ting har me nok av, oftast for mange. Det me treng, er kvalitet og eit meir intelligent næringsliv, skriv forfattaren Solveig Aareskjold. Ho er medlem av BKA og spaltist i Klassekampen, og minnest ei tid då me klarte oss utan så mykje kommersielt skrot, som gjer det moderne tilveret så lite berekraftig – og samstundes så utmattande.


Tyngjande materie

Eit vanleg skrekkscenario for motstandarar av redusert forbruk er at det blir som å gå tilbake til syttitalet. Men for den som var ung vaksen på den tida, høyrest det heilt greitt ut. Eg var uroleg for verdssituasjonen og tenkte mykje på kva eg burde ha gjort for fred, rettferd og naturvern, og eg var ofte usikker på om det fanst ein mann som eg kunne elska og som ville elska meg tilbake.
– Men det fall meg aldri inn at eg skulle hatt fleire ting. Eg hadde fine klede og gode skor, eg fekk den maten eg trong, slo på den elektriske omnen når det var kaldt og dusja så lenge eg ville.
– Det var først då mannen min og eg sette bu, at tinga blei eit problem, og då var det snarare fordi det var for mykje av dei enn for lite. Endringa i sivilstand hadde utløyst eit veldig trykk av møblar og kjøkenutstyr som ville inn til oss, og det var vanskeleg å sjå skilnaden på det som gjorde kvardagen lettare, og det som berre var kommersielt husfyll. Foreldregenerasjonen var til lite hjelp, livredde for å vera gamaldags som dei var, endå meir styrte av reklame og smaksdomarar enn oss unge. Dei trudde på salongmøblar som på ein religion.
– Trass i at det var hundre år sidan Edison fann opp glødelampa, hindra motestyrt produktutvikling oss i å få kjøpt brannsikre lampeskjermar som spreidde lyset godt. Me leitte i butikk etter butikk etter sånne som farmor og farfar hadde då eg var lita, men fann berre elendig blikkskrammel med små hol i, som om målet var å setja lyset sitt under ei bøtte. Til slutt resignerte me for ei blytung og svindyr hengjelampe av kvitt glas, og fann oss tolmodig i at me slo oss i hovudet kvar gong me flytta vekk sofabordet for å støvsuga.
– Derimot takkar me framleis den flinke forretningskvinna som overtydde oss om at fordi me begge hadde tjukke stilbunker å retta, skulle me kjøpa så store skrivebord som me på noko vis kunne få plass til. Og eg steller så fint eg kan med den tretti år gamle, heilautomatiske vaskemaskinen vår, i frykt for å måtta leva med ein med mikroprosessor i.
– No for tida er det ikkje mange som trur at tilværet er kløyvt mellom kropp og ånd, og at det åndelege er ein straffande konterollinstans som vil tyna kroppen med naud og forsaking. Likevel er det vanleg å reagera på alle forslag om berekraftig livsstil som ein trussel om å mista alt ein har kjært. Panisk overproduksjon og villeiande marknadføring gjer det vanskeleg å få auge på noko alternativ til konstant heimbringing av haugevis med skrot. Dermed hamnar folk i ein evig runddans av bruk og kast som er godt for kapitalismen, men vondt for natur og klima, og ganske utmattande for menneska òg.
– Det me treng, er eit meir intelligent næringsliv, basert på forsking og fagkunnskap framfor store volum av ting som ikkje held mål. Kvalitetssansen til forbrukane kan òg bli mykje betre, slik at dei i staden for å fylla heimane sine med verdilause tilbodsvarer kan gå rett på velstand og nyting.

(først trykt i Klassekampen 19. november i år)

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*