Heider til strandryddar

godt nytt ståle
MILJØPRIS TIL ENGASJERT BESTEFAR: Fylkesordførar Marianne Chesak og Ståle Pedersen. Foto: Øyvind Nesvåg, Rogaland fylkeskommune.

I mange år har Ståle Pedersen på Karmøy rydda strender for plastavfall, taurestar og emballasje. Berre i år er det blitt åtte tonn! Og i går vart han heidra med Rogaland fylkes miljøpris. – Eg held på med dette fordi eg er bestefar og veldig bekymra for dei som kjem etter oss, sa han i takketalen. – Derfor er eg òg engasjert i besteforeldra sin klimaaksjon.

God fangst! Ståle Pedersen i aksjon heime på Karmøy.

Ståle er nærmast ein institusjon i seg sjølv. Friluftsrådet Vest har stilt ein båt til disposisjon, og Miljøpatruljen Karmøy har køyrt avfallet til veging og levering. – Det er eit fantastisk arbeid, det blir lagt merke til og skaper engasjement, sa fylkesordføraren under prisutdelinga i fylkestinget tysdag 13. desember.

Det blir rydda avfall frå sjøen året rundt, metodisk og grundig, vik for vik, holme for holme. Ståle sørgjer også for å få med seg nokre av dei andre besteforeldreaktivistane på Karmøy og Haugalandet. I vår gjekk turen til historiske Bukkøy, ein fin stad for familieutflukter med muligheit for grilling, etc. Leirskulen der har miljøvern som eit satsingsområde, og hjalp til dei òg. – Det gjeld å kombinere det nyttige og det hyggjelege, sier Ståle. – På veg heim med ryddebåten fann vi at vi ville sjekke litt over sundet, på naboøya Snik – og også der vart det fangst og rydding til gangs! Ganske full båt då vi kom heim etter ein flott familietur!


FAKTA: 80-90 prosent av søppelet i havet er plast. Det er estimert at mellom 8 og 13 millioner tonn plast hamnar i verdshava kvart år. Ifølgje Miljødirektoratet driv 15 prosent i land og vert liggjande på strendene, medan like mykje flyt rundt i havet. Resten går til botn. Det er observert plastsøppel på fleire tusen meters djup. Nedbryting går langsomt, og plastrestane kan bli verande i naturen i fleire hundre år.


 

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Bjørghild des Bouvrie | 15.12.2022

    For en fantastisk innsats!
    Bravo, Ståle Pedersen!

  2. Marie Rein Bore | 17.12.2022

    Flott innsats!☘️🍒☘️

  3. Kirsten Bråthen | 19.12.2022

    Imponerende. Til etterfølgelse!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*