Glede og gåver

Marius
Glede på Kvinlog våren 2020: Vesle Marius med dei nybakte besteforeldra Erna og Terje.

Våren 2020 fortalde vi om nybakt og begeistra farfar Terje Vatland i Kvinesdal. Han hadde gått og fundert på «kva mi best kan gjere for og gje noko fornuftig til barnebarnet vårt (…) No har eg og sambuaren meldt oss inn i BKA, og sender 5000 kroner til organisasjonen.» – Og for litt sida kom det nye 5000, etter at dei fekk sitt andre barnebarn!

Ei krevjande framtid

Terje og sambuaren Erna bur på Kvinlog. Han er kyrkjegardsarbeidar og ho heimeværende. – Å bli besteforeldre tykte mi var fantastisk, men òg urovekkjande, seier Terje. – Ein kan jo ikkje berre lulla seg inn i noko slags privat idyll. Mi veit at desse barnebarna som lyser opp livet vårt, kjem til å leve sine liv i ei verd prega av store og krevjande utfordringar. Ikkje minst gjeld det det klima og miljø.

Terje hadde tidlegare ikkje høyrt om Besteforeldrenes klimaaksjon, fortalde han våren 2020. – Eg kom over organisasjonen, nærast tilfeldig, då eg surfa rundt på nettet for å sjå om eg kunne finne eit godt formål å støtte. Og dette var jo midt i blinken, ei rein investering i barns framtid!

Dei melde seg beinveges inn, begge, og bestemte seg altså for i tillegg å gje 5000 kroner til organisasjonen. – Mi er unge besteforeldre så det skulle vere godt mogleg at det vert fleire barnebarn og dermed fleire gåver i åra som kjem, lo Terje.

Dåverande nestleiar i BKA, Finn Bjørnar Lund, sette stor pris på initiativet, og sørgde for at det vart laga eit fint takkebrev som Erna og Terje kunne hengje på veggen om dei ville. Eit slikt har dei to fått tilsendt også denne gongen, saman med ei personleg helsing frå Linda Parr:

Kjære Terje og Erna,
Aller først gratulerer med nytt barnebarn. Vi er priviligerte som får oppleve å bli besteforeldre. Som nyvalgt leder av BKA, takker jeg hjertelig for gaven som dere har gitt BKA. Vi lover at den skal komme alle barnebarn til gode. I øyeblikket har vi stort fokus på å stoppe Wisting-feltet i Barentshavet i samarbeid med bl.a. Natur og Ungdom.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*