Håp for 2030

Forum-Bærekraftsuka-Nettside-Banner-1920x1080

Det har sjeldan vore viktigare å finne håp for framtida enn no. I 2030 skal FNs 17 berekraftsmål vere nådd. Ekstrem fattigdom skal vere avskaffa, klimaendringane stansa, økosystema i havet og på land skal vere redda. Alle born skal ha gratis utdanning, ingen skal gå sultne til sengs. – Korleis skal vi få til dette? Følg med på berekraftskampanjen!

Besteforeldra trur det nyttar

Som ein del av kampanjen Bærekraftsuka har Forum for Utvikling og Miljø (ForUM) – der BKA er med saman med seksti andre organisasjonar – invitert leiarar frå sivilsamfunnet til å fortelje om sitt håp for framtida og at verda kan nå FNs berekraftsmål innan 2030. Videoane vert lagt ut på facebook etter kvart. Sjå òg teiknekonkurranse for dei under 25 år: Korleis når vi berekraftsmåla?

– Vi er veldig nøgde med å vere del av Forum for utvikling og miljø i denne kampen for berekraftsmåla. Vi har ikkje anna enn denne kloden å verne. Difor treng vi samarbeid og samhald. Difor vel vi å vere optimistar, òg med tanke på generasjonane som kjem etter oss, – seier Andrew Kroglund, gen.sekretær Besteforeldrenes klimaaksjon.


Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*