Ein leveleg planet

debatt
Grete Mathiesen og Ingunn Elstad frå Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms utfordrar oljepolitisk vanetenking: "Vi treng ein ny måte å tenke økonomi på." Foto: Lars Bjørn Mehus

Nyleg kunne vi lese at eit fleirtal av norske klimaforskarar trur det er usannsynleg at vi når klimamålet på 1,5 grader. «Hadde vi klart å kutte utslippene for 15-20 år siden, hadde vi nådd det lett», seier Bjørn H. Samset, forfattar ved FNs klimapanel, til NRK. Også for 15-20 år sidan visste vi kor det bar. Men det er ikkje nok å vite.

Grete Mathiesen og Ingunn Elstad
Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms

Det internasjonale energibyrået IEA og FN har fleire gongar ettertrykkjeleg slått fast at dersom vi skal nå klimamålet på 1,5 grad, må fossile funn bli liggande. Den siste delrapporten frå FNs klimapanel frå 04.04.2022 viser at klimasituasjonen er akutt. Det er sterk vitskapeleg konsens om at det er naudsynt med omfattande og varig reduksjon av klimagassutslepp i alle sektorar dersom 1,5-gradersmålet skal ha 50 % sjanse. Rapporten gjer klart at klimaet vil ikkje vil tåle ein overgangsfase med fortsatt utbygging av olje og gass, slik den norske regjeringa planlegg. Dei fleste reduksjonane må bli gjennomført straks, og vi må snu utviklinga innan dei neste par åra. Det er no eller aldri, seier FNs generalsekretær Antonio Guterrez. «Å investere i fossil energi og infrastruktur, er galskap.»

Kva gjer Equinor? Kva ønskjer regjeringa?

Equinor satsar på utbygging av Wisting-feltet lengst opp mot iskanten i Barentshavet. Eit område som først blei skrinlagt fordi det ikkje ville vere økonomisk forsvarleg. Men ved hjelp av skattepakka under pandemien, blei feltet lukrativt for selskapet.

Equinors konserndirektør Kjetil Hove fortel i eit intervju i Klassekampen 5. mai at selskapet jobbar for ein så høg produksjon av olje- og gass som muleg, og at selskapet skal jobbe for at Norge skal bli verdas aller siste leverandør av olje. Han meiner, stikk i strid med forskarane, at det verda treng no er norsk konkurransedyktig olje og gass.

Equinor er i godt selskap med leiaren av Energi- og miljøkomitéen, Marianne Sivertsen Næss (Ap), tidlegare ordførar i Hammerfest. Ho går entusiastisk inn for utbygging av Wisting-feltet og elektrifisering av sokkelen. På Dagsnytt 18 2. mai var Wisting-feltet tema. Her unngjekk ho heilt å svare på gjentatte spørsmålet frå programleiaren om klimakonsekvensar og naturtap. Hennes agenda var utelukkande å få fram Aps satsing på utvikling av oljenæringa. Ingen innvendingar om naturtap og klimakrise var relevante, eller verdt å svare for ho.

Kva vil regjeringa?

Dei vil halde fram med full gass. Ole Borten Moe, forskings- og utdanningsministeren, er bekymra for rekrutteringa, og oppmodar norsk ungdom til å satse på ei utdanning innan oljenæringa. Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) er heilt ueinig med FNs generalsekretær. Svaret frå Aasland er det lite konkrete: Utvikle, ikkje avvikle. Berre vi får elektrifisert sokkelen, vil mykje vere gjort, meiner Aasland. Det tvilsame reknestykket som styresmaktene held seg til, går ut på at viss vi klarer å redusere dei fossile utsleppa her til lands, har vi vårt på det tørre. I den reknskapen inngår at i staden for å pumpe opp olja ved hjelp av elektrisitet frå gass, skal vi bruke fornybar energi frå land. Da får vi redusert utsleppa i den norske klimareknskapen. Og da vel dei å oversjå at brenninga av olja og gassen som vi sel til utlandet, fører til tolv gongar så mykje utslepp globalt.

Aasland ser vidare for seg at vi etter kvart skal utvikle ein teknologi som kan handtere utsleppa. «Altså, jeg har tro på teknologien. Når vi snakker om norsk sokkel, så er det slik at alle problem som har oppstått gjennom 50 år, har løst seg så lenge det er en kommersiell interesse i den andre enden. Alle», seier han i eit intervju i Klassekampen 7. mai.

Men nei, dei kommersielle interessene har ikkje løyst alle problema. Ikkje for alle dei som er omkomne, har blitt sjuke eller har mista heimane sine på grunn av klimaendringane dei siste åra. Klimaendringane bidrar allereie til humanitære kriser i alle regionar: flukt, matmangel, feilernæring, og død. UNICEF rapporterte i 2021 at ein milliard barn i 33 land, nærmare halvparten av alle barn i verda, er i fare på grunn av klima- og miljøtruslar. Og WHO melder at klimaendringane er den største helsetrusselen i det 21. hundreåret.

Minst 30 millionar har måtta flytta frå heimane sine pga. klimaendringar berre i 2020. For dei har ikkje dei kommersielle interessene vore til mykje hjelp. FNs klimapanel reknar med at det blir 150 million miljøflyktningar innan 2050. Og det vil skape store problem, både for dei som må dra og for dei områda og landa som skal ta imot.

I Ukraina har 5,2 (pr 6. mai) millionar flykta pga. krigen. Vi føler sterk empati med dei. Ser vi dette i samanheng, skjønnar vi kva 150 millionar heimlause dei neste 30 åra vil seie.

Optimisme: noko kan gjerast

I den siste delrapporten frå FNs klimapanel, bidrar forskarane også med optimisme: Det er muleg å komme i mål med null utslepp innan 2050. Vi har eit godt utgangspunkt: Vi har solid kunnskap, vi har teknologi og vi har pengar.

Det avgjerande for at vi skal lykkast med å redusere utsleppa, er å gå i gang med dei nødvendige endringane straks. Vi treng politikarar som tar styringa for den langsiktige politikken. Og vi må samtidig ha med global rettferd og internasjonal solidaritet i løysinga.

Vidare utbygging av nye olje- og gassfelt er det motsette av kva verdas folk treng. Tolv klima- og miljøorganisasjonar og politiske ungdomsorganisasjonar i Troms har skrive eit felles høyringssvar til Equinors konsekvensutgreiing for Wisting. Der tar vi for oss klimakonsekvensar, samfunnsøkonomiske konsekvensar, uavklart beredskap i sårbar natur, planane om å hente kraft frå land, og arbeidsplassane som er førespegla. Konklusjonen er at utbygginga av Wisting-feltet ikkje på noko vis kan forsvarast. Eit større høyringssvar frå nasjonale natur- og miljøorganisasjonar og Norske Samers Riksforbund konkluderer med at Equinor si utgreiing er mangelfull og utilstrekkeleg, og prosjektet bør skrinleggast.

Vi treng ein ny måte å tenke økonomi på. Det er uhaldbart å rekne på verdiskaping utan å ta inn over seg naturtap og klimaendringar. Folk over heile kloden betalar dyrt for at det ikkje er gjort før.

Vi er i mai månad. Vi markerer og feirar fridom og demokrati. Demokrati betyr ikkje at våre folkevalde kan overlate dei viktigaste avgjerslene til kommersielle interesser. Vi i Besteforeldrenes klimaaksjon kjempar for at barn og kommande generasjonar verda over skal få ei god framtid på ein leveleg planet. Vi ønskjer ikkje å gje dei eit omvendt kinderegg med tre ting i eitt: Klimatap, naturtap og økonomiske vanstyre. Vi vil prøve å bidra til leveleg klima, levande natur og god, rettferdig og langsiktig økonomi.

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Finn Bjørnar Lund | 25.05.2022

    Takk til Tromsø og omegn BKA som får fram hva saka vår gjelder!

  2. Tone Toft | 26.05.2022

    Ja, takk til Grete Mathiesen og Ingunn Elstad i Troms.
    Solid og veldig interessaant innlegg.
    Jeg er så enig i at vi trenger en ny måte å tenke økonomi på. Vi kan ikke lenger (slik det fremheves i innlegget) fortsette å regne på verdiskapning uten å ta innover seg naturtap og klimaendringer.
    Jeg mener at vi må lage en overgang til et økonomisk system som ikke fokuserer på økonomisk vekst og økt forbruk. Det er vekstspiralen i økonomien som fører til de store naturtapene og økte klimautslipp. Det såkalte Grønne Skiftet vil i stor grad være med på å opprettholde den økonomiske veksten, produksjon og forbruk. I tillegg medfører denne såkalte Grønne omstillingen et naturtap av dimensjoner som vil forverre situasjonen for kloden vår.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*