Vel møtt i Trondheim!

Trondheim Nidelva brygger
Trondheim med Nidelva og dei karakteristiske gamle bryggene. Foto: Ola Dimmen

Med to veker igjen til Besteforeldrenes landsmøte i Trondheim er det nær 90 påmeldte frå heile landet. Det er dei lokale arrangørane sers godt nøgde med. Usikkerheita har lenge vore stor, knytt til pandemi og smittefare, men no kjenner vi oss trygge på at dette skal bli eit bra arrangement på alle vis, seier lokallagsleiar Ola Dimmen.

Etter halvanna år med korona-restriksjonar og aktivitetstørke skal det bli herleg å møtast igjen utanfor skjermen, seier Ola Dimmen. Landsmøtet skulle vore i Trondheim også i 2020, men måtte avlysast. No lovar han eit variert møte med god tid til det sosiale, i tillegg til alt det andre som er viktig for ein organisasjon i vekst.

Går over to dagar

Programmet er klart, og arrangementet går over to dagar. Vi må ha tid til å redigere innkomne forslag, og ynsker å sette av god tid til samtalar og meiningsutveksling.

Registrering er på laurdag, men dei som vil, må gjerne kome fredag. Då vert det byvandring og hyggeleg samvær om kvelden.

Vi har valgt Radison Blu Royal Garden som møtehotell. Det er eit av byens beste konferansehotell. Det er sentralt plassert ved Nidelva, og det ligg òg andre hotell i nærleiken.

Det er framleis mogleg å bli med, for dei som enno ikkje bestemt seg. Bruk påmeldingsskjemaet på heimesida: https://www.besteforeldreaksjonen.no/events/event/trondheim-landsmote-bka

Her finn du òg programmet for landsmøte og årsmøte. Som ein vil sjå, har vi valgt å gjere barn og unge til hovudtema for møtet.

Alle opplysningar og alle sakspapir er lagt ut på møtesida, inkludert årsrapport, forslag frå valkomitéen og andre vedtaksforslag.  Sakspapira vil også bli trykt opp til årsmøtet, seier Ola Dimmen.

Årsmøteavgifta på kr. 800 skal betalast ved påmelding, og dekker leige av lokaler, lunsj laurdag og søndag og drikke og småmat under møtet.

Festmiddagen laurdag kveld blir ein tre rettars middag til ca. kr. 560. Kvar enkelt betalar for dette direkte til hotellet.

Hjarteleg velkomne, alle!

På vegner av BKA Trondheim og omegn
Ola Dimmen, lokallagsleiar

Gamle bybro like ved møtestaden for landsmøtet. Foto: Ola Dimmen

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*