– handle lokalt

alesund med bka

Besteforeldrene i Ålesund kan ikkje forstå kvifor byen ikkje skal ha høgre klima-ambisjonar enn det vert lagt opp til. I si fråsegn til strategiplanen for kommunen minner dei om Parisavtalen, og kva som krevst i form av lokal innsats. Det er ikkje nok å smykke seg med omgrep som Smartby og Miljøfyrtårn. Fine ord, men kva tyder dei i praksis?

Til: Ålesund kommune
Frå: Besteforeldrenes klimaaksjon
Dato: 06.03.2021

Høyring – overordna strategiar for Ålesund kommune 2021-2024

I føreliggjande høyring velgjer Besteforeldra sin klimaaksjon Ålesund & omegn (BKA) å konsentrere tilbakemeldinga rundt få hovudpunkt. Her er det slik at vi i høve til vår målsetning har vald å uttale oss spesifikt om den delen som gjeld «Grøn strategi», fortrinnsvis delen som gjeld klima.

1.Tilknytning til arbeid som gir oversikt over klimamål og klimarekneskap for alle fylker og større byar i landet.

Dette arbeidet har pågått lenge, og har på bakgrunn av FN sine klimamål på ulike sektorar hatt som mål å kunne vise folk i kva grad mål og rekneskap står i høve til både FN og nasjonen sine uttalte mål. I Noreg er det i første rekkje organisasjonen Klimapartnere som har vore aktiv både i høve til å innhente informasjon frå fylker og byar, og elles tilby si hjelp i høve til å utarbeide planar for å nå dei ulike måla. Møre og Romsdal har etter kvart nølande kome med på lista med ein ambisjon om 55 % reduksjon av klimagassar innan 2030 (jfr. oppdatert klimakart, vedlagt.) Rett nok er ikkje dette noko som har knytt til seg eit utgreiande dokument om mål i høve til dei ulike sektorane, eller omtale av klimarekneskap, det er kun ei skriftleg utsegn etter kontakt frå Klimapartnere.

Ålesund er, som Klimakartet viser, enno ikkje med på dette kartet, sjølv om ein er langt på overtid i høve til 2020. Framleis er ein på utgreiingsstadiet, og må finne seg i omgrepet «sinke».

2. Klimamål: Omfang og tidsplan.

I pkt 2.2, Spesifisering av klimamåla for Ålesund kommune, heiter det i høyringsdokumentet:

«I samfunnsdelen er klimamålet for Ålesund: Ålesund kommune har redusert sine klimagassutslepp i tråd med EU sine målsettingar. EU vedtok før jul å redusere utsleppa med 55 % målt frå referanseåret 1990. Norge og EU har forplikta seg til Parisavtalen, og det langsiktige målet er å vere eit nullutsleppssamfunn i 2050.

Med dette som utgangspunkt er klimamålet for den Grøne strategien konkretisert på denne måten:

  • Ålesund skal jobbe for å redusere klimagassutsleppa med minst 55 prosent innan 2030.
  • Ålesund skal vere eit nullutsleppssamfunn i 2050.

BKA avd. Ålesund & omegn si vurdering er at dette er alt for lite ambisiøse mål i høve til det tidspresset denne reduksjonen har. No er det signalisert at EU snart vil kunngjere ei oppjustering av 2030-målet til 60%. Ein veit elles at dette reknast som eit minimum når det gjeld målsetting. Difor ser ein at ei rekkje fylkesregionar og større byar i Noreg har sett seg langt større mål (jfr. Klimakartet). T.d. har Innlandet, Vestland og Trøndelag fylker sett seg 100 %-mål innan 2030, det same har Bergen, medan Stavanger, Kristiansand, Oslo, Trondheim og Tromsø sett seg mål frå 80-95 %. Kvifor skal Ålesund ligge langt bak? Ikkje berre i høve til 2030, men i føreliggjande planutkast har ein så god tid at ein ikkje tek mål av seg om å nå 0-utslepp før i 2050! Dette er ikkje å ta klimakrisa på alvor!

Vi tilrår utdeling av Dag Hessen si bok «Verden på vippepunktet» til felleslesing for medlemmene i dei ulike saksfelta for planen.

Operasjonalisering av hovudmål
Ein føresetnad for at prosentmål skal gi meining, er at ein gjer eit grunnarbeid i høve til å meisle ut korleis ein skal nå måla, korleis ein kan ta for seg dei ulike sektorane fly, maritim, transport og energi med seriar av delmål som må til for å nå måla. At ein slik bryt måla ned til målbare einingar og knyter desse saman med årlege rekneskap, er med på å vise folk at det nyttar, at kommunen sine satsingsområde gir meining.

Kommunikasjon
Som det er peika på i vår høyring til kommuneplanen 2020-2030, saknar vi i BKA ein pedagogisk kommunikasjon av kommunen sitt arbeid med klima på eit vis som er forståeleg for folk flest, frå barn til vaksen. Dette må formidlast i aviser, på møter, på skular m.m. Det må ha ei anna form enn den innretninga som ein finn i høyringsutkast og kommuneplanar. For at folk skal ta del i og identifisere seg med kommunen sitt klimaarbeid, er det ein føresetnad at det er gjort eit godt arbeid med å gjere hovudmål om til forståelege arbeidsmål som folk kjenner seg igjen i. Her er det ikkje nok å smykke seg med fyndord og omgrep som Smartby og Miljøfyrtårn; fine ord, men kva tyder dei i praksis? Det er vel og bra med Miljøfyrtårnsertifisering retta mot arbeid med avfallshåndtering, energibruk, innkjøp, men i det samla klimaarbeidet er dette som ein forbokstav å rekne.

Kanskje kunne kommunen gjere som Stord kommune, som var svært utrygge på korleis dei skulle arbeide med å utvikle klimaplan og klimamål. Dei tillyste eit folkemøte der dei tok inn fagfolk frå ulike felt for å gjennomdrøfte ulike mål, og endte med ein plan om 100% reduksjon av klimagassar innan 2030! Link til video frå folkemøtet: https://www.sunnhordland.no/nyhende/folg-stord-sin-klima-kickoff-her

Med helsing

På vegne av Besteforeldrenes Klimaaksjon, Ålesund og omegn
Eigil Bele, Fride Rudi, Harriet Lange, Janne Leonora Eilersen, Harald Ødegård

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*