Jul og lysforureining

Det er snart jul – og moder tenner alle lys … Men bør ho, eigentleg? Lysforureining er jo eit aukande problem. Det burde også Fredrikstad Blad tenkje på, meiner Kristin Ese frå BKA – før dei inviterar folk til å sende inn bilete med hus pynta med økoskadeleg lys. «Kan ikkje FB istaden oppmoda oss alle å pynta julehus med minst muleg lyssetting?»

Kristin Ese, historikar, medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon

Fredriksstad Blad oppfordrar oss til å senda inn bilete av julehuset vårt; underforstått hus som er pynta med ein masse lys. Men er det så lurt å oppmoda til auka lyssetting av byen vår? (Pynting kan sjølvsagt gjerast utan lys, men dei fleste som pynter husa sine gjer det med fargerike lyssettingar.)

Kva er konsekvensane av alt for mykje lys, også kalla lysforureining? Forskarar åtvarer om at kunstig lys om natta kan ha store konsekvensar for innsekter og dyr. Nedgangen i talet på insekter er ein trusel for økosystemet over heile vera. For mykje lys må ta ein del av skulda for dette – og sidan vi veit av mykje av matvareproduksjonen er avhengig av insekter er det betenkeleg at vi ikkje begrensar lysettinga, spesielt i byane. Ein fjerdedel av verda er i dag dekka av kunstig lys – og det er vi i den rike delen av verda som står for storparten av dette. Kunstig lys bør avgrensast til der det trengst om natta.

Også media har sett fokus på problemet og åtvarar til dømes mot opplyste tre, buskar og husvegger i mørketida. Koronautbrotet har desverre forsterka tendensen til auka lyssetting. Fleire snakkar no om ei lovgiving som regulerer utelys der nattemørkret og biologisk mangfald blir tatt hensyn til.

Kan ikkje Fredriksstad Blad istaden oppmoda oss alle å senda inn bilete av pynta julehus med minst muleg lyssetting? Det er meir framtidsretta og bærekraftig.


Meir om lysforureining: Slår alarm om lysets påvirkning på dyr og natur (NRK)

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Birthe Nielsen | 06.12.2020

    Enig med deg, og interessant artikkel. Selv synes jeg, at det viktigste er å ha godt leselys inne.
    Vi får sjelden sett stjernene, i hvert fall når vi bor i en by, og dette gjør kanskje også at folk får større avstand til naturen.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*