På Per Fugellis stier

per fugelli hus røst

I dag er Normann Natland i Bodø, etter å ha sykla flere dager rundt på Røst, og blitt overveldet både av naturen og møter med mennesker på stedet han lenge har drømt om å komme til. En hovedsak for ham var å se plassen der Per Fugelli holdt til, og få lov å gå på noen av de gamle stiene der. «Han vandra her på øya, der menneska han elska budde, kor tankane hans kring livet vart forma.»

Lenge har eg ynskja å sjå;
– stiane han vandra på,
– menneska han levde blant,
– fuglane han høyrde og snakka med,
– ørnane som styrte ovanfrå,
– havet som gav mat til folket,
– luktene frå tørrfiskhjell som gav rikdom
– krafta i møte mellom menneskje og natur
– lukta av lyng og tare
– huset til mennesket som
forma eit univers
prega av samvit og omsorg
og delte tankane med oss.

Per Fugelli er namnet, her nokre ord:
– Bry deg om flokken din,
– Nestekjærleik er den største kapital eit land kan ha,
– 99,7 % av genane våre er felles.

Det bor 5 mill. menneske i Norge
du er ikkje eit eitt-tall på jorda
du tilhøyrar ein flokk:
– skule, arbeid, landet,
– menneskeheita, naturen,
– ånder og gudar

Næraste flokken er familien,
– dei som står deg nær
– dei du er gladast i
– reddast for og oftast sint på
– denne flokken er grunnmuren i livet,
– som gir eller ikkje gir kjærleik/tryggleik
– og mot til å være deg sjølv.

Shakespeare skriv: ‘to be or not to be’
Per Fugelli: ‘to belong or not to belong’
– Bry deg om flokken din

Når eg vandrar slik i Per Fugelli sitt univers tenkjer eg mykje på kampen for eit betre klima og medlemskapet eg har i Besteforeldreaksjonen.

Gjennom resten av mitt liv ynskjer eg som ein ‘senior’ i min vetle flokk å gjera det eg kan for at FLOKKEN av barn og barnebarn, og alle andre framtidige barn skal oppleva eit leveleg klima i deira framtid.

Eg kan ikkje satse på at andre gjer arbeidet gjennom tanken: «alt ordnar seg».

– Eg tek ansvar
– Eg vil verna min FLOKK
– og flokkane av alle BORN
– Side ved side, skulder ved skulder
– HJARTE i HJARTE

Eg veit at han, Per Fugelli, hadde vore saman med oss i Besteforeldreaksjonen, eg snakka med han i natt, det var gode draumar og ein god samtale.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*