Aller ytterst i Lofoten

normann røst 2

Normann Natland er kommet til eventyrlige Røst. 365 øyer og snaut 500 innbyggere. – Imponert, det blir jeg stadig, over hvordan livet mestres her ute – også ved tristhet og krise, sa Per Fugelli. Normann har drømt om å besøke stedet aller ytterst i Lofoten, for å gå på noen av Per sine stier. «Min favorittlege, som har skrive så mykje om korleis me kan få det betre med kvarandre og med oss sjølve.»

Fra Normanns facebook-side:

Det å reisa slik eg gjer no, på min reise gjennom livet, gjer meg fleire refleksjonar. Tenk om eg i staden for å vera fødd utan nokon røynsle frå livet, heller kunne vert fødd som ein 75-åring med all erfaring og naudsynt kunnskap til å leva livet, på kva nokon vil seia, meir fornuftig måte? Nyfødd som 75-åring, gifta meg og fått ungar som 50-åring, verta jamngamal og festa saman med eigne born som 25-åring ….?

Kva er meininga med livet om vi ikkje skal læra noko, utvikla oss, reflektera over hendingar i livet, gjera kloke og mindre kloke val?

Ved livets slutt ønskjer å tenkja:
a) Jepp, eg hadde mot til å leva eit liv tru mot meg sjølve, ikkje det livet andre forventa eg skulle leva.
b) Eg har hatt mot til å gje uttrykk for eigne kjensler.
c) Eg har ikkje arbeidd så hardt at det har tatt frå meg gleda med å leva.
d) Eg har tatt vare på kontakten med vennene mine.

Det er mykje eg tenkjer på når eg syklar av gårde på ein sykkel som er jækli tung i motbakkane og vinden treffer deg midt i trynet, og heile den breie store kroppen min former ein svær og brei front når motvinden pressar på. Då må eg endra fokus frå det tunge til å tenkja på dokker som lesar dette innlegget, til barn og barnebarn som eg elskar, til min kjæraste Kjersti, til brødrane mine og deira kjæraste, familie og vennane mine, til dokker i koret …

Og no og ikkje minst alle dokker som faiter og kjempar for ein god framtid for komande generasjonar.

Motvinden forsvinn, tankane om kva eg kjempar for gjer meg sterk, og vinden som slår meg i trynet der eg syklar inn fjorden, han vinn eg over, han  legg seg i bakken og seiar «eg gjer meg!». Og ut fjorden att dyttar han meg framover og heiar på meg. I går braut eg fartsgrensa opp til fleire gonger på vegen mellom Leknes og Reine. Når du har vinden i ryggen og det bles 10-12m/s og du tråkker på det tyngste giret i lett nedoverbakke, ja – då vert det morrroooo, ingen bilar vågde å køyra forbi.

Natt til i går trudde eg skulle bli av dei vakraste. Eg fann meg ein lun vik nede med fjorden, eg fekk med meg solnedgangen (ikkje midtnattsol her ennå, slik som i Tromsø og norrafør). Eg la meg i ein «varm» fønvind. Eg har ikkje teke med meg den varmaste soveposen, tok med meg den lette (0 til +5gr). På ein halvtime endra veret seg til det motsette av idyll, vinden slo til mot mitt vetle telt, valleslette/regnet hølja ned – alt vart vått …. Så den natta og morgonen var ikkje lett.

Men kan eg gjera noko med veret? NEI. Kan eg gjera noko med eiget sinn? JA!!!

Slagplan når eg er lengst nede: Ete meg mett, drikke varm solbærsaft, få på meg varme klede og regntøy, pakke saman, komme seg på sykkelen og trø videre og tenk på dei som eg er glad i, og dei gode menneskje eg møter langs vegen som vinkar, roper positive ord. Det handler om mitt eige sinn, eg kan endra meg slik at livet vert lettare å leva. Det er ikkje så jækli langt å sykla om eg ber med meg tankane om det gode i livet.

I kveldinga i går kom eg til staden kor min favoritt-lege har hatt sitt virke. Han har skrive mykje om korleis me kan få det betre med kvarandre og med seg sjølve. Eg har alltid ynskja å komme her, og no skal eg ut for å gå på nokre av Per Fugelli sine stiar her på Røst.

På søndag, til tysdag, skal eg vitja Bodø, få møta fleire eldsjeler som brenn for at alle sine BARNEBARN skal få ei framtid på ein jord som er i balanse!

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*