– Fantastisk med eit barnebarn!

Marius
Glede på Kvinlog våren 2020: Vesle Marius med dei nybakte besteforeldra Erna og Terje.

For litt sidan fekk vi ein e-post frå nybakt farfar Terje Vatland i Kvinesdal: – Eg har gått og fundert på kva mi best kan gjere for og gje noko fornuftig til våre barnebarn. Eg og sambuaren har meldt oss inn i Besteforeldrenes klimaaksjon. I tillegg sender mi 5000 kroner til organisasjonen. Vert det fleire barnebarn, kjem det meir pengar frå oss. Ein kan godt investere litt ekstra i barns framtid, synest mi.

Ei krevjande framtid
Terje og sambuaren Erna bur på Kvinlog. Han er kyrkjegardsarbeidar og ho heimeværende. – Å bli besteforeldre tykte mi var fantastisk, men òg urovekkjande, seier Terje. – Ein kan jo ikkje berre lulla seg inn i noko slags privat idyll. Mi veit at desse barnebarna som lyser opp livet vårt, kjem til å leve sine liv i ei verd prega av store og krevjande utfordringar. Ikkje minst gjeld det det klima og miljø.

Terje hadde tidlegare ikkje høyrt om Besteforeldrenes klimaaksjon, fortel han. – Eg kom over organisasjonen, nærast tilfeldig, då eg surfa rundt på nettet for å sjå om eg kunne finne eit godt formål å støtte. Og dette var jo midt i blinken!

Dei melde seg beinveges inn, begge, og bestemte seg altså for i tillegg å gje 5000 kroner til organisasjonen. – Mi er unge besteforeldre så det skulle vere godt mogleg at det vert fleire barnebarn og dermed fleire gåver i åra som kjem, ler Terje.

Nestleiar i landsstyret, Finn Bjørnar Lund, er begeistra for idéen. – Vi kan sjølvsagt ikkje vente at medlemmar skal betale meir enn kontingenten. Men for dei som har råd til det, og lyst til det, kan dette vere ein fin måte å støtte oss. Ei investering i barnebarns framtid, som Terje Vatland seier. Difor har vi no også laga eit fint takkebrev som Erna og Terje er dei første til å få, og kan hengje på veggen om dei vil. Vi vonar dei skundar seg med å få fleire barnebarn!

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Gro Nylander | 30.04.2020

    Nydelig tiltak! Vi håper ideen sprer seg! Hvordan kan vi best få til det? Kanskje Erna og Terje kan dele dette på FB, eller skrive et avisinnlegg? Beste hilsen Gro Nylander, Landsstyremedlem BKA

  2. Oddbjørg Langset | 03.05.2020

    Til inspirasjon/Må innrømme at jeg mailet dette nå til en svoger:
    Gratulerer med enda et vakkert barnebarn! Håper dere alle har det bra!

    På siste lokalagssamling i Besteforeldrenes klimaaksjon/BKA fikk vi vite at medlemskurva går ganske bratt oppover – snart 4000 medlemmer – men når vi 5000 medlemmer, så utløser det statsstøtte! Her går jo intet bort i administrasjon – alle jobber frivillig i BKA – men litt leiehjelp til en kontorplass sammen med andre miljø/klimaorganisasjoner nedi Oslo sentralt, hadde vært godt, inspirerende og styrkende for miljø/klimasaken!

    Så hvis du ikke protesterer høylytt innen ei uke, så får du i gave fra meg, et medlemskap ut året 2020. Deretter er det opp til deg/dere å bli enig om hvor vidt forlengelse!

    Les mere på BKA sin inholdsrike hjemmeside og FB-sida vår. Hyggelige, kunnskapsrike folk – så du kjem i godt selskap!

  3. Erna og Terje | 04.05.2020

    Så hyggelig. Tusen takk. Vi har spredd det på Facebook. Spennende om der er noen som reagerer og henger seg på. Ha en fin dag videre.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*