– Vi er ein del av jorda

Molde krk innfelt bilde
Molde domkirke er kvart år med i klimafestivalen. Det same er eit aktivt lokallag av Besteforeldrenes klimaaksjon.

Klimagudstenesta er fast innslag under klimafestivalen i Molde. Kapellan Ståle Johan Aklestad hadde denne søndagen late seg inspirere av naturfolka og deira syn på natur som noko heilagt. Klimautfordringane angår i høgste grad kyrkja, sa han. «Kristi ansikt er dei fattige sitt ansikt. Kristi ansikt er dei undertrykte sitt ansikt. Klimaendringane treff hardast i dei fattige delane av verda.»


Kappelan med sans for natur: Ståle J. Aklestad

Året er 1854. Gullgravarar og nybyggarar har nådd fram til den amerikanske vestkysten, og ynskjer å få tak i land. Problemet er at det allereie bur nokon der. I det som skal bli delstaten Washington tilbyr styresmaktene til slutt å kjøpe alt indiansk land, eller meir presist: dei tilbyr indianarane eit reservat der dei får leve i fred, i byte mot all deira jord. 82 lokale høvdingar underskriv til slutt avtalen. Og på eit utandørs møte den 11. mars skjer overdraginga, der leiaren for den lokale Suquamish-stammen held ein tale. Og han startar slik:
Den store høvding i Washington har sendt bud om at han ønsker å kjøpe vårt land. Men går det an å kjøpe eller selge himmelen over oss eller varmen fra jorden? En slik tanke er fremmed for oss. Vi eier ikke luftens renhet eller glitringen i vannet. Hvordan kan han da kjøpe det av oss?
Talen er i ettertid blitt kalla Høvding Seattles tale. Ein del av den brukte vi som samlingsbøn i dag, om at jorda ikkje tilhøyrer mennesket, men at mennesket tilhøyrer jorda, om at alt heng saman, slik blodet foreiner familien. Og det er nok også den som ligg til grunn for Pocahontassongen som barnekoret song, som starta med «Du tror du eier jorden som du går på.» og som snakkar om at «vi er nært forbundet med hverandre i en sirkel, i en ring som går igjen.» For Høvding Seattle forstår at hans folk si tid er omme, og at den kvite mann vil overta. Talen er ei bøn om å ta vare på innsjøane og elvane og skogane og alt som lever, fordi vi er forbunde med alt dette. Og talen er også ei åtvaring, for han har sett den kvite mann si arroganse, korleis han skyt bøflar frå toget som underhaldning og let dei ligge og rotne på prærien.

Det er klimafestival i byen no, og vi feirar klimagudsteneste. Og eg synest orda til den gamle indianarhøvdingen høver i vår samanheng. «Hele denne jord er hellig for mitt folk. Hver eneste skinnende barnål, hver sandstrand, hvert slør av dis i de mørke skoger, hver eneste lysning og alle de summende insektene er hellige i mitt folks tradisjoner og bevissthet. Vi er en del av jorden, og den er en del av oss.»
No er nok ikkje orda direkte Høvding Seattle sine. Den opprinnelege talen vart nemleg ikkje nedskriven, men ein lege som var til stades, Henry Smith, skreiv ned ein engelsk omsetjing over 30 år seinare, basert på brotstykke av det han hadde fått oversett frå Høvding Seattle sitt språk (Lushotseed) til Chinook, som Smith forstod. Det hadde for så vidt vore greitt, kyrkja har lang erfaring i å stole på tekstar skrivne om lag 30 år etter dei faktiske hendingane. Men vår versjon av talen ligg på nokre punkt eit godt stykke frå denne nedskrivne versjonen også, den stammar nemleg frå ein miljøfilm («Home») produsert for ein baptistisk tv-kanal i USA i 1972. Det var då m.a. bøflane vart lagt inn, for jarnbana over prærien vart ikkje bygd før 15 år etter Høvding Seattle heldt sin tale, og dei store bøffelnedslaktingane byrja 5 år etter det igjen. Men trass redigering og nytolking av miljørørsla – vert talen mindre sann av den grunn? Det er vel for så vidt også eit kjent fenomen frå gamaltestamentleg forsking av tekstane har blitt endra og fått tilføyingar opp gjennom hundreåra. Utan at dei mister si kraft.
Kvifor bruke så mykje tid på ein indianarhøvding i kyrkja? Fordi eg trur han har noko å lære oss. C.S. Lewis skriv ein stad at alle religionar har noko sant i seg, fordi alle skimtar Gud, berre gjennom uklare linser. Og at Jesus Kristus er den klaraste linsa vi har. Indianarane og andre naturfolk har skimta Gud gjennom naturen. Og det dei har sett, er på tide å ta fram igjen. Erkjenninga av at jorda er heilag. At alt heng saman som ein stor vev, at Guds pust er i alt som lever.

Vi har som vanleg lese tre tekstar i dag. Men det er sjeldan vi les tre så sentrale tekstar på ein og same søndag. Evangelieteksten handlar om bryllaupet i Kana. Det første teiknet Jesus gjer i Johannesevangeliet. Vi song til og med ein bryllaupssalme idet vi las den. Det er ein sterk teologisk tekst, eit frampeik mot Jesu gjerning. Og eg lurte ei stund på korleis dette kunne brukast inn mot vårt tema, som er klima. Heilt til det slo meg at dette kanskje er kyrkja sitt viktigaste perspektiv inn i desse spørsmåla. Frampeiket og utgangspunktet. For det kan vere nedslåande og dystert både å lese og å sjå dokumentarar om kva som skjer med klimaet på jorda. Og mange er redde, med god grunn. Difor treng vi å minne oss sjølve på utgangspunktet. At jorda er ein hage. Som vi høyrde i Baloo-songen frå barnekoret, ein hage der vi kan ta livet som det fell seg og bli metta av naturen si pølsebu. Eller, som i vår tekst, eit bryllaup, der Kristus er blant gjestane. Og sjølv om det verkar som det snart er slutt på vinen, så vil han gjere sitt verk. Og dette biletet er djupt forankra i kyrkja sin teologi. Festen og bryllaupet er biletet som vender attende også når det er snakk om alle ting si avslutning. For utgangspunktet er at jorda er heilag. Som Martin Lönnebo uttrykte det på Kirkemøtet i 2007:
«Kirkens oppgave er å bevare helligheten. Duft av hellighet beskytter jorden, ellers forvandles den til råvare. Når jorden og dens liv forvandles til råvare, reiser den seg mot menneskene i historiens største slaveopprør.»

Så høyrde vi frå skapingsforteljinga i 1. Mosebok. «Fyll jorda og legg den under dykk», seier Gud. «De skal råde over fiskane i havet og fuglane under himmelen og over alle planter og dyr som det kryr av på jorda.» Det er dette som blir kalla forvaltaransvaret. Og her må vi låne øyre til pave Frans. I 2015 gav han ut ei Encyklika, eit slags høgtideleg paveleg rundskriv, med tittelen Laudato Si, som betyr «Ære være (deg) (tittelen er henta frå Frans av Assisi sin Solsang) og som har undertittelen «Om omsorgen for vår felles heim.» Og her adresserer han i første linje «every person living on this planet». Alle menneske som lever på jorda. Og saka han har på hjartet er nettopp klimasaka. Han er modig og han er oppdatert og han er tydeleg på at dette i høgste grad angår kyrkja. Og i denne Encyklikaen kommenterer han han skapingsforteljinga. For av og til vert den kristne trua skulda for å ha lagt til rette for ei instrumentalisering av naturen, og dermed bana vegen for kapitalismen, med utgangspunkt i nettopp denne teksten frå 1. Mosebok, der mennesket blir sett over alt det skapte. Men Pave Frans seier at dette er ei tolking på villspor. 1. Mosebokteksten tyder på ingen måte at menneska skal ta seg til rette eller utnytte jorda. Lese i sin kontekst tyder det å ta vare på og dyrke hagen. Det er noko heilt anna.

Så høyrde vi til slutt frå Johannes Openberring om ein ny himmel og ei ny jord. Ein tekst som vi ofte les i gravferder, og som handlar om nyskaping. «Sjå, eg gjer alle ting nye», seier Kristus. Det er ein sterk tekst om kyrkja sitt håp og om kyrkja sitt grunnleggande vesen, og det er ein sterk tekst om Kristus sjølv. Men det er også ein tekst som har blitt brukt som sovepute. For dersom alt likevel skal gå under og nyskapast, kvifor då bry seg med jorda? Og igjen synest eg å høyre Pave Frans si stemme: Kristi ansikt er dei fattige sitt ansikt. Kristi ansikt er dei undertrykte sitt ansikt. Klimaendringane treff hardast i dei fattige delane av verda. Vi kan ikkje late att augo, spesielt sidan det er vi i den rike delen av verda som har forårsaka endringane. Så lenge vi bur her, har vi ansvar for å ta vare på hagen. For den er, som pave Frans seier, vår felles heim.

Vi skal vende attende der vi starta. Til Høvding Seattle si tale. For eg vil slutte med eit avsnitt der han vert teologisk. Og sjølv om dette er eit at dei punkta i talen der vi tydeleg anar ein meir moderne forfattar som kjenner dei gamaltestamentlege og nytestamentlege tekstane, så mister ikkje orda styrke av den grunn. For Høvding Seattle seier, vendt til den kvite overmakta og Den store Høvding i Washington:
«Men når den siste røde mann er borte, og minnet om ham bare er som skyggen av en sky som glir over prærien, vil mitt folks ånd fremdeles leve i disse skoger. For vi elsker landet som den nyfødte elsker sin mors hjerteslag. Hvis vi selger vårt land, så elsk det som vi har elsket det, vern om det som vi har vernet om det. Glem aldri hvordan landet var da du overtok det. Og med all din styrke, all din makt og hele ditt hjerte, bevar det for dine barn og elsk det som Gud elsker oss alle.»
Ære være Faderen og Sonen og Den heilage Ande…..

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Tone Toft | 21.01.2020

    For en fantastisk og berørende tekst. Ståle Johan Aklestad bærer frem et budskap som handler om å ta vare på Moder Jord.
    Han tar utgangspunkt i Høvding Seattles tale som er mer aktuell enn noen gang. Urfolk over hele verden blir fratatt sine naturområder som de har forvaltet på naturens og økologiens premisser gjennom hundrevis av år hvor mennesker, dyr og natur har levd i harmoni med og hatt respekt for hverandre.
    Slik er det ikke i dag. Alt kan kjøpes og selges… også jorda og naturen – som egentlig tilhører oss alle. Urfolk i Norge (samer og reindriftsutøvere…) fortrenges fra sine områder til fordel for storsamfunnets såkalte behov og krav. Regjeringens store vindturbinprosjekt som går som en farsott over hele landet og er i ferd med å teppebombe vår siste villmark er et skrekkens eksempel på hvordan storsamfunnets imperialistiske fremgangsmåte overkjører både naturen og urbefolkningen og deres bærekraftige næringsvei.
    Det samme er tilfelle i mange andre verdensdeler og land – og jeg tenker da f.eks på regnskogen i Amazonas, oljeboring på land og til havs og mye, mye mer…
    Store multinasjonale selskaper kjøper opp rettigheter til jord og vann – som i stor grad rammer utbefolkning og de fattigste og mest sårbare på denne skakkjørte planeten.
    Det er tid for å gråte – men vi må samtidig reise oss som en gigantisk flokk og ta Jorda vår tilbake. Ikke som en forurensa og overoppheta klump – men gjenskape muligheten for en frisk og fruktbar Klode hvor fremtidige generasjoner kan levesine gode liv.

  2. Christian F. Holst | 21.01.2020

    Kristin og jeg var med i Molde domkirke og hørte talen. Det ble en sterk opplevelse. Mye folk i kirken den søndagen. Stor takk til kappelan Aklestad. Takk også til Halfdan som laget oppslaget på vår hjemmeside.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*