Hugseliste for klimadebattantar

ola Lavollen
Ola er klar for både Arendalsuka og haustens valkamp.

Det bles opp til valkamp, – der må Besteforeldra vere med, meiner Ola Dimmen i Trondheim. For å prøve å styrke oss i debatten har han laga seg ei omfattande argumentasjonsliste. – Det er viktig for oss å kunne møte propagandaen frå oljelobbyen, tydeleggjera dei politiske konfliktane og få fram nokre avgjerande hovudpunkt. Noreg er i praksis med på eit veddemål mot Parisavtalen, slik eg ser det.

Ola legg vekt på at lista og argumenta ikkje er utfyllande, og tek gjerne imot alle forslag til forbetringar. Skriv til: oladim@online.no

Velkomen til ein del informasjon og argument om klima,
global oppvarming og norsk olje- og klimapolitikk.

 Dette er ei lita «huskeliste» som kanskje kan brukast i klimadebatten. Her er mykje kjent stoff, men det kan vere nyttig å repetere gangbare opplysningar og argument fram mot valet. Diskusjonen kan jo bli lettare absurd når dei største oljetilhengarane gir seg ut for å vere dei største klimaentusiastane. 

Ein meir utfyllande versjon med kjelder og underpunkt finn du HER.
Lykke til med arbeidet for klimasaka!
Beste helsing Ola Dimmen, leiar i Besteforeldrenes klimaaksjon i Trondheim.

Kort om global oppvarming

  • Global oppvarming skjer raskare enn det vi venta berre for nokre få år sidan, og vi ser allereie no alvorlege konsekvensar av klimaendringane.
  • Karboninnhaldet i atmosfæren er no det same som for 3 mill. år sidan og då var temperaturen på jorda 2-3 grader varmare og havet 10-20 m over dagens nivå.
  • Karbonbudsjettet er ikkje eit «budsjett» vi kan bruke, men ei grense som set bom stopp for all bruk av kull, olje og gass.
  • Risikoen for sjølvforsterkande og ustoppeleg global oppvarming stig stadig og blir  svært høg viss vi fortset som no i 10 år til.
  • Oppvarminga av Arktis kan utløyse global klimakatastrofe.
  • Klimarettferd inneber at også fattige land skal ha rett til å bruke fossil energi til økonomisk utvikling.

Global oppvarming trugar både klima, natur og samfunn i Noreg.

  • Noreg blir sterkt påverka av klimaendringane i nordområda, for eksempel på Svalbard eller når Golfstraumen blir endå meir svekka.
  • Den største trusselen mot oljenæringa er global oppvarming.
  • Skatteordningane for oljenæringa gjer at staten tar nesten 90% av risikoen ved investeringane på sokkelen.
  • Den økonomiske støtta frå staten, leiterefusjon mm, kan fort bli «stranded assets» når oljen må ligge og når oljeselskapa ikkje tener pengar.
  • Klimaendringane trugar norsk matproduksjon og matimport.
  • Øydelegging av natur og livsvilkår er ikkje «verdiskaping».
  • Havstigning får store konsekvensar for lågtliggande statar og kystnasjonar.
  • Nordområda er spesielt utsette for forsuring av havet og dette påverkar fisken og livet i havet.
  • Kollapsar klima, kollapsar verdsøkonomien. Norsk økonomi og eksport blir sterkt ramma og det meste av oljefondet kan gå tapt.
  • Det meste av statens inntekter kjem framleis frå ikkje-oljebasseret verksemd, og nasjonale velferdsordningar blei innført lenge før vi fann olje.
  • Vi kan fase ut oljenæringa, men likevel bruke avkastninga frå oljefondet til velferdstiltak.
  • I dei siste åra har oljefondet vakse mykje meir pga. avkastninga på finansielle investeringar enn på innskot frå olje og gass.

Norsk klimapolitikk og klimakrisa

  • Noreg deler stadig ut nye lisensar og vi vil tydelegvis ta opp det aller meste av olje og gass både i Nordsjøen, Norskehavet og Arktis.
  • Norsk oljepolitikk fornektar i praksis alvoret i klimasituasjonen.
  • Global oppvarming kan kome ut av kontroll og det er fullstendig uansvarleg å utsette nødvendige nasjonale klimatiltak.
  • Klimasituasjonen er kritisk allereie og vi må erklære nasjonal klimakrise.
  • Norske CO2-utslepp har auka 24% sidan 1990, medan nordiske naboland og EU har redusert CO2-utsleppa vesentleg. Danmark ned 45%, Sverige ned 27%, EU ned 27%.
  • Noreg sviktar klimaforliket og eigne klimamål.
  • Statsbudsjettet legg opp til altfor liten reduksjon av klimagassutsleppa.
  • Noreg satsar på kvotekjøp og vil ikkje ta utsleppa heime.
  • Dagens forbruk av fossile ressursar medfører svært stor risiko for klimakollaps.
  • Regjeringa bryt §112 i Grunnlova og styrer mot klimakatastrofe.
  • Erna er «teknologioptimist», men ho vil likevel ikkje la noko olje ligge slik at komande generasjonar kan finne noko betre å bruke oljen til enn berre å brenne den opp.
  • Våre barn må ta ansvaret og rekninga for dagens feilslåtte klimapolitikk.
  • Regjeringa ignorerar alle åtvringar frå forskarar og eigne fagfolk mot oljeboring i Arktis.
  • Vi borar i Arktis utan effektiv oljevernberedskap, i følge Riksrevisjonen.
  • Det er moralsk og politisk havari når vi går inn for ein politikk som øydelegg jorda for komande generasjonar.

Norsk oljepolitikk er i praksis sabotasje av Parisavtalen.

  • Noreg vil ta opp så mykje som mogleg av olje og gass og satsar på eit høgt framtidig forbruk som vil sprenge alle klimamål.
  • Fortsatt norsk oljesatsing er eit veddemål mot klimapolitikken og vi satsar på at Parisavtalen blir mislukka.
  • Klimagassutsleppa frå eksportert olje og gass er 11 gonger så store som norske utslepp.
  • I 2050 skal verden vere karbonnøytral og ikkje sleppe ut CO2 og då er det heller ikkje plass til norsk olje og gass.
  • Karbonfangst og lagring (CCS) kan bli ein del av løysinga, men kan ikkje redde klima åleine.
  • Noreg har ikkje «verdens reinaste olje» og det betyr heller ingen ting om vi har litt mindre utslepp frå sjølve oljeproduksjonen enn andre land. Det er utsleppa frå brenninga som skaper global oppvarming.
  • Equinor investerer i miljøfarleg og skitten oljeproduksjon i USA, Brasil og Australia.
  • Equinor er medlem av API (American Petroleum Institute) som driv lobby for fossilindustrien og klimafornektarar.
  • Staten og Equinor investerer minimalt i fornybar energiproduksjon samanlikna med oljesatsing.
  • Hydrogenproduksjon frå metangass gir ikkje «rein gass», fordi CCS blir for dyrt og ingen vil betale.
  • Vi kan produsere reint hydrogen med elektrolyse av vatn, slik som td. hos Asko i Trondheim. Vi treng altså ikkje fortsatt oljeverksemd for å lage hydrogen.
  • Globale militære utslepp og utslepp frå internasjonal skipstrafikk og flytrafikk er ikkje med i klimarekneskapen, så vi har dårlegare tid enn vi trur.
Spre klimavett,
del denne saken!

6 kommentarer

  1. Thomas Cottis | 26.07.2019

    Fin liste Ola. Stå på

  2. Wenche Arff Gulseth | 26.07.2019

    Tusen takk. En god liste.

  3. Christian F. Holst | 27.07.2019

    Takk, Ola!
    Denne listen vil bli til stor hjelp i klimakampen. Den viser også hvilkek svik et flertall av politikerene er med på overfor undommen og alle andre som skal overta etter oss! Min kjære Kristin støtter også det du skriver.

  4. Leif Johnsen | 31.07.2019

    Takk. Dette var veldig nyttig. Fint å ha slike «argumentlister» med seg i valkampen.

  5. Gro Nylander | 11.08.2019

    Kjære Ola, du slår til igjen! Flott liste, i spedd din vanlige humor og illustrasjoner. Vi må nok bruke listen etter prinsippet «Du skal ei lese for at sluke, men for at se hva du kan bruke» i de enkelte situasjonene. Får prøve å pugge den. Håper vi ses i Arendal!

  6. Sylvi Grythe | 20.08.2019

    Hei!
    Flott liste. I morgen møtes for første gang en gjeng BKAère i Indre Østfold for å sette miljøkampen på dagsorden, forhåpentlig også i den lokale valgkampen. Jeg håper at vi får til noen innlegg i avisa der vi utfordrer de ulike partiene. Da kan vi ta utgangspunkt i din liste og gjøre den lokal. Så tusen takk Ola!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*