Hugseliste for klimadebattantar

Velkomen til ein del informasjon og argument om klima, global oppvarming  og norsk olje- og klimapolitikk 

Dette er eit forsøk på å lage ei «huskeliste» som kanskje kan brukast i klimadebatten. Her er mykje kjent stoff, men det kan vere nyttig å repetere gangbare opplysningar og argument fram mot valget. Diskusjonen kan jo bli lettare absurd når dei største oljetilhengarane gir seg ut for å vere  dei største klimaentusiastane.. 

Lukke til med arbeidet for klimasaka!
Beste helsing Ola Dimmen, leiar i Besteforeldrenes klimaaksjon i Trondheim.

A: Kort oversikt over global oppvarming
B: Global oppvarming trugar Noreg
C: Norsk klimapolitikk
D: Norsk oljepolitikk og klima

A: Kort oversikt over global oppvarming

Global oppvarming skjer raskare enn det vi venta berre for nokre få år sidan, og vi ser allereie  no alvorlege konsekvensar av klimaendringane:
Varmebølger, skogbrannar, ekstremvær, skader på jordbruksland, ørkenspreining, klimaflyktningar over Middelhavet, isen smeltar på Nordpolen/Grønland/Antarktis/isbrear, store elvar og vannforsyninga i Asia er truga, havstigning, permafrost og tundra tinar og slepp ut metangass, osb. 

Karboninnhaldet i atmosfæren stig faretruande.
Det er no meir CO2 i atmosfæren enn på over tre millionar år.1
Det er målt 415 ppm og forrige gong karboninnhaldet var så høgt, var temperaturen på jorda 2-3 gradar varmare enn i dag. (ppm – parts per million)
Då var havnivået 10-20 meter høgare enn i vår tid.2 

Karbonbudsjettet er fullstendig uansvarleg å bruke opp.
Karbonbudsjettet er eit mål for kor mykje meir fossile ressursar verda kan bruke før det er bom stopp.3
Viss vi held fram med dagens utslipp i 10 år til, har den globale oppvarminga nådd 1,5 grader og då er «budsjettet» brukt opp.
Då er det likevel 33% sannsynligheit for at den globale oppvarminga og klimaendringane kjem ut av kontroll, så 1,5 grader oppvarming er svært farleg og medfører ein høg og uakseptabel risiko for klimakatastrofe.
Verda må altså redusere klimagassutsleppa dramatisk og veldig fort. 

Oppvarminga av Arktis kan utløyse global klimakatastrofe.
Temperaturstigninga i Arktis blir over dobbel så høg som det globale gjennomsnittet.
Risikoen aukar stadig for at oppvarminga av Arktis kan nå eit «vippepunkt» og bli sjølvforsterkande og ustoppeleg.
Stadig fleire forskarar meiner at vi får ein nordpol utan sommaris i 2050.
Vippepunkt kan intreffe når polisen smeltar for mykje eller viss store mengder metan blir frigjort frå tundra og havbotn.
Grønlandsisen smeltar mykje raskare enn før, og viss alt smeltar, vil havet stige 6 – 7 meter globalt.
Endringar i klima i Arktis påverkar Golfstraumen og den er venta å gå saktare utover i vårt århundre.4
Jettstraumane høgt i atmosfæren har endra seg og det påverkar fordelinga av kald og varm luft over nordområda. 

Klimarettferd inneberer at også fattige land må få bruke fossil energi til økonomisk utvikling.
Økonomisk framgang i vår rike del av verda skuldast i stor grad bruk av fossile ressursar.
I dei nærmaste tiåra kan verda bruke svært lite olje og gass, og då er det mest rettferdig at dei fattige landa  får disponere dette for å oppnå økonomisk utvikling.
Fattige land er mest sårbare og blir sterkast råka av klimaendringar, og økonomisk framgang gjer dei meir rusta til å forebygge klimaskader.

B: Global oppvarming trugar både klima, natur og samfunn i Noreg

Noreg blir sterkt påverka av klimaendringane i nordområda.
Oslo ligg på same breiddegrad som sørspissen av Grønland.
Endringar i Golfstraumen vil påverke natur og levevilkår i heile landet.4
Barentshavet er viktige oppvekstområde for norske fiskeressursar, og torsken trekker lengre nord når havet blir varmare utanfor Noreg.
Svalbard kan i verste fall bli 10 gradar varmare.5

Den største trusselen mot oljenæringa er global oppvarming.
I ein kritisk klimasituasjon blir det politisk umogleg å halde fram med å brenne olje og gass og forurense atmosfæren slik vi gjer no.
Arbeidsplassar i oljenæringa vil forsvinne raskt.

Skatteordningane for oljenæringa gjer at staten tar nær 90% av risikoen ved investeringane på sokkelen.6
Staten støttar oljeselskapa med leiterefusjon, friinntekt, gunstige avskrivingsreglar, opphørsrefusjon, osb.
Viss olja skal ligge eller viss oljeselskapa ikkje tener pengar, vil dei ikkje kunne betale skatt og då vil mykje av den statlege investeringsstøtten gå tapt. (Stranded assets)

Klimaendringane trugar norsk matproduksjon og matimport.
Landbruket og matproduksjonen blir hardt ramma av klimaendringane.
Norsk sjølvforsyningsgrad er utilstrekkeleg, og matimport blir dyrare og vanskelegare tilgjengeleg.

Havstigning kan få store konsekvenser for kystnasjonar.
Havnivåstigning kan få negative verknader på fiskeri, turisme, infrastruktur og jordbruk i Noreg.7 Lavtliggande landområder som øystatar, Bangladesh, Danmark, Nederland mm, blir sterkast ramma.

Nordområda er spesielt utsett for forsuring av havet.
Kaldare hav tar opp mest CO2 og dette rammar hav i nord sterkast.

Global oppvarming trugar norsk velferd og norsk økonomi.
Viss klima kollapsar, kollapsar verdsøkonomien. Då forsvinn det meste av oljefondet, og norske eksportnæringar blir hardt ramma. (Olje, fisk mm.)

Sosial velferd og nasjonale velferdsordningar blei innført lenge før vi fann olje.
Folketrygda kom i 1967.
Mesteparten av statens inntekter og grunnlaget for velferdsordningane kjem fortsatt ikkje frå oljenæringa.

Vi kan fase ut oljenæringa og behalde velferden.
Pengane vi bruker i statsbudsjettet til velferdsordningar, kjem ikkje direkte frå pågåande oljeproduksjon, men frå avkastninga av oljefondet.
Utfasing av oljeaktiviteten vil bli krevjande og får store konsekvensar, men er heilt nødvendig og må følgast opp med fornybar industrisatsing og offentlege støtteordningar slik som for eksempel oljenæringa nyt godt av no.
Vi må truleg redusere det private forbruket og vår materielle velstand for å redde klimaet.
Jo før vi gjer det, dess lettare blir overgangen, og risikoen for klimakollaps blir også mindre.
Fortsatt oljesatsing hindrar omstilling til meir fornybar energiforsyning.

 Oljefondet veks mest pga. avkastninga på finansielle investeringar, ikkje pga. innskot frå olje og gass.
Avkastninga berre dei sju siste åra, er større enn dei totale innskota i oljefondet sidan starten i 1990.8
Ca. 70% av verdiane i oljefondet (Statens Pensjonsfond Utland) er investerte i aksjar og verdipapir og desse verdiane er svært sårbare for problem og kriser i verdsøkonomien.

C: Norsk klimapolitikk og klimakrisa

Norsk politikk fornektar i praksis alvoret i klimasituasjonen.
I Noreg påstår både myndigheitene og politiske parti at vi skal oppfylle målsettingane i Parisavtalen.
Likevel  skal Noreg ta opp det aller meste av norsk olje og gass på sokkelen og i Arktis.
Vi ignorerar klimaverknadane av vår eigen olje-og gasseksport og fornektar at ein slik politikk vil sprenge alle klimamål og sabotere Parisavtalen.
Nasjonale klimagassutslepp går nesten ikkje ned, og vi set nye utsleppsmål langt fram i tid og ser bort frå  tidspresset vi har for å handle.

 Global oppvarming kan kome ut av kontroll og det er fullstendig uansvarleg å utsette nødvendige klimatiltak.
Global oppvarming går fortare enn det vi trudde berre for nokre få år sidan.
Viss vi ikkje handlar no, risikerer vi at den globale oppvarminga når eit eller fleire vippepunkt og blir sjølvforsterkande og ustoppeleg innan få tiår.
Noreg ligg langt etter i å redusere klimagassutsleppa, og det er fullstendig uansvarleg å vente med effektive klimatiltak i 10-30 år.9

Vi må erklære nasjonal klimakrise.
Kriseforståinga synleggjer klimatrusselen og verkar mobiliserande på folk, jmf. klimastreikane.
Når vi erklærer klimakrise, blir det vanskelegare å trenere klimatiltak.
Krav om handling gir optimisme og kan styrke opinionen mot dagens elendige klimapolitikk.

Noreg er ein klimasinke.
Norske utslipp av den viktigaste klimagassen CO2 har auka med 24% sidan 1990.10
Danmark har til samanlikning redusert sine CO2-utslipp sidan 1990 med 45%, Sverige med 27%, Tyskland med 31% og Storbritannia med 53%.
Samla nedgang i EU sidan 1990 er på 27%.

Noreg sviktar klimaforliket og eigne klimamål.
Målsettinga for klimaforliket var å redusere norske utslepp av CO2 med 7 millionar tonn i 2020.
Stortinget og regjeringa har ikkje gjort noko reelle forsøk på å nå måla.9
Klimaforliket i Stortinget  var ei urealistisk programerklæring som ingen ville gjennomføre.11
Klimaforliket er eit bedrag og «slik har vi bedratt oss selv flere ganger», skriv Jens Stoltenberg.12

Statsbudsjettet legg opp til altfor liten reduksjon av klimagassutsleppa.
Regjeringa hevdar at vi skal klare å kutte 50% av norske klimagassutslepp innan 2030.
Viss alle tiltaka i statsbudsjettet blir gjennomført og vidareført, vil vi likevel berre oppnå ca. 13% kutt i 2030.13
MDG har gått gjennom statsbudsjettet og rekna ut at det blir berre 11,5% kutt.

Noreg satsar på kvotekjøp og vil ikkje ta utsleppa heime.
I følgje klimaforliket skal Noreg ta 2/3 av utslippskutta heime.
Noreg sa likevel under klimaforhandlingar i Bonn i juli 2019 at vi skal kjøpe kvoter for å dekke våre utslippsforpliktelsar.14
Vi tenker å kjøpe kvoter der vi ikkje skal bruke kvoter, altså i «ikkje kvotepliktig sektor».
Dette heiter «fleksible mekanismer» i avtalen med EU.15

Dagens forbruk av fossile ressursar medfører svært stor risiko for klimakollaps. Styresmaktene vil ikkje begrense oljeaktiviteten og aksepterer ein totalt uansvarleg risiko for sjølvforsterkande og ustoppeleg global oppvarming.
Risikoen for klimakatastrofe er mykje større enn den minimale risikoen som vi aksepterer for andre ulykker, husbrann, flystyrt osv.
Dagens «tut og kjør politikk» bryt med føre-var prinsippet og alle standarar for samfunnssikkerheit.

Regjeringa bryt Grunnlova og styrer mot klimakatastrofe.
§112 er svært tydeleg på at myndigheitene skal ta vare på klima og natur for komande generasjonar.
Ein politikk som styrer mot klimakatastrofe, er i strid med Grunnlova.

Regjeringa vil ikkje fase ut norsk oljeproduksjon og Erna er «teknologioptimist».
Regjeringa styrer mot klimakollaps, men Erna og Høyre har ingen planar om å fase ut norsk olje-og gassproduksjon og sette ein sluttdato.16
Det finst i dag ingen tekniske løysingar som kan redde klima viss vi held fram med stort forbruk av fossile brensel, men Erna er teknologioptimist og trur det skal ordne seg.
Å ikkje gjere noko med ein kritisk klimasituasjon, er grunnleggande uansvarleg og i strid med føre var- prinsippet og samfunnsoppdraget til regjeringa.
Vi kunne kanskje vere så «teknologiptimistiske» at vi lot olja ligge til komande generasjonar som kanskje kan finne ein betre bruk av fossile resursar enn berre å brenne dei opp?

Våre barn må ta ansvaret og rekninga for dagens feilslåtte klimapolitikk.
Dagens klimapolitikk inneber i praksis at vi overlet til våre barn og barnebarn å berge jorda frå klimakollaps. Våre etterkomarar må også ta rekninga for dei enorme kostnadane som følgjer med.
Rensing av atmosfæren for klimagassar er pr. dato ikkje teknisk og økonomisk mogleg og det vil uansett bli forferdeleg kostbart.
Komande generasjonar må også rekne med å bruke store summar på å forebygge og reparere klimaskader.

Regjeringa ignorerar advarslar frå forskarar og eigne fagfolk mot oljeboring i Arktis.
Naturvernforbundet har funne ut at regjeringa ignorerer alle (100%) advarslar frå Miljødirektoratet, Havforskningsinstituttet og Polarinstituttet i samband med oljeboring i Arktis.17

Vi borar i Arktis utan effektiv oljevernberedskap.
Noreg har delt ut leiteblokkere nær iskanten og langt  nord og øst i Barentshavet og i nær dei mest sårbare naturområda vi har.
Oljevernberedskapen i Arktis er svært mangelfull vil truleg ikkje fungere, i følgje Riksrevisjonen.18
Ved større oljeutslepp kan vi skade eller øydelegge natur og fugleliv og viktige oppvekstområder for norske fiskeresursar i Barentshavet og ved iskanten.

Det er politisk og moralsk havari når vi går inn for ein politikk som øydelegg jorda for komande generasjonar.
Heile samfunnet sin etikk, moral og lovverk bygger på at vi skal handle ansvarleg.
Vi er forplikta til å overlate jorda til våre barn i minst like god stand som vi fikk den.
Det er moralsk og politisk havari viss myndigheiter, politiske parti og enkeltmennesker går inn for ein politikk som vi veit vil øydelegge naturen, samfunnet og framtida.
Dei som med vitande og vilje går inn for ein politikk som kan føre til klimakatastrofe, er uskikka til å styre landet.

D: Norsk oljepolitikk er i praksis sabotasje av Parisavtalen og klima

Noreg vil ta opp det aller meste olje og gass på norsk sokkel.
FN seier at 75-80% av fossile ressursar må ligge ubrukt, men regjeringspartia, med støtte av Ap og Sp, deler likevel ut rekordmange oljelissensar, og vil tydelegvis ta opp det aller meste av olje og gass på norsk sokkel.
Viss alle land tar opp alle fossile ressursar, vil vi skape ei katastrofal global oppvarming innan få tiår.
James A. Hansen skreiv i eit ope brev til Erna Solberg i oktober 2016: «Norge virker fast bestemt på å sabotere Parisavtalen.»19

Fortsatt norsk oljesatsing er eit veddemål mot klimapolitiken.
Norge satsar på at verdsmarknaden vil kjøpe dyr norsk olje og gass i mange tiår etter 2030.
Dette forutset høg oljepris og stort forbruk av olje og gass globalt.
Vi planlegg altså for ein framtidig oljemarknad og ein klimasituasjon der klimapolitikken har feila.

Klimagassutsleppa frå eksportert olje og gass er 11 gonger så store som norske utslepp.
Ca. 90% av produsert olje og gass blir brent opp, og norsk olje-og gasseksport gir 11 gonger så mykje utslepp som samla norske innanlandske utslepp årleg.20

I 2050 skal verden vere karbonnøytral og ikkje sleppe ut CO2 og då er det heller ikkje plass til norsk olje og gass.
«Karbonnøytral» betyr at vi må rense all bruk av kull, olje og gass, eller vi må fjerne klimagassane frå atmosfæren.
FN har satt opp mange forskjellige scenario for energibruk og energimiks i 2050, og alle scenario inneheld mykje karbonfangst og lagring.
Når Norsk Olje og Gass seier at det «er plass til» 25% fossilt i energimiksen i 2050, underslår dei dette og nemner ikkje problema med karbonfangst og lagring.
Sal av olje og gass vil altså minke dramatisk fram mot 2050 og det er meiningslaust å tru at vi skal kunne ta opp alt på norsk sokkel fram mot 2070.

Karbonfangst og lagring (CCS) er ein del av løysinga, men kan ikkje redde klima åleine.
CCS kan brukast på store anlegg, men ikkje på forbrenningsmotorar i bilar osb.
Dei tekniske løysinga for å rense røyk frå industri og varmekraftverk er stort sett ubrukelege til å rense atmosfæren fordi atmosfæren inneheld mykje mindre CO2.
Den verdskjende professoren i energispørsmål, Vaclac Smil, seier at det aldri vil bli økonomisk mogleg å fjerne nok CO2 med CCS. (Carbon capture and storage).
Berre for å fange 1/10 (10%) av våre utslepp, må vi bygge ein industri som er like stor som dagens oljeindustri.21
Smil seier at det einaste som evt. kan nytte, er redusert forbruk av kull, olje og gass.

Noreg har ikkje «verdens reinaste olje»
Olje er aldri «rein», men mykje norsk olje er rel. lett.
Det varierer ein del frå felt til felt, men ein del olje frå midtausten er lettare enn norsk olje.
CO2-utsleppa frå brenning av oljen og gass er uansett like skadelege.
Over 90% av utsleppa kjem frå brenninga av olje og gass, og det har lita betydning om Noreg har litt mindre utslepp frå produksjonen enn andre.

Noreg investerer i miljøfarleg og skitten oljeproduksjon i andre land.
Statoil var inne i tjæresand i Canada i mange år.
Equinor kamuflerer naturøydelegging som «verdiskaping».
No satsar Equinor stort på fracking og skiferolje i USA. Det er verdens mest skadelege oljeproduksjon med store utslepp av miljøgifter og klimagassar.22
Equinor skal produsere  tung og skitten olje i Brasil.23
Equinore satsar på oljeboring i marine verneområder i Australiabukta til store protestar frå lokalsamfunn, fiskarar, urfolk og turistnæring.24

Equinor støttar oljelobby og klimafornektarar.
Equinor er medlem av American Pertoleum institute. Ein av dei største lobbyorganisasjonane  for fossilindustrien, og dei finansier klimafornektarar for å undergrave klimavitenskapen.25

Noreg satsar minimalt på fornybar energiproduksjon samanlikna med oljesatsing.
I 2019 skal det investerast over 170 milliardar på norsk sokkel.26
Regjeringa gir berre om lag 1 milliard til fornybar energi.27
Equinor brukte under 5% av investeringane på fornybar energi i 2018.28

Hydrogenproduksjon frå metangass gir ikkje «rein gass».
Norsk olje og gass har store planar om å produsere «rein gass», dvs. hydrogen frå metangass (naturgass).
Denne prosessen slepp ut mykje CO2 og krev karbonfangst og lagring (CCS), men Equinor har søkt om å sleppa CCS fordi det blir for dyrt.29
Då vil produksjon av hydrogen frå metan likevel sleppa ut store mengder CO2.

Vi kan produsere reint hydrogen med elektrolyse av vatn.
Vi har produsert hydrogen i 100 år i Noreg med elektrolyse av vatn, men dette blir nedprioritert til fordel for hydrogenproduksjon frå metangass fordi vi skal halde liv i oljenæringa så lenge som mogleg.
Ved Asko i Trondheim produserer dei hydrogen med solceller og elektrolyse og bruker hydrogen som drivstoff i lastebilane sine.
Denne teknologien er fleksibel, krev små transportkostnader, og nyttast globalt, men krev vidareutvikling og nasjonal satsing.30

Globale militære utslepp og utslepp frå internasjonal skipstrafikk og flytrafikk er ikkje med i klimarekneskapen.
Dette er store globale utslepp som ikkje blir rekna med i statistikken, så klimasituasjonen er verre enn det statistikken viser.
Vi har derfor dårlegare tid til å fase ut bruken av fossile ressursar enn det vi trur, og klimapolitikken er altfor lite offensiv.
Det finst for lite statistikk og forsking på dette, men oversikten over utsleppa frå US Army kan gi ein peikepinn.31

Kjelder
1Mer CO2 i atmosfæren enn på tre millioner år. Kristian Elster, NRK 14.05.2019
2Current concentration of CO2 last experienced 3-5 million years ago. Katie Johnson, Foresigt des. 2018.
3Karbonbudsjettet. Klimavakten, Energi og Klima 2.05.2019.
4Golfstrømmen kan bli tregere. Marianne Nordahl, Forskning.no,  26.06.2018.
5Svalbard kan i verste fall bli ti grader varmere. Rune N. Andreassen, NRK 4.02.2019.
6 Hvor Havner oljepengene? Øystein Noreng, Klassekampen 13.02.2019.
7Klimaendringer og havet. Miljøstatus, Miljødirektoratet 25.06.2019.
8Yngve Slyngstad, NRK Dagsnytt 18, 27.02.2019, 2 min. 48 sek. ut i programmet.
9Her er grafen som viser Norges enorme utfordring. Anders Fjellberg, Dagbladet 8.07.2019.
10Nordmenns karbonavtrykk. Besteforeldreaksjonen 24.08.2018.
11Klimamålene er avlyst. Jo Røed Skårderud, Klassekampen 10.11.2016.
12Veldig ambisiøst på veldig lang sikt. Andreas Slettholm, Aftenposten 7.07.2019.
13FN krever ekstreme tiltak: -Ingen vilje i statsbudsjettet. Iselin Elise Fjeld, NRK 8.10.2018.
14Halveis til COP25 – og en intakt klimaavtale. Kristina Frøberg, Forum for utvikling og miljø 3.07.2019.
15Forordning og reda på norske klimagassutslipp.” Eilif Ursin Reed, Cicero 30.04.2019.
16Høyres landsmøte 2019 blir holdt i en tid hvor Høyre opplever optimisme. Mehmet Kaan Inan, Høyre 13.03.2019.
17Regjeringen overkjører alle miljøråd ved oljeutlysninger. Naturvernforbundet, 22.01.2015.
18Riksrevisjonen: Oljevernutstyr er ikke dimensjonert for nordområdene. Arne Fenstad, Teknisk Ukeblad 22.02.2019.
19Norge virker fast bestemt på å sabotere Parisavtalen. James A. Hansen, Dagbladet 18.10.2016.
20Norges CO2 utslipp: På kollisjonskurs med Parisavtalen. Rapport nr. 5 2018,Norsk Klimastiftelse 11.10.2018.
21Verdenskjent professor til TV2: – Ser bare en løsning på klimakrisen. Gunnar Ringen Johansen m.fl., TV2
22Slik sminker de skiferolje. Emma Tollersrud, Klassekampen 26.11.2018.
23Det nye lykkelandet. Syed Ali Shahbaz Akhtar Klassekampen 18.05.2019.
24Flere tusen protesterer mot Equinors Australia-planer. Hans Jordheim, E24 4.03.2019.
25Klimatvil i oljeindustrien. Anne Karin Sæther, Agenda magasin 12.07.2019.
26Oljeselskapene forventer investeringer på 170 milliarder kroner i Norge i år. Ina Andersen, Teknisk Ukeblad 21.02.2019.
27Over en milliard til fornybar energi. Regjeringen pressemelding 8.10.2018.
28Equinor skiftet navn for å bli grønnere – men pengene kommer fra oljen. Alf Ole Ask, Aftenposten 6.02.2019.
29Tafatt av Equinor å utsette CO2 rensing av hydrogen. Ellen Synnøve Viseth, Teknisk Ukeblad 22.03.2019.
30Langt fram for den klimavenlege lastebilen. Nynorsk pressekontor 29.01.2019.
31Store utslipp fra militær aktivitet. Hans Martin Seip, Besteforeldreaksjonen 8.07.2019.

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!