Vart inspirert til å tenke grønt

liv lande 1
Vinnar Liv Lande vert av kampanjeleiar Gro Nylander spøkefullt smykka med to "medaljar", buttons med paragraf 112 og BKA-logo.

Besteforeldreaksjonens forbrukarkampanje er avslutta, og ein vinnar kåra og heidra. Det vart Liv Lande, som saman med mann og barn har late seg utfordre på dei fem B’ane: Bil, Billett, Biff, Bolig og Butikk. «For oss har FRI-FEBRUAR gitt eit inspirerande lite løft til å tenke miljø i store og små valg me tek i kvardagen. Det var morosamt og det gav ei positiv kjensle å vere med på eit slikt felles prosjekt», seier ho.

FRI-FEBRUAR vart omdøypt til Besteforeldrenes 5B-kampanje, då det viste seg at det for mange familiar passa betre å delta seinare på våren. – Eg las om kampanjen i Klassekampen, fortel Liv Lande som er i slutten av 40-åra og bur på Årvoll i Oslo med mann og to jenter på 12 og 15. Til dagleg jobbar ho i kultur- og informasjonsseksjonen ved Japans ambassade, og har også eit deltidsvikariat ved OsloMet i fleirkulturell musikk ved barnehagelærarutdanninga.

Premien mottok ho denne veka under ein uhøgtideleg seremoni på Det norske teateret med BKA sitt arbeidsutvalg til stades. Han besto av eit gåvekort pålydande togreise tur-retur Stockholm, noko vinnaren var strålende nøgd med. Ho har aldri besøkt den svenske hovudstaden! No vil ho fortelje om 5B-kampanjen på jobben sin ved OsloMet, og å fortsette sitt engasjement for klima, saman med familien.

Eg melde oss på sidan det var ei god sak og litt morosamt å prøve å skape eit grønt skifte i familien på denne måten. For oss gjekk det slik med dei fem stikkorda:

Bil: Me har elbil heime, så her hadde me eit miljøvenleg utgangspunkt. Til jobb brukar eg kollektivt, og jentene går til skulen og tek kollektivt (buss) til fritidsaktivitetar. Mannen min syklar på elsykkel til jobb, men i februar køyrde han elbil.

Billett: Me hadde ingen flyreiser i februar, og har tatt fleire tog-/buss-turar også i mars og april ved lange reiser. Unnataket er ein jobbtur til Bergen med fly i mars.

Biff: Eg har hatt lyst til å gå over til meir vegetarkost, og for å få familien min med meg, bestilte eg vegetar-familiekasse frå Adams matkasse i heile februar. Eg er ingen god kokk, og med dette kunne eg sikre at det blei gode, smakfulle vegetarrettar som familien min kunne like. Det gjekk ganske bra.

Bolig: I februar skrudde eg eit par grader ned på omnane i dei aller fleste romma i huset. Familien klaga ikkje noko på det…

Butikk: Når det gjeld handel utanom mat, huskar eg ikkje heilt korleis det gjekk. Me har ikkje kjøpt noko stort, men eg kan nok ha kjøpt klær til jentene og meg som eg såg som nyttig å ha.

Liv fortel at den yngste dottera har meldt seg seg inn i Miljøagentene, medan dei andre har teikna familiemedlemskap i Naturvernforbundet. – Eg trur mest vi er vortne litt hekta på dette! Forsøket vårt med FRI-FEBRUAR har i alle fall gitt idear til vidare valg – til dømes at me skal prøve «kjøpestopp» (eller kanskje kjøpereduksjon) over ein periode. Familien et meir vegetarmat no, og absolutt mindre kjøtt (særleg raudt). Kampanjen har også inspirert meg til å redusere flyreiser, å heller ta tog og buss når desse finst som alternativ.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Linda Rundquist Parr | 08.06.2019

    Denne kampanjen har vært vellykket med et positivt budskap om at alle kan gjøre litt. Av vinnerfamilien skjønner vi at det går litt sport i å bli mer klimavennlig. I går holdt jeg og Knut Bryn innlegg i Melsomvik for pensjonerte folkehøgskolelærere om klima og BKA. Da brukte jeg de fem B’ene som «knagger» på hva alle kan bidra med i hverdagen. Det var tydelig, også gjennom denne kampanjen, at folket er klart til å ta klimavennlige valg. Da ønsker vi politikerne velkomne etter i å gjøre det lettere å ta valg som gagner klima og miljø.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*