The strike is moving on …

Ola spiller gitar
Ola Dimmen har vore både musikklærar og gatesongar. Her er han heime i arbeidsrommet i Trondheim.

Å vere ute på gata og syngje og spele for å få fram bodskapen er det naturlegaste som finst, seier Ola Dimmen, musikalsk leiar og songskrivar for Besteforeldreaksjonen både heime i Trondheim og i heile landet. No har han skrive ein song til skulestreikande ungdom. – Skal vi vinne fram og nå våre mål, må kjenslene og kroppen med. Å syngje saman gjev samkjensle og pågangsmot. Det treng vi!

I sin nye song til skulestreikarane har Ola latt seg inspirere av folkesongaren Pete Seeger og hans «John Browns body». – Pete Seeger er eit førebilete for alle som er opptekne av song og musikk i samfunnskampen. Ikkje minst var han ein meister i å få folk til å syngje med. Alle kan syngje!

Tekst og melodi finn du på denne sida: Song og musikk i klimakampen. Sjå også videoen der han syng for oss og fortel litt om korleis han jobbar:

Inga folkerørsle utan song
Ola minner om at song og musikk har spelt ei viktig rolle i alle folkerørsler gjennom tidene, som t.d. lekmannsrørsla og arbeidarrørsla. – Dei fleste av songane mine er laga etter Vazelina-metoden: – ta ein kjend og populær melodi og sett til ein ny tekst. Det er ein fin gamal tradisjon, eigentleg. Og gitaren er det perfekte kompeinstrument.

– Eg har skaffa meg den største kassegitaren med den beste gromlyden eg kunne finne. Plekteret er skjært ut av en isboks. Dei ein får kjøpt, er ikkje kraftige nok når Besteforeldrenes rangleorkester dreg til!

Tekstane er viktige, dei må vere skikkelege og saklege, understreker Ola. – Kunnskap er grunnlaget for alt. Men kunnskapen må koplast til kjensler og verdiar. Sjølv har eg tru på folket, og på at vi skal vinne fram. Og i likheit med andre besteforeldreaktivistar er eg både begeistra og inspirert av den nye ungdomsrørsla.

«La Lofothavet leve, la Lofoten bli oljefri!» Under landsmøtet til Arbeidarpartiet i april, då ei mengd demonstrantar for eit oljefritt LoVeSe var samla på Youngstoget, var Ola med og sette mot i folk med fengjande allsong.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Bodvar Sonstad | 20.05.2019

    Flott Ola – Det svinger!

  2. María Mercedes BREKKE | 22.05.2019

    Veldig bra, Ola Dimmen!
    Takk for jobben ! Jeg håper det vil inspirere mange ungdommer til å synge sammen.

  3. Rolf Bjerke Larssen | 23.05.2019

    Takk!! Veldig flott at Ola får til å lage så godt sangbare låter med så meningsfulle og fokuserte tekster. Flotte våpen og verktøy i klima-kampen! Håper du få leve og synge lenge! 🙂 Mvh Rolf

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*