Enklare enn du trur

nytt blikkfangbilde bodvar
Avisa VALDRES 5. februar: Bli med å berge kloden! oppfordrar Bodvar Sonstad på Beitostølen. Foto: Bjørn Karsrud

Den siste klimarapporten frå FN viser at mykje kan gå gale om vi ikkje klarar å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader. Det kan bety katastrofe for vår sivilisasjon, seier Bodvar Sonstad til Avisa Valdres. Som frontfigur for Besteforeldreaksjonen oppfordrar den pensjonerte legen sine sambygdingar til å tenkje seg om og ta klimaval i kvardagen. Ikkje så vanskeleg som mange trur!

Annonse i «Valdresen»

Til «Valdresen» fortel Bodvar at 16 år gamle Greta Thunberg har vore ein stor inspirasjon. Plakaten han ber har eit sitat frå henne: «Løysinga er så enkel at ein femåring kan forstå det.»

Til oss seier han at det er klart det tek tid å endre kurs for samfunnsutviklinga og frigjere oss frå avhengigheita av fossilt drivstoff. Kranane kan ikkje stengjast over natta. – Men vi kan begynne og gjere noko i vår eigen kvardag, og det treng ikkje vere vanskeleg. For eksempel i matvegen, der dei fleste innser at vi no brukar for mykje kjøt. Det ville vere bra både for kloden vår og helsa vår om vi hadde eit meir plantebasert kosthald.

Det er dette Fri-Februar-kampanjen til Besteforeldrenes klimaaksjon handlar om: biff, bil, bolig, billett og butikk. Det er på ingen måte meininga å moralisere, men å vise mogleigheiter, seier Bodvar Sonstad. – Vi har forsking som viser at frivillige forbruksendringar er meir enn symboltiltak og kan vere ein viktig del av løysinga, både på kortare og lengre sikt. Sjå: Forbrukarar kuttar utslepp

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Steinar Winther Christensen | 08.02.2019

    Kjempebra, Bodvar!!!

  2. Linda Rundquist Parr | 08.02.2019

    Så enkelt kan det sies og gjøres. Bra oppslag i lokalavisa, bra løpeseddel og knallbra plakatvest. Det at alle kan gjøre litt, er et viktig budskap fra oss i BKA.

  3. María Mercedes Brekke | 16.02.2019

    Veldig bra innslag of flott plakat! Håper det vil inspirere mange mennesker!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*