Amerikanisering?

Klimasøksmål Arktis

Regjeringsadvokaten har kalla klimarettssaka for eit forsøk på «amerikanisering». Men retten til å prøva om forvaltningsvedtak er i strid med Grunnlova, har norske domstolar hatt sidan 1800-talet – til liks med USA. Det fortel jussprofessor og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen, i ein kronikk i dagens Klassekampen. «Grunngjevinga var at all maktutøving må kontrollerast, òg den demokratisk fundamenterte maktutøvinga.»

Eit demokratisk problem?

I samband med klimasøksmålet som er oppe for Oslo tingrett denne veka, har det vorte stilt spørsmål ved om domstolane skal styra norsk klimapolitikk. Svaret på det er: nei. Det har domstolane verken statsrettsleg eller fagleg kompetanse til. Men domstolane har kompetanse til å kontrollera om norsk miljøpolitikk vert forma ut innan dei rammene som Grunnlova set.

Dette kan norske domstolane gjera fordi dei har ein prøvingsrett. Det vil seia at domstolane, med Høgsterett i spissen, har ein generell rett til å prøva om lover og forvaltningsvedtak er i strid med Grunnlova.

Prøvingsretten var noko domstolane tok seg alt på byrjinga av 1800-talet. Grunngjevinga var at all maktutøving må kontrollerast, òg den demokratisk fundamenterte maktutøvinga. I løpet av 1800-talet vart prøvingsretten det ein kallar konstitusjonell sedvanerett, som vil seia at den fekk status som om den var grunnlovsfesta. Det vart den så endeleg i 2015.

Medan prøvingsretten var omstridd fram til andre verdskrigen, har den ikkje vore det etterpå. Dette skuldast mykje dei ekstreme erfaringane frå nazi-regimet i Tyskland, som viste at sjølv makt med eit demokratisk fundament må kontrollerast. Prøvingsretten, som ein til då nesten berre hadde hatt i USA og Noreg i den vestlege verda, vart langsamt utbreidd, og vi finn den i dag i dei fleste land.

Men det betyr ikkje at alt har vore berre fryd og gammen når det gjeld prøvingsretten i Noreg etter andre verdskrigen. For det har vore strid om kvar lista skal liggja for at domstolane prøver lov og forvaltningsvedtak opp mot Grunnlova.

Spørsmålet har kort fortalt vore om domstolane skal gjera ei kvar lov og eit kvart forvaltningsvedtak ugildt dersom dei finn det i strid med deira forståing av Grunnlova, eller om domstolane skal gje politikarar eit romsleg spelerom.

Det som talar for ei låg list for domstolsprøving, er at det gjev den einskilde borgar eit sterkt vern mot statleg maktutøving. Det som talar for ei høg list, er at det gjev rom for politisk styring av samfunnet.

Med grunnlovsrevisjonen i 2014 vart Grunnlova sin miljøparagraf formulert om. I § 112 står det i dag: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag.» I klimasøksmålet som er oppe for Oslo tingrett, er spørsmålet om ei tildeling av petroleumsutvinningsløyve i Barentshavet kan vera i strid med denne grunnlovsregelen.

Fyrst av alt må Oslo tingrett ta stilling til om § 112 er det ein kallar ein faneparagraf, eller ein bruksparagraf. Ein faneparagraf set berre opp eit mål som ikkje skal gje borgarane rettar. Heile føremålet med grunnlovsrevisjonen i 2014 var å gje Grunnlova ein vidare katalog med rettar som kunne handhevast i domstolane. Dette går tydeleg fram av forarbeida.

Viktigare er at Oslo tingrett må ta stilling til kvar lista skal liggja for å gjera ei lov eller eit forvaltningsvedtak ugildt fordi det er i strid med § 112. Er retten til eit «helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag» så sentral for borgarane at politikarane har avgrensa handlingsrom?

Det er eit ope spørsmål som vert avgjort av dei argumenta som vil verta framført i saka. Utviklinga i så ulike land som Nederland, Tyskland, Pakistan, Kina og New Zealand går i den retning. Men enn så lenge har ein stort sett berre underrettsavgjerder å halda seg til. Ein får fyrst vita kva den globale tendensen er når dei øvste domstolane i desse og andre land har handsama klimasøksmål.

Oslo tingrett kan sjølvsagt skriva ein dom i denne klimasaka der domstolen prøver å avgjera ein gong for alle kor lista for domstolsprøving mot § 112 skal liggja. Men det er heilt utenkjeleg. Dommarar er seg svært medviten at dei ikkje har demokratisk legitimitet, og har for lite informasjon til å formulera avgjerder som får store konsekvensar for kommande saker.

I staden er det truleg at dette klimasøksmålet vert avgjort gjennom ei ganske konkret avgjerd, som tek stilling til om tildelinga av desse ti petroleumsutvinningsløyva i Barentshavet er i strid med § 112 eller ei. Dersom Stortinget ikkje endrar miljøparagrafen i Grunnlova, vil denne saka gå inn som ein byggestein saman med seinare saker. Etter kvart vil domstolane føla at dei har ein indirekte demokratisk legitimitet og nok informasjon til å treffa meir generelle avgjerder.

Det er difor ingen grunn til å tru at dette klimasøksmålet for Oslo tingrett er det siste søksmålet av denne typen. Dette gjeld uansett utfall i saka. For om staten eller miljøorganisasjonane vinn, så har ein berre fått eit element som vert avgjerande for kva spelerom politikarane har i miljøpolitikken i høve til Grunnlova.

Er det ein rettsleggjering av politikken at domstolane no skal ta ei fyrste avgjerd om kvar lista skal liggja før dei kan prøva lov og forvaltningsvedtak på miljøpolitikken sitt område?

Rettsleggjering har i løpet av nokre år gått frå å vera ein merkelapp på eit samfunnsutvikling til å nesten verta eit skjellsord. Å karakterisera klimasøksmålet som rettsleggjering av miljøpolitikken, er dermed å skapa seg eit vinnande argument i saka. Men det er eit prokuratortriks.

At ein prøver viktige avgjerder innan miljøpolitikken sitt område, er ikkje ei rettsleggjering i seg sjølv. På 1970-talet var ekspropriasjonsretten i utvikling, og dermed handsama domstolar på alle nivå ein heil rekke saker om ekspropriasjon. Gjennom domstolshandsaminga fekk ein avgjort kvar lista skulle liggja i slike saker, og dermed forsvann dei ut av domstolssystemet. Det er ikkje grunn til å tru at det ikkje vil vera tilfellet med klimasøksmål.

Dersom politikarane meiner at domstolsprøving av lover og forvaltningsvedtak på miljøretten sitt område er uheldig, kan dei endra § 112 i Grunnlova. Dei kan enten ta ut heile regelen, eller dei kan formulera ein regel der lista for prøvinga vert klarare formulert. Så lenge dei ikkje gjer det, gjev dei indirekte domstolane demokratisk legitimitet til å halda fram med å byggja opp eit konstitusjonelt rammeverk for miljøpolitikken.

Ein skal òg ha i minnet at ei domstolsprøving ikkje berre kan reknast som ein kjepp i demokratiet sitt hjul, men som eit bidrag til det. Klimasøksmålet opnar opp dei verdival og dei faglege vurderingar som er gjort i samband med tildelinga av ti petroleumsutvinningsløyve i Barentshavet. Slik kan veljarane få auka innsikt i tema, og vert betre informert til neste gong dei skal gå til stemmeurnene.

(etter tillating frå forfattaren)

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Finn Bjørnar Lund | 15.11.2017

    Regjeringsadvokat Sejersted startet sine innlegg i klimasøksmålet i beste hersketeknikk-stil da han slengte ut karakteristikker om saksøkerne og en klimabevegelse med sosiale happenings og amerikanisering av politikk og jus(??). Underforstått er skillet mellom politikk og jus noe bare han forsto seg på. Han antydet sterkt at rettsaken var misbruk av domstolen i dette som er alle oss klimaengasjerte sin helt eksistensielle og dypt seriøse livsoppgave (sosiale arrangementer er helt avgjørende for oss når det gjelder å bygge mot og samle økonomiske midler til å greie en rettsak mot staten). Da er det godt å lese seriøs, analytisk juridisk ekspertise som sier hvor skapet skal stå av Jørn Øyrehagen Sunde.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*