– Dei gamblar med både klima og pengar

ElefantenirommetUT
Fotomontasje ved Ola Dimmen

Debatten går høgt om klima, og det vert snakka om regjeringskrise. Men mykje av dette er spel for galleriet, meiner Ola Dimmen i Besteforeldreaksjonen i Trondheim. – Partia kjempar om tiøringar ved bensinpumpene, det er nesten komisk. I mellomtida går planane om oljeboring i Arktis sin gang. Det stiller dei seg bak alle i hop. Slik eg ser det lukkar dei auga for både Paris-avtalen og FNs klimapanel og økonomisk risiko. Elefanten i rommet er økonomien. Oljesatsinga i Barentshavet kan medføre gigantiske, ulønsame feilinvesteringar og tap for fellesskapet. Dette er pengar som skulle vore brukt på omstilling for framtida. 

Ola-lillehammerSatsar på mislukka klimapolitikk
 – Eg skulle ynskje at Besteforeldreaksjonen gjorde dette til ein hovudsak i bidraget vårt til Klimavalgalliansen og klimavalkampen 2017. Det er ikkje godt forstått kva for eit økonomisk sjansespel dette er. Vi må spreie kunnskapen til organisasjonar, media, partimedlemmer, partiapparat, m.v. Og gjere informasjonen så tydeleg og aktuell at politikarar må svare og debattere dette! 

Heile Stortinget utanom SV og MDG vedtok å gå inn for 23. konsesjonsrunde, utan å vurdere situasjonen på nytt i lys av Paris-avtalen. FN har sagt at 70-80 prosent av alle kjende fossile ressursar må bli liggjande, medan Stortinget altså satsar på omfattande olje- og gassproduksjon i Barentshavet frå rundt 2030. Dvs inn i ein periode då forbruket av fossile ressursar må gå mot null. Eg kan ikkje skjøne anna enn at fleirtalet med dette satsar på at verda skal mislukkast i å stogge klimaendringane. Nye tal frå Cicero viser at vi har igjen 5 år med dagens forbruk før vi når 1,5 grader global oppvarming og 20 år før vi har nådd 2 grader.

Eit milliardsluk for fellesskapet
Svært gode støtteordningar og gunstig skattepolitikk gjer at staten betalar heile 90 prosent av investeringane i oljesektoren. Det var økonomisk greit nok med dei føresetnadene ein tidlegare hadde. Men oljeproduksjon i Barentshavet vil truleg aldri lønne seg. Produksjonskostnadene vil ligge rundt 80-90 dollar per fat. Ein oljepris under dette gir ingen profitt og ingen skatteinntekter til staten. Framtidig oljepris på verdsmarknaden vil truleg aldri overstige 60-65 dollar, meiner ekspertar.

Oljesatsinga i Barentshavet kan med andre ord medføre gigantiske, ulønsame feilinvesteringar. Det er rekna ut at vi risikerer å kaste bort 120 – 190 milliardar kroner totalt i 23 konsesjonsrunde. Dette utgjer over 30 000 kr. per person i Noreg over 20 år.

Vi må krevje at Stortinget stoppar overføringane til oljenæringa og brukar samfunnet sine pengar på å finansiere grøn omstilling og arbeidsplassar, klimavenleg infrastruktur, industriutvikling, forsking osv. Som klimaforskaren Eystein Jansen seier: «Vi må koble kapital og kunnskap for å få sving på norsk grønn teknologi og norsk industri, og investere i det som blir fremtidens vekstsektor.»  (Det globale grønne skiftet – Norge har ansvar, kunnskap og ressurser. Energi og Klima 20.06.2015)

I slagords form
Ola Dimmen har utarbeidd forslag til slagord og overskrifter til bruk på plakatar, løpesetlar osv.:

  • Stortinget driv eit veddemål mot barna og livsgrunnlaget på jorda.
  • Stortinget ser at klima går rett vest, men vil i det minste tene pengar på det.
  • Ein uansvarleg klimapolitikk kan øydelegge verdsøkonomien og oljefondet kan gå tapt.
  • Det blir ikkje arbeidsplassar i ein øydelagt økonomi.
  • Med øydelagt klima overlever verken norsk økonomi eller oljefondet.
  • Stans regjeringa/Stortinget/Ap/H osv sitt veddemål mot barna og livsgrunnlaget på jorda!
  • Stortinget ignorerer FNs klimapanel og Paris-avtalen, og framskyndar ei utvikling som kan føre til klimakatastrofe om nokre få tiår.
  • Vil vi tene pengar på ulykka til våre barn?
  • Grøn omstilling – ikkje øydelagt miljø og bortkasta pengar i Arktis!
  • Vil du at skattepengane dine skal bli kasta på havet i Arktis?
  • Vi vil ikkje betale for oljeboringa i Barentshavet! Bruk pengane til grøn omstilling!
Fotomontasje ved Ola Dimmen

Fotomontasje ved Ola Dimmen

Fotomontasje ved Ola Dimmen

Fotomontasje ved Ola Dimmen

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Gunnar Kvåle | 08.10.2016

    Eg gjev mi fulle støtte til det Ola Dimmen her skriv om at Besteforeldreaksjonen gjer dette til ei hovudsak i bidraget vårt til Klimavalgalliansen og klimavalkampen 2017!

  2. Christian F. Holst | 08.10.2016

    Ola Dimmen får frem Regjeringens og Stortingets manglende vilje til omstilling fra bruk av fosil energi til fornybar energi. Støtter fullt ut Ola når han sier Besteforeldrenes klimaaksjon nå må gjøre det vi kan for å opplyse om hva som reelt foregår. Det ser ut til at et godt klimatiltak er å få på plass en ny regjering fra 2017. Den »klimapolitikk» det nå legges opp kan bare omtales som i bestefall symbolpolitikk. Selv mener jeg den er direkte uansvarlig og et slag mot våre etterkommere.
    Stiller meg bak det Anders Ekeland skrev her for noen dager siden: Vi besteforeldre må bli politisk farligere. Min kjære Kristin Tveikra Aarø stiller seg også bak ovenstående.

  3. Steinar Høiback | 09.10.2016

    Enig og enig i det som Svein Tveitdal skriver i et innlegg 3.10.16 – vi må revitalisere klimavalgalliansen foran 2017 valget, vi må være tydelige, sinte og bestemte.
    Men det er også visse tegn som tyder på at fossilskuten er i ferd med å dreie, media synes å bli tydeligere, forskere blir tydeligere, og vi bør evne å dra nytte av dette sammen med andre likestilte organisasjoner som Greenpeace, Bellona, Natur og ungdom med flere.
    Det er dette som etter min mening bør være en stor del av alliansen, klimaalliansen for en fremtid for våre barn og kommende slekter.
    Jeg har stor sans for Morgenbladets artikkel, sist fredag tror jeg, med overskriften: Glem statsbudsjettet. Vi bør bruke utslippskonto i stedet for det evindelige statsbudsjettet. Argumentasjonen som bør brukes ved politiske forslag som ny veiplan eller lignende kan med fordel være: Hva vil dette bety for vår utslipp? Hvordan ser utslippskontoen ut?
    Klimavalgallianse 2017 nå, med en gang.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*