• EMNER:
  • PUBLISERT:
    søndag 10. nov 2013
  • AV:
    Redaksjonen

Berekraftig arkitektur, kva er det?

SundbyLandskapsarkitekt Trond Sundby arbeidar i planavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Som ung mann på 70-talet husker eg godt debatten om ny økonomisk verdsorden og nullvekstsamfunnet, seier han. Denne debatten forsvann nesten over natta då «jappetida» slo inn på 80-talet. I dag erkjenner likevel både styresmakter og folk flest trur eg, at vi er nødt til å endre både livsstil og teknologi for å oppretthalde eit leveleg klima og hindre rovdrift på naturressursane. Og heldigvis er det mykje vi kan gjere for å dreie livsstil og forbruk i eit meir berekraftig retning. Det finnast fleire gode døme.

Tiltak nr ein: Bygg i tre

Som planleggar tilsett i det offentlege er eg faktisk pålagt å leggje til grunn berekraftomgrepet i  alle saker vi legg fram for politikarane. Byggesektoren sløser i dag mykje med energien. Han er på mange vis ein klimaversting, og ansvarleg for ein stor del av CO2-utsleppa våre.

Skal vi få gjort noko med dette, må det for det først av alt leggjast til rette for langt meir bruk av tre. Skogen nyttar CO2 til å vokse og som karbonlager i bygningar. Auka bruk av tre både til små bustader og til større hus i tettstadane har eit enormt potensiale i seg dersom det vert utvikla ein god infrastruktur frå skog via sagbruk og tørke til ein massivtre-fabrikk. Til dømes vart dei nye bustadblokkene for studentane på universitet i Ås (UMB), bygd i massivtre. Men elementa vart importert frå ein fabrikk i Østerrike. Då mistar vi eit viktig miljø- og klimaargument.  

I Sverige har dei kome lenger med samarbeidet om verdikjeda frå trestamme til ferdig hus, så i Noreg vil det kanskje koste like mykje som eit konvensjonelt hus inntil dette er på plass. Derfor er det så viktig at vi får til ei brei satsing også i Noreg.

Berekraftig arealbruk

Med auka satsing på trevirke kjem vi ikkje unna at det er ein reell konflikt mellom det kommersielle skogbruket og naturvernet. Som Ås-utdanna landskapsarkitekt lærte eg at det som gjeld er rett vekst på rett plass. Omfattande planting av gran høyrer i alle fall ikkje heime her på Vestlandet. Men det gjeld å utnytte også denne ressursen på ein berekraftig måte.

Eit lokalt døme: TUN+

Bustadprosjektet TUN+ er bygd opp etter same lest som eit tradisjonelt vestlandsk klyngjetun. Slik kan eit miljøvenleg bustadtun på Lomelde nær Sogndal kome til å sjå ut.

Bustadprosjektet TUN+ er bygd opp etter same lest som eit tradisjonelt vestlandsk klyngjetun. Slik kan eit miljøvenleg bustadtun på Lomelde nær Sogndal kome til å sjå ut.

Tradisjonelle klyngjetun med ein moderne vri kan bli berekraftige framtidsbustader. Pilotprosjektet TUN+ i Sogndal er utvikla av høgskulen i samarbeid med fylkeskommunen. Vi ville  få fram berekraftig bustadbygging i strok med spreidd busetnad og typiske bygdemiljø.

Husa skal byggjast i massivtre med pustande veggar og naturleg ventilasjon som skal gje eit sunt inneklima. Dette er alternativ til dei tradisjonelle diffusjonstette husa vi byggjer i dag som føreset styrd ventilasjon som krev jamneleg vedlikhald. Naturbaserte vatn- og avløpsløysingar skal ta vare på landskapet. Det vert lagt opp til relativt små/arealeffektive einingar. Tunutforminga og nokre fellesfunksjonar skal leggje til rette for sosialt samvær, når det er ønskeleg.

Les meir om bustadprosjektet TUN+

Sjå også Norske arkitekters landsforbund: Framtidas bygder

Spre kunnskap –
del denne saken!

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*