Grøn næringsutvikling, kva tyder det?

HolmelidMDG lanserte under valkampen eit krav om 100 000 grøne arbeidsplasser. Men bedrifter må ha ein marknad, det vert ofte gløymt av klimaentusiastane, meiner Alf Holmelid frå SV. På Stortinget har han arbeidd mykje med næringspolitikk. Den internasjonale marknaden kan vi påverke gjennom forhandlingar og internasjonale organisasjonar. Men det er óg viktig å bygge opp ein heimemarknad for klima-  og miljøvennlege produkt. Offentleg sektor kjøper varer og tenester for 400 milliardar kvart år. I tillegg har vi bedrifter der staten er eigar. Her ligg det store moglegheiter for å vri både forbruk og produksjon i grøn retning.

Grøne avgifter og tilskot

Næringar som baserer seg på fornybare ressursar, blir gjerne rekna som grøne. Men det føreset berekraftig ressursforvaltning og optimal energibruk, samt omsyn til økosystem og naturmangfald, skriv Holmelid innleiingsvis i den lange og grundige artikkelen på bloggen sin.

 – For å vri det private forbruket i grøn retning må vi bruke avgiftssystemet slik vi gjer for elektriske bilar, og tilskotsordningar slik vi har gjennom ENOVA. Det er framleis eit potensiale for å satse sterkare på energiøkonomisering også i eksisterande bygg. Ei meir offensiv satsing vil skape ein større marknad med rom for standardløysingar og lågare kostnader. Skal vi få fart på omstillinga til grønt næringsliv, er det viktig å sjå næringspotensialet og eksportpotensialet når vi skal løyse våre eigne klimautfordringar

Mindre oljeavhengige

Det er lite truverdig å snakke om grøn næringsutvikling utan å kjøle ned oljeaktiviteten, meiner Holmelid. – Det er behov for ei brei omstilling av norsk næringsliv dersom vi skal få dei resultata vi treng. Vi må setje klare mål for gradvis å bli mindre oljeavhengige. Det er krevjande, men det er ingen veg utanom dersom vi skal skape rom for ei grøn næringsutvikling. Dernest må vi setje klima- og miljømål for næringslivet elles, samtidig som vi har fokus på korleis dei nye krava kan skape næringsutvikling. Stein Lier Hansen i Norsk industri har peika på at det er behov for å sjå på krav og tiltak bransjevis. Eg ser ikkje bort i frå at det kan bringe oss raskare og meir treffsikkert til målet enn generelle avgiftssystem åleine.

Les heile artikkelen til Alf Holmelid

 

Spre klimavett,
del denne saken!