Oljefritt matfat i nord

Folkemote-8.-september

Noreg må ta ein større del av ansvaret for å bremse den globale oppvarminga. Oljeplanar i Barentshavet må leggjast bort og ikkje forserast slik oljelobbyen vil. Dei evigvarande fiskeressursane er mykje viktigare. Det seier Ingunn Elstad frå BKA i ein kronikk i Nordnorsk debatt, før folkemøtet i Tromsø i dag om oljepolitikken og havet.

Kveldens møte om «Oljefat eller matfat?» vert arrangert av Besteforeldrenes klimaaksjon saman med Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. – Fossilalderen går mot slutten i heile verda, seier dei: «Krigen i Midtøsten har sendt etterspørselen og oljeprisene i været. Fossilstater som Norge satser på investeringer som skal holde oppe produksjonen når ressursene minker. Dette er farlig. Barentshavet er det området på kloden der oppvarmingen går raskest. Velkommen til folkemøte 8. september!»

I kronikken «Ikkje ny olje og gass i nord» skriv Ingunn Elstad mellom anna:
– Klimakatastrofane vil fortsette dersom ikkje dei fossile brennstoffa blir fasa ut. 75 prosent av dei globale klimautsleppa kjem frå brenninga av olje, gass og kol. Så langt i år har titusenar døydd berre her i Europa. Samfunn, natur og økonomiar er rasert. I vår, då skogbrannane skaut fart, slutta 57 land seg saman for å fase ut fossile brennstoff. Noreg var med, men forplikta seg ikkje.

– For ein stor fossileksportør som Noreg må det første og enklaste vere å slutte med olje- og gassleiting og utbygging av nye felt. Det var konklusjonen til det regjeringsoppnemnte Klimautvalget 2050. For skattebetalarane vil det vere ein fordel om leitinga tar slutt, sidan oljeselskapa har særordningar med 87 prosent skattefritak på investeringane. Staten tar det meste av risikoen.

– Barentshavet er uvanleg biologisk rikt. Det er oppvekstområde for fiskebestandane våre, og føresetnad for fisket langs kysten. Med god forvalting kan fisken vere ein varig matressurs. Samtidig går oppvarminga aller fortast i nord. Havet blir varmare, grønlandsisen smeltar og havstraumane er i ferd med å endre seg. Livet i havet er ekstra sårbart for nye, store inngrep, som seismikk, oljesøl og beslag av område.


Rolf Groven 1996. OLJE OG FISK II, fritt etter Gude.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*