
I dag har Besteforeldrenes streetband igjen vore ute i Trondheim, på sin faste plass på Nordre gate. – Vi brenn for framtida og barna og kan ikkje nøye oss med å appellere til intellektet, kjenslene må med, seier låtskrivar og bandleiar Ola Dimmen. Når han får følgje på gitaren av Oluf Dimitrie Røe på banjo-mandolin, vert det ekstra stas!
– Mange av oss tykkjer dette er veldig kjekt å vere med på, fortel Ola. – Det er oppløftande og samlande og gir energi for ei gruppe som ellers held på med eit dessverre nokså dystert tema. Ute på gata gjer det eit løft også for mange av dei forbipasserande, merkar vi.

Så flott – et skikkelig Street band😀
Dette er skikkelig flott!