
7. september er skaparverkets dag, og prest i Nidarosdomen, Andreas Hilmo Grandy-Teig, hadde invitert BKA til å delta i gudstenesta – og til å synge «Songen for barna». Songteksten var delt ut til meinigheita saman med salmeboka, og domkoret og organisten hadde øvd på førehand. Ein stor dag for besteforeldra i Trondheim!
– Det var litt knapt om tid, så vi fire frå BKA måtte synge utan noko øving på førehand, fortel songskrivar og korleiar Ola Dimmen. – Men trass i litt utakt, så gekk det greitt. Spesielt med tanke på at domkoret og organisten sto langt unna høgaltaret der vi sto. Kanskje kom gatetreninga vår til nytte – vi er jo vant til å stille opp utan øving og utan noko om og men. Andreas har flott stemme og er tidlegare medlem i guttekoret, så han var ei god støtte for oss. Og ei flott og gripande stund vart det!
– Skaparverkets dag er viktig, og under preika kom presten inn på dei lange kyrkjelege tradisjonane og dei mange stemmene i kyrkja som minner oss om ansvaret vi har for natur og miljø. Det vert berre meir og meir aktuelt, understreka han. Etterpå var det kyrkjekaffe, og BKA fikk dele ut materiell og info til alle som ville ha. Andreas nemnde dessutan BKA både i introen og i preika si. Tusen takk til han, til kantor Petra Bjørkhaug og Domkoret!

Storartet! Dette taler til hjerte og hode ❤️❤️❤️
Flott sang av Ola D.
God reklame for BKA i Nidarosdomen i dag!
Ola, Barbro, Gunn Kari og Jon var utmerkede forsangere. Etter hvert kom også resten i en godt besøkt kirke med. I tillegg en preken som det høvde seg på Skaperverkets dag.
For en flott forsangergruppe! Jeg ser at både tekst og melodi var av Ola Dimmen. Den var kjempefin, og blir sikkert en del av vår allsangtradisjon. Jeg har skrevet ut notene!
Tusen takk for en ny fin sang!