Fest med miljøbodskap

Olavsfest 2025
Foto: Gard Lien Kacknovich

Frå Trondheim vert det meldt om ei sterk opning av Olavsfestdagane, med det internasjonale kunstprosjektet «The Herd» – om konsekvensane som klimaendringane har for verdas dyreliv. BKA nytta òg høvet til å vise seg fram i folkehavet – og alle forstår bodskapen vår når så mykje god informasjon samstundes kjem frå scena.

Foto: Gard Lien Kacknovich

The Herd, flokken – med store pappfigurar som viser utrydningstrua dyr – strøymde inn på Vestfrontplassen og bodskapen vart både sterk og rørande når kraftfull samisk joik akkompagnerte innmarsjen.

Med miljøverdiar på dagsorden
Ola Dimmen, BKA Trondheim

På vestfrontplassen, framfor domkirka, skal det foregå samtaler heile uka. På opningsdagen fekk vi m.a. høyre Jens Ulltveit-Moe, Gina Gylver og Anne Sverdrup-Thygeson. Dette er jo folk med store kunnskapar og meiningar som er vel verd å høyre på – fordi dei alltid er godt begrunna. Også klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen prøvde så godt han kunne å kommentere på fakta og analyser som blei lagt fram. Eg kan ikkje snakke på vegne av andre enn meg sjølv, men for meg framsto ministeren nokso kraftlaus med oppramsing av kjende talepunkt. «Vi er godt i gang, det går rette vegen og så bortetter.» Dette heldt ikkje etter at Ulltveit-Moe hadde vist at det meste går altfor sakte, og Gina Gylver lista opp alt det regjeringa går inn for av faktiske klima- og naturøydeleggjande tiltak; oljeleiting, havbotnmineral, mm. Vi treng effektiv handling, ikkje innøvde talepunkt.

Men all ros til Olavsfest som set klima og naturkrisa på dagsorden! The Herd skal ha framsyningar i byen fleire dagar, så her må ein følgje med.

Ola Dimmen og Randi Avelsgaard. Foto: Gard Lien Kacknovich

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Lasse Heimdal | 29.07.2025

    Flott at vi var tilstede og markerte oss!

  2. Finn Bjørnar Lund | 29.07.2025

    Takk, gode BKAère i Trondheim

  3. Elisabeth Tveter Briseid | 01.08.2025

    Inspirerende både med The Herd og BKA på plass. Takk til dere i Tromdheim!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*