
I fleire år har Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms vore på plass under den populære Bakgårdsmarknaden i Harstad. Men denne gongen vart det brått slutt, etter at Equinor kom inn som «gullsponsor» her òg. – Dermed må vi trekke oss frå deltakinga, seier lokallagsleiar Ingunn Elstad. Vi kan ikkje vere med å grønvaske oljemakta.
Frå kronikk Nordnorsk debatt 23. juni:
Equinor er ikkje som alle andre sponsorar. Som kjent er bruken av fossile brennstoff den fremste årsaka til global oppvarming, og Equinor er eit av verdas rikaste oljeselskap. Olja og gassen frå norsk sokkel blir eksportert, og inntektene går i Oljefondet, som har interesser i Israels okkupasjon og krigføring.
For oss i BKA har Bakgårdsmarknaden vore eit flott tilbod. Vi har spreidd informasjon, diskutert med folk og fått nye medlemmar. Det har vore veldig triveleg, og vi har lært nytt. Vi trur på det å slutte seg saman. Det er kanskje det einaste som nyttar.
Equinor satsar på fest. I Hammerfest delte selskapet ut røde sjekkar med Equinor-logo til lokale organisasjonar. Det er slikt onkel Skrue gjer når han treng velvilje. Dei går inn med store sjekkar der frivillige jobbar gratis. Dei vil bygge merkevare, det vil seie kjøpe seg tillit. Du ser Equinor-logoen overalt.
Det ville lønt seg dersom tillit kunne kjøpast for pengar. Men varig tillit må ein gjere seg fortent til.
Lese kronikken til Ingunn Elstad i Nordnorsk debatt: Tillit kan ikkje kjøpast for pengar
Det er svært bra at BKA medlemmer ikke lar seg blende av makt og penger.Grønnvasking er en skitten affære.Vi i BKA er ikke små barn man klapper på hodet for å vise forståelse.