Olje- eller klimaforkjempar?

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    mandag 13. nov 2023
  • AV:
    Redaksjonen
JonasDubai
En statsminister med litt for mange hatter? Illustrasjon ved Ola Dimmen.

Kva rolle har Noreg tenkt å spele på klimatoppmøtet i Dubai? Dobbeltrolla som oljemagnat og klimaforkjempar vert jo stadig meir pinleg og umogleg, meiner Ola Dimmen, som har teke fram satirikaren i seg og sett saman eit portrett av ein Gahr Støre som ikkje heilt veit kva hatt han skal ha på seg. – Kva med ei BKA-lue denne gongen?

Dei mange hattane

Jonas oljesjeik var førstevalet mitt, seier Ola Dimmen. – Ein kan jo sjå at det er ein påfallande lik argumentasjon vi får høyre frå leiaren for COP28, Sultan Al Jaber, som òg er leiar for eit av verdas største oljeselskap, og det som kjem fra Jonas Gahr Støre:
– Vi har den reinaste olja, og det er vi som skal halde på lengst. Vi satsar på CCS og blått hydrogen som skal avkarbonisere olje og gass. Luftslott som blir altfor dyrt og som det ikkje finst nokre truverdige planar om.

Nisselua symboliserer norsk sjølvskryt. Norsk oljeverksemd er best i verda, sjølvsagt! Mens vi i realiteten er i verstingklassen når det gjeld klimagassutslepp. Sjå til dømes det dr. juris ved BI, Knut Bergo, skriv om dette: https://www.besteforeldreaksjonen.no/2023/07/norske-myter/

Kapitalisten med floss symboliserer alt Noreg har tent på energikrisa og krigen i Ukraina, og som fattige land har måtta betale tilsvarande dyrt for. Eit av dei store spørsmåla på COP28 blir kompensasjon og erstatning for tap og skade som følgje av global oppvarming. Noreg har pæng på bok, så kva seier vi?

Equinor-Jonas talar for seg sjølv. Oljestøtte ser ut til å vere ein integrert del av Jonas Gahr Støre sin tenking, noko som konstituterar han som politikartype, i det minste noko han har knytt seg sterkt til og har veldig vondt for å fri seg frå.

Jonas med BKA-hatt er tatt med for å vise at Jonas har ei anna side ved seg òg – som treng å bli vakt og stimulert. Vi hugsar enno det han sa på valnatta 2021: «Jeg så mine to barnebarn rett inn i øynene og lovet å gjøre alt som sto i min makt for å levere på klima.»

– Det er jo denne rolla vi vil sjå meir av! Men no har avstanden mellom røyndom og politikk blitt så stor at vår alles Jonas Gahr Støre risikerer å framstå som komiske Ali som presenterer alternative fakta. Alt dette fortener eit satirisk bilete, har eg tenkt. Skulle kanskje også hatt med Jonas som ror eller regjeringa som roklubb? For Noreg kjem til å fossro i Dubai når vi får internasjonalt søkelys mot oss!


Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Finn Bjørnar Lund | 15.11.2023

    Takk for ironien.
    Den passer ekstra godt nå når Regjeringa (klimaministeren?) har invitert med en stor delegasjon av folk fra oljebransjen til klimaforhandlingene om to uker. Hva slags rolle de skal ha der, kan man jo spørre. På COP 27 jobbet de hardt for å unngå støtte til nedfasing av olje- og gassproduksjon. Gjett om det er på oljelobbyens agenda i COP 28?

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*