Eit aktivt lokallag

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 22. mar 2023
  • AV:
    Redaksjonen
BKA trond 1
På plass utanfor konferansen på måndag.

Det årlege trønderske klimatoppmøtet gjekk av stabelen måndag i Trondheim. Adresseavisen og NTNU inviterte til debatt om dei store energiutfordringane med vindmøllene på Fosen som brennheitt tema. Politikarar, ordførarar og næringsliv var inviterte, medan det alltid påpasselege BKA-laget var på plass og delte ut løpesetlar.

Ola Dimmen fortel at det vart ein god debatt der ein fekk godt fram dei vanskelege vala vi står i med fornybar omstilling. NU-leiar Gina Gylver og samiske representantar gjorde som venta ein overbevisande innsats. BKA fekk ordet frå publikum og understreka at me har nok energi viss me nyttar jordvarme/sjøvarme i kombinasjon med sol, energieffektivisering og energisparing. Det er ikkje naudsynt å byggje ned og øydelegge meir urørt natur. Sjå innlegg i Adressa om same sak.

Vi var òg ute på laurdag med ei besteforeldre-markering på Nordre gate, slik vi plar. Under aksjonen fekk  vi hyggjeleg besøk av Unge Høgre som serverte bollar. Før Senterpartiets landsmøte i Trondheim, hadde me positiv kontakt med Senterungdommen i Trøndelag. Det verkar i det heile som om dei politiske ungdomspartia gjerne vil ha tips til nye idear og løysingar. Kanskje er dette eit eit fornuftig satsingsområde for informasjon og lobby frå BKA?


Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*