Endeleg landsmøte igjen!

Trondheim landsmøte 3

Besteforeldrene i Trondheim er glade for å kunne invitere til landsmøte laurdag 2 – søndag 3 oktober 2021. – Etter halvanna år med korona-restriksjonar og aktivitetstørke skal det bli herleg å møtast igjen utanfor skjermen, seier lokallagsleiar Ola Dimmen. Han lovar eit variert møte med god tid til det sosiale, i tillegg til alt det andre.

Går over to dagar

Programmet er nesten klart, og arrangementet går over to dagar. Vi må ha tid til å redigere innkomne forslag, og ynsker å sette av god tid til samtalar og meiningsutveksling.

Registrering er på laurdag, men dei som vil, må gjerne kome fredag. Då vert det byvandring og hyggeleg samvær om kvelden.

Vi har valgt Radison Blu Royal Garden som møtehotell. Alle må bestille rom sjølve på Booking.com eller direkte til hotellet, tlf. 73 80 30 00. Vi har ikkje reservert rom på førehand fordi prisen då  blir høgare. På Booking.com er prisen for dobbeltrom kr. 1125 pr. natt, og det er gratis avbestilling før 28. september 2021. Det er mao. lurt å bestille rom med ein gong sjølv om du ikkje er heilt sikker på at du skal på årsmøtet.

Royal Garden er eit av byens beste konferansehotell. Det er sentralt plassert ved Nidelva, og det ligg òg andre hotell i nærleiken. Hotellkapasiteten er vanlegvis god og, og prisane på dobbeltrom varierer frå ca. kr. 1000 – 1400.

Vi skal også prøve å tilby noko privat overnatting, men dette er ikkje klart enno. Så bestill rom på hotellet og evt. avbestill før fristen. Det er mogleg å søke BKA sentralt om støtte på inntil kr. 1200 til reisekostnader til årsmøtet.

Påmelding og informasjon

Vi ber om at påmelding skjer før 18. september. Bruk påmeldingsskjemaet på heimesida: https://www.besteforeldreaksjonen.no/events/event/trondheim-landsmote-bka

Her finn du eit førebels program for landsmøte inkl. årsmøte. Som ein vil sjå, har vi valgt å gjere barn og unge til hovudtema for møtet.

Alle opplysningar og alle sakspapir vert lagt ut på denne sida etter kvart som dei var ferdige.

Årsmøteavgifta på kr. 800 skal betalast ved påmelding, og dekker leige av lokaler, lunsj laurdag og søndag og drikke og småmat under møtet.

Festmiddagen laurdag kveld blir ein tre rettars middag til ca. kr. 560. Kvar enkelt betalar for dette direkte til hotellet.

I det siste har det vore mange flotte aksjonar og aktivitet i BKA, og vi vonar at vi no har kome over det verste med Covid-19 og at mange finn vegen til Trondheim.

Hjarteleg velkomne!

På vegner av BKA Trondheim og omegn
Ola Dimmen, lokallagsleiar

Velkommen til Trondheim og Nidelva.

 

 

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Gro Nylander | 24.06.2021

    Fint program. Me gler oss!

  2. Turid Sigmond | 01.07.2021

    Jeg har ingen tro på at karbonfangst er noen god idé når det gjelder utslipp fra oljeindustrien. Jeg mener også at man må slutte med oljeleting.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*