– Nok er nok for kloten

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    onsdag 13. mai 2020
  • AV:
    Redaksjonen
Dommen kloden
Illustrasjon: Ola Dimmen

Koronakrisa har gitt verda ei lenge tiltrengt pause frå spiralen av vekst og forbruk. Kan det bli byrjinga på ei kursendring når det gjeld vår utnytting av naturen? undrar Torgeir Garmo frå Lom. «Nok er nok for ein stressa klote», skriv han i eit innlegg i lokalavisa Fjuken. «Nå er det vi som må tilpasse våre liv til Jorda, eller kapitalismen som må tilpassast klimaet og naturens avgrensa ressursar.»

Sett frå utkanten
Øvst oppe i Gudbrandsdalen har Torgeir Garmo bygd opp det kjende steinsenteret sitt, og derifrå har han drive med miljøvern og økopolitikk heile sitt vaksne liv. Han er sjølvsagt medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon. «Men når ein bur ute i ein utkant er det ikkje så greitt å vera med på møte og aksjonar», skreiv han til oss tidlegare. Då delte han med oss nokre tankar ved inngongen til det nye året: «Enda eit år har vandra ut av våre liv. Håret tynnest og kroppen trøytnar fortare enn før. Dette er ikkje egentleg trist, berre Tidas jamne gonge gjennom ei æve vi eingong føddest inn i og som skal stå att etter oss når våre praktbygg er smuldrande sement på slettelandet.»

Les hans «Nyttårstankar frå Lom»

Lom sett frå Nonshø. Foto: Torgeir Garmo

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*