Regnskog-opprop frå Odda

ni kandidatar
God oppslutning om klimadebattmøtet i Odda 26. august, både frå politiske parti og publikum.

Førstekandidatar frå ni parti var på plass i Litteraturhuset i Odda i kveld, der Besteforeldrenes klimaaksjon arrangerte valdebatt om klimapolitikk i nye Ullensvang storkommune. Terje Kollbotn frå Raudt, veteran i Odda-politikken og medlem av Besteforeldreaksjonen, var den som overaska mest då han ville ha dei andre med på eit opprop med krav til regjeringa om å gjere meir for å redde regnskogen.

OPPROP TIL DEN NORSKE REGJERING:
AMAZONAS BRENN – REDD REGNSKOGEN!

Som førstekandidatar i nye Ullensvang kommune i Hardanger vil vi på det sterkaste oppmode regjeringa om å nytte alle midlar for å leggje press på Bolsonaro-regjeringa og norske selskap i Brasil for å hindre ytterlegare avskoging og skogbrannar i Amazonas, verdas lunge.

Regjeringa må avslå ein ny handelsavtale inntil Brasil har garantert dette.

Regjeringa må påleggje norske selskap  å sikre avskogingsfrie verdikjeder i Brasil.

Regjeringa må stø det sivile samfunnet og forskarar som i dag kjempar for framtida til Amazonas.

Toppkandidatane frå MDG, SV, Venstre og KrF skreiv under på staden, og Kollbotn har god von om å få med AP og SP – før klimastreiken som elevar frå Odda vidaregåande arrangerer på fredag. Han jobbar òg med Høgre, og trur det er mogleg å få dei med, også, fortel han. Oppropet er dessutan i ferd med å spreie seg til andre kommunar i Vestland fylke.

Emilie er elev ved Odda vidaregåande, og kunne fortelle dei over 60 frammøtte om klimastreiken som dei gjennomfører på fredag kl 12.30. – Då skal vi samlast på rådshustrappa, og der vil vi oppmode alle parti til å møte oss slik at vi kan stille dei spørsmål og få vite kva dei meiner om viktige klimaspørsmål som vi veit er avgjerande for framtida vår. Då er det klart at vi også tek opp den brennaktuelle saka om Amazonas og det flotte utspelet frå Terje Kollbotn. Det er slike politikarar vi unge vil ha!

Tidlegare på ettermiddagen hadde Besteforeldreaksjonen invitert Emilie og andre elevar frå vidaregåande skule til eit eige ungdomsmøte med den kjende og frittalande klimaforskaren Helge Drange, professor ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Helge Strandhagen | 01.09.2019

    Hurra for Terje Kolbotn og oppropet hans! Nå må BKA sentralt ta tak i saken og få med andre miljø- og solidaritetsorganisasjoner for å stoppe denne avtalen. Det er en skandale dersom Stortinget godkjenner denne avtalen mens Amasonas blir ødelagt !

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*