No Action – No Future

All-focus
Besteforeldrene i Bergen slutta opp om dei unge sitt initiativ 5 juni. Foto: Bjørghild des Bouvrie

«Stans klimaranet mot barn og ungdom» var overskrifta på demonstrasjonen som blei arrangert av «5. juni-rørsla for klima» på Torgallmenningen i Bergen i går på Verdas Miljødag. Det var Natur og Ungdom som, saman med mange andre ungdomsorganisasjonar, sto i spissen for demonstrasjonen. Aksjonen blir støtta av dei fleste politiske ungdomspartia i Bergen, og sjølvsagt også av oss i Besteforeldra sin klimaaksjon.

Tok opp tråden frå 1990
I 1990 var Europas miljøministrar samla på Hotell Norge i Bergen. Møtet var ein del av prosessen som skulle resultera i Kyoto-avtala frå 1997. Den 15. mai omringa 2000 ungdomar hotellet. Ungdomane nekta politikarane å sleppa ut frå hotellet før dei kom med ei liste over klimatiltak som kunne hindra vidare utsleppsauke. Dei demonstrerte under parolen «No action – no future». Politikarane slapp ut, men diverre utan klåre tiltak.

Ein hovudparole i demonstrasjonen no var den same som i 1990: «No Action – No future!». Ungdommane krev full stans i all oljeleiting og nedtrapping av oljeproduksjonen. Når me alt har funn meir enn me kan bruka er det uansvarleg politikk å leita etter meir. Dei krev satsing på grøne arbeidsplassar og berekraftig livskvalitet i staden for klimaskadeleg fossilbasert vekst.

Me i Besteforeldra sin klimaaksjonen støttar krava frå dei unge. Det må verta mykje dyrare å øydeleggja klimaet og meir lønsamt å leva miljøvennlig! Atskilleg sterkare tiltak må på plass for å skapa eit reelt grønt skifte. Kvart år med høge klimautslepp fører oss stadig nærare ei framtid me ikkje vil ha.

Foto: Bjørghild ders Bouvrie

Klimatrusselen er akutt
I staden for å handla mot ein trussel som var fullt mogleg å ta hand om i 1990, har globale klimautslepp stige med over 60 prosent sidan den gongen. I dag er klimatrusselen akutt, ikkje berre mot dyr og natur, men òg mot menneske. Noreg er eit av få rike land som har auka utsleppa. Politikken som vert ført, styrer oss mot ei global oppvarming på 3-4 gradar, dersom andre land ikkje tek langt større ansvar enn Noreg. Det er dei unge i dag og generasjonar framover, som må leva med konsekvensane av ein slik politikk, som let kortsiktig profitt vinna over langsiktig berekraft.

I løpet av det siste året har me opplevd mange døme på at klima er i ulage og fått ein forsmak på dei alvorlege klimaskadane me kan venta oss om ikkje utsleppa raskt blir kraftig redusert. Ved dagens oppvarming på rundt ein grad har me sett at klimarelatert ekstremvær med sterkare orkanar, flaum, ras og skogbrannar har ført til store materielle skadar og mange dødsfall, både i rike og fattige land. Klimaendringar som no bidrar til fint sumarver hjå oss, kan vera livsfarleg på andre breiddegrader.

Urolege for framtida
Frå bakgrunnsdokumentet for demonstrasjonen kjem det fram at dei unge er uroa av at Staten, til tross for dette, held fram med å pumpa opp olje som fyller atmosfæren med klimagass og av at mange av dagens vaksne fører ein ikkje berekraftig livsstil og handlar som om klimatrusselen ikkje eksisterer.

Ungdomane skriv: «Me er drivne av kjærleiken til vår verdifulle og vene planet, som menneske no er i ferd med å øydeleggja. Ein like sterk drivkraft er eit veksande raseri, mot politikarar, som vel vitande om konsekvensane, ikkje gjer det som må til for å stansa øydeleggingane. Vi kallar det eit ran av framtidsutsiktene våre. Ein naudsynt omstilling og full energirevolusjon på få år vil kosta og krev nye prioriteringar innan alle sektorar i samfunnet. Men gevinsten er eit betre miljø og betre livskvalitet. Konsekvensane av ikkje å handla kan derimot verta katastrofale.»

Gunnar Kvåle
Sentralstyremedlem i Besteforeldra sin klimaaksjon

Også i Trondheim vart Verdas Miljødag markert, som vanleg på fargerikt vis frå Besteforeldrenes rangleorkester.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*