Alvor og moro på klimafestival

fornøyd Trondheim
Moro på klimafestivalen i Trondheim i fjor. Foto: Anja Bache-Wiig Solberg

Årets lokale klimafestival i Trondheim vart avslutta 3. september, etter ei uke med mangfaldige aktivitetar for både born og vaksne. Alle miljøorganisasjonane i byen i tillegg til LO var med. Det er vi stolte av å få til, seier Kristin Ese frå lokallaget til Besteforeldreaksjonen. – Kvar dag hadde mange ulike arrangement frå hagebesøk til meir alvorlege informasjonsmøte om klimaendringane. Vi var stort sett innom dei fleste tema som berører klima, og tilbakemeldinga er at arrangementa var svært godt besøkte. Det er vel for tidleg å kalla dei ein tradisjon, etter berre to år, men eg har god tru på dette og synest det er ein fin måte å nå ut på.

Parkdagen
Vi starta i ausande regnver med rigging i E.C.Dahls park. Vergudane var diverre ikkje på vår side, og vi frykta det verste. Men regnet gav seg, og då alle telta var sett opo – og matbuffeten med kastemat kom i gang – kom også folk innom. Trass i at det skjedde svært mykje i Trondheim denne laurdagen var det rundt 500 innom oss. I fjor var det 1000, men då var det også strålande sol. Likevel vil vi hevda at dagen var velluka. Besteforeldreaksjonen hadde sjølvsagt stand i parken og var med på ulike aktivitetar.

Foto: Anja Bache-Wiig Solberg

Foto: Anja Bache-Wiig Solberg

Reparasjonsverkstad
Her samarbeidde fleire organisasjonar, og bak symaskinene sat fleire besteforeldre. To besteforeldre hadde kanskje det mest populære innslaget av alle, med båtverkstad for barn. Her laga ungane små og store båter av attvinningsmaterial. Opp av skorsteinane av kork steig ikkje røyk eller damp, men pålimte blomstrar (!) Dei små var ivrige og jobba i timesvis med båtane sine.

Foto: Anja Bache-Wiig Solberg

Foto: Anja Bache-Wiig Solberg

Allsong med Besteforeldra
Eitt av dei mange kulturelle innslaga var songgruppa til Besteforeldra. Ola Dimmen hadde trykt opp eit hefte med songar til «Allsang på iskanten», og ei gruppe på seks besteforeldre drog i gong allsong om klima og Arktis. Publikum song med og songane engasjerer og motiverer! Kanskje skulle Besteforeldreaksjonen ha eit felles songhefte der vi alle – i heile landet – kunne ta fram høvelege songar til ei kvar tid? Det er sikkert fleire songglade poetar i organisasjonen som kan bidra.

Utstilling av klimakort
Byåsen bibliotek, som deler lokale med ein vidaregåande skule og har svært mange besøkjande, sa seg villig til å husa ei utstilling av klimakorta til journalist Marte Skaara frå Bergen. Ho har i sommar sykla 2570 kilometer frå Nordkapp til Lindesnes og samla tankar og forslag til løysingar på klimakrisa frå folk ho har møtt undervegs. Små papirlappar som óg kan studerast på http://klimakortene.no Nina, vår dyktige organisator, sytte for at utstillinga kom på plass. Utstillinga vil stå ein heil månad og bli sett av svært mange, trur vi.

– Det er mykje arbeid å organisera
ein slik langvarig klimaaksjon eller festival, avsluttar Kristin Ese. Men vi samarbeider med mange og vi viser at vi står på, og det gir eit ekstra løft til den ellers «grå klimakampkvardagen».

Foto: Anja Bache-Wiig Solberg

Foto: Anja Bache-Wiig Solberg

 

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Oddbjørg Langset | 27.12.2016

    Kjekt å se Besteforeldrene i aksjon på klimafestivalen i Trondheim – og i det hele tatt et vel gjennomført festivalprogram! Alt for å bygge en sterkere folkelig opinion som presser fram klimagass-reduserende tiltak, hos alle.
    18.januar begynner vi i Molde med et elleve dagers klimafestival-program, så det blir spennende! Vi gleder oss til å bruke litt av Ola Dimmen sine klimasanger i barne-klimamusikalen vår. Vh Oddbjørg Langset i Molde.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*