Gjorde inntrykk på dei unge

Thelma Bømlo

Thelma Kraft i full aksjonsmundur som i Paris, foran elevar og andre tilhøyrarar ved Bømlo folkehøgskule. Foto: Nils-Tore Sele / Bømlo-Nytt

Engasjerte besteforeldre fekk liv i ungdomen då Bømlo folkeakademi arrangerte klimafestival 21. januar, skriv lokalavisa Bomø-Nytt. – Me synest at dette var kjempebra, seier Morten Forbord og Amalie Hammersland, som begge er elevar ved Bømlo folkehøgskule der over hundre frammøtte var komne for å høyre på foredraga til fylkesleiar i Besteforeldrenes klimaaksjon, Thelma Kraft og Gunnar Kvåle, professor emeritus i internasjonal helse ved UiB og sentral i norsk klimadebatt gjennom fleire år. Seinare på dagen var dei på folkebiblioteket, saman med blant andre ordførar Odd Harald Hovland og lokale kulturkrefter.

Sterk og klår appell
– Me er aktivistar for klimaet. Dette dreier seg om barnebarna våre og kva framtid dei skal få, sa Thelma Kraft i foredraget sitt. Difor treng me politikarar som vågar å gå inn for endring, som vil satsa grønt og berekraftig og som vil ta vare på ressursane me har.

Skuleelevane fekk óg høyre om dei norske besteforeldra si deltaking under «folkets klimatoppmøte» i Paris før jul. – Me marsjerte gjennom gatene i Paris med banner og song. Det var kort tid etter den forferdelege terroraksjonen, det prega jo alle. Men me vart utruleg godt mottekne av parisarane – dei møtte oss med smil om munnen og tårer i augo der me gjekk. Det var eit sterkt møte for begge partar, fortalde Kraft.

Ungdommane vart tydeleg gripne av den sterke appellen hennar, fortel Bømlo-Nytt. – Alle har godt av å bli minna på kor viktig det er å kjempa for klimaet, seier Amalie og Morten, som gjerne vil oppmoda sine eigne besteforeldre om å engasjera seg.

Sjå stor reportasje frå Klimafestivalen i Bømlo-Nytt:
http://www.bomlo-nytt.no/sterkt-engasjement-pa-klimafestival

Folkehøgskuleelevane Morten Forbord og Amalie Hammersland tykte vel om klimafestivalprogrammet som gjekk føre seg ved Bømlo folkehøgskule. Foto: Nils-Tore Sele / Bømlo-Nytt

Folkehøgskuleelevane Morten Forbord og Amalie Hammersland tykte vel om klimafestivalprogrammet som gjekk føre seg ved Bømlo folkehøgskule. Foto: Nils-Tore Sele / Bømlo-Nytt

 

">
Spre kunnskap –
del denne saken!

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*